St.prp. nr. 76 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen i Tromsø kommune i Troms

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Det er planlagt å starte anleggsarbeida første halvår 2009, med fullføring våren 2011. Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

  • Innsparte ferjetilskot

  • Ordinære statlege midlar

  • Bompengar

  • Lokale tilskot – kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

5.1 Innsparte ferjetilskot

Det er lagt til grunn at innsparte ferjetilskot som følgje av dagens ferjesamband mellom Vikran og Larseng blir lagt ned, skal nyttast til å delfinansiere Ryaforbindelsen.

Dei årlege driftskostnadane for ferja utgjer i gjennomsnitt 10,3 mill. 2008-kr, basert på tilskotsrekneskapa for 2006 og 2007. Dei årlege inntektene var i gjennomsnitt på 4,5 mill. kr. Nedlegging av sambandet vil følgjeleg gi ei årleg innsparing i driftstilskotet på 5,8 mill. kr. Drifts- og vedlikehaldskostnadene i det nye sambandet er rekna til om lag 2,1 mill. kr pr. år, noko som inneber ei oppjustering etter den lokalpolitiske behandlinga. Basert på desse føresetnadene er det rekna med ei netto årleg innsparing i tilskot til drift av ferjesambandet på 3,7 mill. kr. Tilskotet skal berre prisjusterast for prisauke fram til forskotteringa skjer. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet på 55 mill. 2008-kr frå innsparte driftstilskot over ein 15-årsperiode.

Det skal leggjast til grunn 3,5 mill. 2003-kr pr. ferje i innsparte kapitalkostnader. Tilskotet skal prisjusterast med 2,5 pst. pr. år. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet på 59 mill. 2008-kr frå innsparte kapitalkostnader over ein 15-årsperiode.

5.2 Ordinære statlege midlar

I handlingsprogram/planleggingsprogram for øvrige riksvegar i Troms for perioden 2006-2015 er det lagt til grunn 46 mill. 2006-kr til rv 858 Ryaforbindelsen, fordelt med 22 mill. kr i første fireårsperiode og 24 mill. kr i siste seksårsperiode. I finansieringsplanen er det lagt opp til ei statleg løyving på til saman 57 mill. 2008-kr i 2009 og 2010.

Vegdirektoratet har informert Samferdselsdepartementet om at det i Statens vegvesen sitt budsjettforslag for Troms er foreslått 25 mill. kr til Ryaforbindelsen i 2009.

5.3 Bompengar

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar i ein ubemanna bomstasjon på Larseng på Kvaløya, jf. figur 2.1. Det er føresett innkrevjing i begge retningar. I tråd med dei lokale føresetnadene er det lagt til grunn ein bompengetakst på 90 2007-kr for både lette og tunge kjøretøy. Det er rekna med at 70 pst. av trafikken vil nytte rabattkort, då sambandet i hovudsak tener lokaltrafikken mellom Malangshalvøya og Tromsø. Dette vil gi ein gjennomsnittleg rabatt på 30 pst., noko som inneber ein gjennomsnittstakst på 63 2007-kr pr. køyretøy. I dag er ferjetaksten 55 kr for personbil og 23 kr for passasjerar. Dette gir ein gjennomsnittstakst på 75,70 kr pr. personbil (0,9 passasjerar pr. bil). Ein stor del av personbiltrafikken vil derfor få takstauke, medan tungtrafikken vil få ein vesentleg reduksjon. Tungtrafikken utgjer berre 4 pst. av totaltrafikken.

Med unntak av talet på takstgrupper er det lagt til grunn eit takst- og rabattsystem i tråd med gjeldande retningslinjer. Det er vidare føresett at bompengetaksten blir justert i samsvar med prisutviklinga.

Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i om lag 19 år. Innkrevjingsperioden blir såleis frå 2011-2030. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet å betale ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. I tråd med det som har vore lagt til grunn for fleire andre ferjeavløysingsprosjekt, tilrår Statens vegvesen at det blir akseptert å leggje til grunn om lag 19 års bompengeinnkrevjing for Ryaforbindelsen. Av omsyn til fylkeskommunen sitt garantiansvar, tilrår Statens vegvesen at høvet til å auke takstane og forlenge innkrevjingsperioden blir oppretthalde, sjølv om bompengeperioden blir forlenga.

Det er rekna med at bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på 144 mill. kr, fordelt med 54 mill. kr til å dekke delar av investeringskostnadene og 90 mill. kr til å dekke finansieringskostnader, inkl. kostnadene ved forskotteringa. I tillegg kjem om lag 29 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

5.4 Lokale tilskot – kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

Då ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei lagt om frå 1. april 2004, blei det innført ei ordning med kompensasjon til dei kommunane som blei råka av endringa. Kompensasjons­midlane (RDA-midlar) blir løyvde av Kommunal- og regionaldepartementet og forvalta av fylkeskommunen ved eit programstyre. Programstyret gav i 2005 ei løyving på 25 mill. kr til Ryaforbindelsen AS.

