St.prp. nr. 8 (2005-2006)

Om fullmakt til å ta opp statslån mv.

Til innhaldsliste

5 Pleie av statspapirmarknaden

Finansdepartementet legg vekt på å sikre tilstrekkeleg likviditet i den norske marknaden for statskassevekslar og statsobligasjonar. Ein marknad har god likviditet når ein kan kjøpe og selje for eit vesentleg beløp i eit verdipapir på kort varsel utan at det har særleg effekt på marknadsprisen.

Investorane legg gjennomgåande vekt på visse om realisasjonsverdien av dei finansielle investeringar sine. Dersom andrehandsmarknaden for eit lån har god likviditet, kan investorane leggje til grunn at kursane i andrehandsmarknaden er ein god indikasjon på realisasjonsverdien. Dette vil dei normalt premiere med ein reduksjon i avkastningskravet. God likviditet krev mellom anna eit visst uteståande volum i kvart av låna. For å skape ein oversiktleg og likvid marknad konsentrerer staten opplåninga si om eit fåtal avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store volum.

Auksjonar av statskassevekslar og statsobligasjonar er opne for alle, og kvar enkelt bodgivar kan gi fleire bod. Bod må givast i heile millionar kroner. Kursen blir fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon eller einsprisauksjon. I ein slik auksjon vil alle som har gitt aksepterte bod, få tildelt obligasjonar eller vekslar til den lågaste aksepterte kursen. Statspapira har pålydande 1 000 kroner og kan kjøpast av alle gjennom verdipapirføretak og bankar. Omsetninga av papira skjer hovudsakleg direkte mellom kjøpar og seljar, og berre i nokon grad over børsen sitt elektroniske system for andrehandshandel og auksjonar.

For å fremje likviditeten i statspapirmarknaden har Noregs Bank på vegne av Finansdepartementet inngått avtalar med meklarar (såkalla primærhandlaravtalar). Desse avtalane sikrar at det til ei kvar tid blir stilt kjøps- og salskursar på Oslo Børs sitt elektroniske system for andrehandshandel for eit visst minstevolum i kvart av låna. Primærhandlaravtalane set maksimumsgrenser for skilnaden mellom kjøps- og salskursane. I tillegg til å stille prisar på Oslo Børs, stiller primærhandlarane på spørsmål prisar overfor kvarandre med større volum og mindre skilnad mellom kjøps- og salskursar. Den største delen av omsetninga i andrehandsmarknaden skjer på Oslo Børs sitt elektroniske handelssystem. All omsetning der ein medlem av Oslo Børs er part, blir rapportert i børsens handelssystem ved slutten av dagen. Primærhandlaravtalane gir også primærhandlarane tilgang til å ”låne” statspapir frå staten for ein kort periode ved bruk av gjenkjøpsavtalar (såkalla repo-tilgang). Lånetilgangen er med på å redusere risikoen primærhandlarane tek på seg, samstundes som han bidrar til ein betre fungerande marknad. Utnyttinga av reporammene gir ein god indikasjon på handelsaktivitet og etterspørsel i dei ulike låna. Ved evaluering av primærhandlarane ser Noregs Bank mellom anna på kor store delar dei har av omsetninga i første- og andrehandsmarknaden, og prøver å vurdere handlarane si evne til å plassere statspapira til nye kundegrupper.

Den norske stat har eit avgrensa lånebehov i forhold til mange andre statar, og uteståande volum av innanlandske statspapir er relativt lite. Dette har påverka både omsetninga og likviditeten i marknaden. Med unntak av ein viss vekst i 2002 og 2003 har det sidan 1997 vore ein trendmessig nedgang i omsetninga av norske statsobligasjonar. Nedgangen kan mellom anna ha samanheng med framveksten av alternative finansielle produkt. Det har også vore ein aukande kapitalmobilitet over landegrensene som har ført til at Oslo Børs møter aukande konkurranse frå utanlandske marknadsplassar som kan tilby fleire produkt, høgare omsetning og betre likviditet for aktørane i marknadene. Dei siste åra har statsobligasjonane stått for mellom 75 pst. og 85 pst. av omsetninga i den norske obligasjonsmarknaden, når ein ikkje tek omsyn til gjenkjøpsavtalar.

Også eigarsamansetjinga har innverknad på kor god likviditeten er i andrehandsmarknaden. Eigarsamensetinga av norske statspapir har endra seg sidan 1998, jf. figur 5.1. Den utanlandske eigardelen av norske statsobligasjonar auka frå 25 pst. ved utgangen av 1998 til vel 40 pst. i 3. kvartal 2005. Livsforsikringsselskapa og private pensjonskassar har også auka eigardelane sine i denne perioden. Til saman eide desse gruppene 80 pst. av statsobligasjonane ved utgangen av 3. kvartal 2005. Obligasjonar som desse gruppene eig blir ofte mindre omsette i marknaden. Ein vesentleg del av behaldninga til livsforsikringsselskapa ligg som anleggsmidlar i balansen deira, og blir derfor som regel ikkje omsett i marknaden.

Figur 5.1 Eigare av norske statsobligasjonar ved utgangen av året
 . Prosent

Figur 5.1 Eigare av norske statsobligasjonar ved utgangen av året . Prosent

1 Ved utgangen av 3. kvartal 2005

Kjelde: Verdipapirsentralen

Finansdepartementet vurderer jamleg saman med Noregs Bank tiltak som kan betre likviditeten i den norske statspapirmarknaden. Mellom anna vurderer ein om endringar i rettane og pliktene til primærhandlarane kan vere gunstige for marknadens funksjonsmåte. Eit element i dette kan vere å gi primærhandlarane einerett til å leggje inn bod i auksjonane. I tråd med praksis vil eventuelle vesentlege endringar som blir gjennomførte bli omtala i Lånefullmaktsproposisjonen.