St.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen i Tromsø kommune i Troms

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

I 2007 hadde ferjesambandet ein årsdøgntrafikk på om lag 270 kjøretøy. Tunge kjøretøy utgjorde 4 pst. av trafikken. Det er venta at fastlandssambandet vil føre til vekst i både arbeidspendling og fritidsreiser, og det ligg føre planar for ytterlegare utbygging av fritidsbustader i Malangen. Det er følgjeleg lagt til grunn ein årsdøgntrafikk på 320 kjøretøy i opningsåret 2011, noko som inneber ein eingongsvekst på nærare 15 pst. Sambandet vil føre til at reisetida blir korta ned frå i gjennomsnitt ein halv time til under fem minutt. Det bli dessutan mogleg å ferdast etter kl. 23. Det er ikkje rekna med overført trafikk frå E8/E6.

Veksten i trafikken i ferjesambandet har etter 2000 vore på om lag 3 pst. pr. år. I finansieringsplanen for Ryaforbindelsen er det rekna med ein årleg trafikkvekst på 2 pst. frå trafikkopning i 2011 til og med 2019. Deretter er det lagt til grunn 1 pst. vekst. Dette er lågare enn den reelle trafikkveksten som har vore frå 2000, men noko høgare enn prognosane som er utarbeidde for Troms i samband med NTP 2010-2019. I vurderinga er det lagt vekt på nærleiken til Tromsø, som er eit område med stor vekst.