St.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen i Tromsø kommune i Troms

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Ferja mellom Vikran og Larseng har ei overfartstid på 15 minutt. På dagtid er det to avgangar i timen. Ferja er ikkje i drift i tidsrommet mellom kl. 23 og kl. 6. Årsdøgntrafikken er i dag på 270 kjøretøy, der arbeids- og fritidsreiser mellom Malangshalvøya og Tromsø utgjer hovuddelen av trafikken.

Nærleiken til Tromsø sentrum (3 mil) gjer at det kan ventast ein auke i arbeidspendlinga etter at Ryaforbindelsen er bygd. I tillegg kan det påreknast ein auke i fritidsreiser til hytter og rekreasjonsområde på Malangshalvøya. Vegstandarden på Malangshalvøya og sørover er vesentleg lågare enn på stamvegen E8/E6. Det er ikkje venta at sambandet vil få større betydning for gjennomgangstrafikken mellom Tromsøområdet og Midt-Troms.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,2 km ny tofelts veg med vegbreidde 8,5 m, inkl. ein undersjøisk tunnel på 2,7 km. Tunnelen har maksimal stigning på 7,8 pst., og største djupn er 87 m under havet. Reisetida vil bli korta ned frå i gjennomsnitt ein halv time til under fem minutt. I tillegg vil den faktiske kjørelengda for dei fleste trafikantane bli litt kortare enn i dag då tunnelen er plassert på ein annan stad enn ferjesambandet.

Reguleringsplanen for prosjektet blei vedtatt av Tromsø kommunestyre 30. juni 2004. Kostnads­overslaget er 240 mill. 2007-kr, inkl. 4 mill. kr til bygging av bomstasjon. Omrekna til 2008-prisnivå blir kostnadsoverslaget 250 mill. kr. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag 110 mill. kr. Netto nytte over totale kost­nader (NN/K) er rekna til 0,4.

Figur 2.1 Detaljert oversiktskart

Figur 2.1 Detaljert oversiktskart

Figur 2.2 Oversiktskart

Figur 2.2 Oversiktskart