Ryaforbindelsen AS har søkt om meir RDA-midlar til prosjektet, men søknaden er enno ikkje behandla av programstyret. Følgjeleg er berre løyvinga på 25 mill. kr lagt inn i finansieringsplanen, men eventuelle ytterlegare midlar kan bli lagt inn seinare.

5.5 Forslag til finansieringsplan

Prosjektet er kostnadsrekna til 250 mill. kr, omrekna til 2008-prisnivå. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, er finansieringskostnadene, inkl. kostnadene ved forskotteringa, rekna til 90 mill. kr. Samla gir dette eit finansieringsbehov på 340 mill. 2008-kr. Finansieringsplanen som er lagt til grunn, er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Finansieringsplan

  Mill. 2008-kr
Forskottering - innspara statlege tilskot til drift av ferjesambandet 155
Forskottering - innspara statlege tilskot til kapitalkostnader for ei ferje59
Ordinære statlege midlar57
Bompengar 2144
Lokale tilskot – kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift25
Sum340

1 Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet.

2 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift.

I 2006 og 2007 er det til saman brukt 3,5 mill. kr til planlegging frå kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift. Det er venta eit forbruk på 25 mill. kr i 2008 som er føresett dekka gjennom 21,5 mill. kr i kompensasjonsmidlar og 3,5 mill. kr i lånfinansierte bompengar.

Eventuell kostnadsauke og/eller redusert inntening

Ein eventuell kostnadsauke er føresett dekka i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. For tidlegare vedtekne prosjekt der alternativ bruk av ferjetilskot inngår i finansieringsplanen, er det lagt til grunn at det berre er dei ordinære statlege midlane som skal reknast som statleg del i denne samanhengen. For Ryaforbindelsen, der det er føresett 57 mill. kr i ordinære statlege midlar, skal følgjeleg lokale styresmakter og/eller bompengeselskapet dekke 77 pst. av ein kostnadsauke på inntil 10 pst. Kostnadsauke ut over 10 pst. er føresett dekka innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Troms. I saksframlegget til lokale styremakter var innsparte ferjetilskot ved ein feil rekna som ordinære statlege midlar.

Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunne auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år. I tillegg vil ordninga med betinga refusjon bli nytta, jf. pkt. 5.7.

Eventuell kostnadsreduksjon og/eller auka inntening

Som for tidlegare vedtekne ferjeavløysingsprosjekt der alternativ bruk av ferjetilskot inngår i finansieringsplanen og innkrevjingsperioden ligg an til å bli lengre enn 15 år, er det lagt til grunn at eventuelle kostnadsreduksjonar skal bidra til å redusere innkrevjings­perioden. Dersom innkrevjingsperioden ligg an til å bli kortare enn 15 år, er det føresett at eventuelle innsparingar skal godskrivast post 72.

Auka inntening er føresett å bidra til å redusere bompengeperioden, uavhengig av om perioden med etterskots­innkrevjing vil bli over eller under 15 år.

5.6 Andre føresetnader for finansierings­planen

Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Betalande ÅDT på 320 kjøretøy i opningsåret 2011.

  • Årleg trafikkvekst på 2 pst. tom. 2019 og deretter 1 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader på 1,5 mill. kr.

  • Lånerente på 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning på 4,1 pst. frå 2007 til 2009, deretter 2,5 pst.

  • Utbetaling av innsparte ferjetilskot over 15 år utan kompensasjon for renter og prisstigning.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 19 år. Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før anleggstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i 10-15 år.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsauke på 10 pst.

  • Betalande ÅDT blir redusert til 280 kjøretøy i opningsåret.

  • Halvering av trafikkveksten.

  • Innkrevjingskostnadene blir auka med 50 pst.

  • Takstauke på 20 pst. etter 2 år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 33 år. Prosjektet let seg følgjeleg ikkje nedbetale innafor 24 år som er maksimal bompengeperiode. Dette viser at bompenge­inntektene er følsame for endringar i føresetnadene. I eit slikt tilfelle vil ordninga med betinga refusjon bli nytta, jf. pkt. 5.7. Med utbetaling til saman av 28 mill. kr i 2013 og 2014 er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 24 år.

5.7 Garantiar og betinga refusjon

Som det går fram av pkt. 3, har Balsfjord og Tromsø kommunar og Troms fylkeskommune fatta vedtak om garanti for eit bompengelån på til saman 50 mill. kr, fordelt med høvesvis 4 mill.kr, 21 mill.kr og 25 mill.kr. Fylkeskommunen har vidare akseptert at ordninga med betinga refusjon kan nyttast til dette prosjektet med inntil 28 mill. kr frå den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Troms i 2010 og 2011. Sidan prosjektet først blir opna for trafikk i 2011, er det ikkje aktuelt med betinga refusjon før tidlegast i 2013.

Dei kommunale garantiane er godkjende av Fylkesmannen i Troms. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet før anleggsstart. Garantien vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje er mogleg å handtere etter at takstane er auka med 20 pst., bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år og selskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen.