St.prp. nr. 74 (2002-2003)

Om endringar i statsbudsjettet for 2003 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar mv.

Til innhaldsliste

2 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 3. juni 2003 blei Den norske lægeforening, staten, Kommunenes Sentralforbund og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for allmennlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2003 - 30. juni 2004.

Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 1,0 prosent frå 1. juli 2003. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskota blir auka med 25 prosent, eller om lag 90 mill. kroner på årsbasis. Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane, driftstilskota og fonda.

Mindreutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2003 er rekna til 15,0 mill. kroner, delt med ei mindreutgift på 35,0 mill. kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og ei meirutgift på 20,0 mill. kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseføretaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota, tilrår departementet at kap. 732 Regionale helseføretak postane 71-75 blir auka med 43 mill. kroner i alt.