St.prp. nr. 83 (2006-2007)

Om trygdeoppgjeret 2007

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2007

Dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2007 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar - særfrådrag

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får ho eller han eit særfrådrag i inntekta. I 2007 utgjer fullt særfrådrag 1 614 kroner per månad, dvs. 19 368 kroner for heile året. Skattytarar som etter fylte 67 år har teke ut alderspensjon etter § 19-6 i folketrygdlova, har òg rett til eit slikt særfrå­drag. Skattytarar mellom 67 og 70 år som ikkje har teke ut full alderspensjon, får særfrådraget avkorta. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekninga av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar - særfrådrag

Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16, tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2007 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 614 kroner per månad, dvs. 19 368 kroner for heile året. Er arbeidsevna nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrå­drag. I 2007 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 26 prosent av inntekta, men maksimalt 53 400 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønsinntekter på 36 prosent av inntekta, men maksimalt 63 800 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2007 er 3 prosent. Til samanlikning er trygdeavgift på lønsinntekt 7,8 prosent.

Særskild skatteavgrensingsregel

Det gjeld ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at pensjonistar mv. med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt. Denne regelen inneber at skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter reglane som er nemnde ovanfor, og som ikkje mottek tidsavgrensa uførestønad, ikkje skal betale skatt når nettoinntekta (allmenn inntekt minus minstefrådrag pluss ev. formuestillegg) er under 99 600 kroner for einslege og 163 300 kroner for ektepar. Ved utrekninga av nettoinntekta skal ein leggja til 1,5 prosent av nettoformue over 200 000 kroner.

Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta. Dette skjer ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 prosent av den allmenne inntekta som overstig dei skattefrie grensene. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gjev lågast skatt. Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Skatteavgrensingsregelen gjeld òg for skattytarar som har overgangsstønad, etterlatnepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP).