St.prp. nr. 85 (1998-99)

Om samtykke til ratifikasjon av FN-konvensjon av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing

Til innhaldsliste

2 Nærare om dei einskilde føresegnene i konvensjonen

Etter fortalentil konvensjonen er målet med han å styrke det internasjonale mellomstatlege samarbeidet mot terrorisme. Dette skal skje gjennom å opprette effektive og praktiske tiltak med sikte på å førebyggje terroriståtak med sprenglekam eller annan dødbringande innretning og å reise påtale mot og straffe gjerningsmennene.

Artikkel 1inneheld definisjonar av sentrale uttrykk som vert nytta i konvensjonen. Artikkelen definerer t.d. sprenglekam og annan dødbringande innretning, samt kvar den straffbare handlinga må finne stad for å verte råka av konvensjonen. Desse stadene er plukka ut fordi dei er rekna for å vere særleg utsette for terroriståtak og fordi åtak mot slike plassar nesten alltid er ei fare for livet og tryggleiken til uskuldige menneske. Konvensjonen omfattar berre åtak som er gjennomført med sprenglekam eller annan dødbringande innretning. «Dødbringande innretning» omfattar ikkje berre konvensjonelle eksplosiv, men òg kjemiske, biologiske og liknande substansar, samt kjelder for radioaktiv stråling. Terroriståtaka på undergrunnssystemet i Tokyo i 1995 ville såleis ha vore omfatta av konvensjonen, jamvel om det der vart brukt giftgass i staden for eksplosiv. Vidare definerer artikkelen kva som i denne konvensjonen meines med ein stat sine militære styrkar.

Artikkel 2avgjer kva for handlingar som vert omfatta av konvensjonen. Konvensjonen råkar levering, plassering, utløysing og detonering av sprenglekam eller annan dødbringande innretning på, i eller mot offentleg stad, eit statleg eller offentleg anlegg, offentleg transportsystem eller eit infrastrukturanlegg. Føremålet med handlinga må vera å valde død eller alvorleg lekamsskade eller omfattande øydeleggingar som kan leie til større økonomisk tap. Konvensjonen råkar forsettlege handlingar, forsøk og medverknad til slike handlingar, samt førebuande handlingar.

Artikkel 3slår fast at konvensjonen som hovudregel ikkje kjem i bruk på handlingar som har funne stad i ein stat når både den mistenkte og ofra er borgarar av denne staten og den mistenkte gjerningsmannen vert funnen på territoriet til vedkomande stat. At bruksområdet til konvensjonen er avgrensa til å gjelde handlingar som har tilknyting til meir enn ein stat er eit mønster som òg går att i dei andre antiterrorkonvensjonane. Unnatak frå denne hovudregelen gjeld føresegnene i artiklane 10-15 om gjensidig rettshjelp, utlevering og straffeforfølging, som gjeld så langt dei passar òg i desse høva.

Artikkel 4oppstiller ei plikt til å kriminalisere i nasjonal lovgjeving handlingar nemnt i artikkel 2 i konvensjonen og å fastsetje passande strafferammer for desse.

Artikkel 5slår fast at kriminelle handlingar som vert råka av konvensjonen ikkje under nokre omstende skal reknast for rettmessige ut frå politiske, filosofiske, ideologiske, rasemessige, etniske, religiøse eller liknande omsyn.

Artikkel 6inneheld reglar om plikt til å skaffe seg jurisdiksjon over dei handlingane som er straffbare etter konvensjonen. Artikkelen fastset kva for jurisdiksjon ein part har plikt til å opprette, samstundes som han avgjer kva for vilkår som må vere oppfylt for at parten skal kunne skaffe seg utvida jurisdiksjon.

Artikkel 7pålegg partane å treffe naudsynte åtgjerder på grunnlag av mottekne opplysningar for å undersøke om ein mistenkt gjerningsmann oppheld seg på staten sitt territorium og for å sikre at han eller ho vert verande der til spørsmålet om straffeforfølging eller utlevering er avgjort. Ein mistenkt har rett til å setje seg i samband med den staten han har nærast tilknyting til. Når ein stat har tatt ein person i forvaring etter denne artikkelen, skal dei partane som har oppretta jurisdiksjon etter artikkel 6 samt andre partar med tilknyting til saka underrettast.

Artikkel 8 pålegg staten der den mistenkte gjerningsmannen oppheld seg å take saka opp med dei rette styresmaktene utan uturvande opphald med sikte på straffeforfølging, dersom den/dei mistenkte ikkje vert utlevert.

Artikkel 9, 11 og 12inneheld føresegner om utlevering. Dei fastset at handlingar som fell inn under konvensjonen skal gjeve grunnlag for utlevering. I dei tilfella der ein part set som vilkår for utlevering at det ligg føre ein utleveringsavtale, kan parten no nytte denne konvensjonen som rettsleg grunnlag for utlevering. I høve til utlevering mellom konvensjonspartane skal alle brotsverk reknast for gjort ikkje berre der brotsverket faktisk har funne stad, men òg på territoria til dei statane som har oppretta jurisdiksjon i tråd med artikkel 6. Ein part kan ikkje nekte utlevering for slike handlingar åleine ved å vise til at dei lovbrota det gjeld er politiske. Ein part har inga plikt til å utlevere eller gje rettsleg hjelp til ein annan part når det er god grunn til å tru at føremålet med oppmodinga om utlevering er å reise påtale mot eller straffe ein person på grunn av til dømes rase, religion eller politiske meiningar. Det same gjeld dersom vedkomande person av ein av desse årsakene vil kome i ei vanskeleg stilling i tilfelle utlevering.

Utleveringsføresegnene og forbodet mot å nekte utlevering ved å vise til at det gjeld politiske lovbrot vart diskutert under arbeidet med konvensjonsteksten. Noreg støtta eit svensk forslag om at det skulle vere høve til å take atterhald mot eit forbod slik som etter Den europeiske konvensjon av 27. januar 1977 om kamp mot terrorisme. Dette hang saman med at framstillinga av dei straffbare handlingane i dei tidlegare konvensjonsutkasta var særs vidt formulert, samt at det neppe var heimel i norsk lovgjeving for ei føresegn som utelukka å definere ei rekke lovbrot som politiske. Det lukkast ikkje å få inn eit slikt høve til å take atterhald, men til gjengjeld vart omtalen av dei straffbare handlingane gjort snevrare og meir presise samanlikna med dei tidlegare utkasta. Det vart difor i praksis mindre grunn til å take atterhald.

Artikkel 10inneheld føresegner om gjensidig rettshjelp. Alle statane som er partar i konvensjonen skal gje kvarandre så god hjelp som råd er i samband med etterforsking av handlingar som vert råka av konvensjonen og i samband med straffesaker og utvisingssaker mot nokon som er mistenkt for å ha gjort seg skuldig i eit slikt brotsverk. All hjelp skal gjevast i samsvar med andre plikter parten har etter folkeretten og sin eigen nasjonale rett.

Artikkel 13 inneheld føresegner om overføring av ein person som sit i forvaring i ein konvensjonsstat til ein annan konvensjonsstat i samband med bevisopptak i den sistnemnde staten, når bevisopptaket heng saman med etterforsking eller straffeforfølging av brotsverk som vert råka av konvensjonen. Slik overføring kan etter konvensjonen berre finne stad dersom den som sit i forvaring gjev sitt medvitne samtykke etter at han er blitt informert om verknadene, og statane seg imellom vert samde om vilkåra for overføring. Etter artikkel 13 nr. 2 (d) skal tida ein person som er i ein annan stat si varetekt etter denne føresegna trekkast frå i ei eventuell straff han sonar i den staten han vart send frå.

Artikkel 14 slår fast at alle personar som vert sett i varetekt eller som vert straffeforfølgd etter konvensjonen skal sikrast ei rettferdig handsaming og ein rettargang i samsvar med den lovgjevinga som gjeld i staten og dei internasjonale pliktene han har teke på seg, herunder folkeretten sine reglar om menneskerettane.

Artikkel 15 pålegg partane å samarbeide for å hindre handlingar som vert råka av konvensjonen. Dette inneber mellom anna å motarbeide førebuingar til terrorhandlingar på eige og andre statar sitt territorium gjennom om naudsynt å forby handlingar som oppmodar til, legg tilhøva til rette for eller medverkar til å gjennomføre handlingar som fell inn under konvensjonens artikkel 2. Vidare skal partane utveksle nøyaktige og verifiserte opplysningar i samsvar med det nasjonale lovverket på området.

Artikkel 16 pålegg ein part som straffeforfølgjer ein mistenkt gjerningsmann å melde frå om det endelege resultatet av rettsforhandlingane til Generalsekretæren i FN. Slik melding skal sendast i samsvar med nasjonal lovgjeving. Generalsekretæren underrettar dei øvrige konvensjonspartane.

Artikkel 17 pålegg partane å oppfylle konvensjonspliktene sine på ein måte som er i tråd med prinsippa om statane sin suverene likskap og deira territorielle integritet, og med prinsippet om ikkje-innblanding i andre statar sine indre tilhøve.

Artikkel 18slår fast at konvensjonen ikkje gjev ein part rett til å utøve, på ein annan part sitt territorium, jurisdiksjon eller funksjonar som utelukkande er lagt til den andre parten sine styresmakter etter sistnemnde si interne lovgjeving.

Artikkel 19fastset høvet til andre folkerettslege plikter. Konvensjonen grip ikkje inn i andre rettar og plikter eller anna ansvar som statar og personar har etter folkeretten. Særleg gjeld dette føremåla og prinsippa i FN-pakta og internasjonal humanitær rett. Vidare presiserer artikkelen at verksemd utøvd av væpna styrkar i konflikt, slik desse uttrykka vert forstått i internasjonal humanitær rett, ikkje skal vere omfatta av konvensjonen i den mon dei er regulert av andre folkerettslege reglar. Det same gjeld verksemd som vert drive av dei militære styrkane i ein stat i samband med at dei utfører offisielle oppgåver. Dette sikrar at konvensjonen ikkje kjem i bruk på handlingar som er knytte til vanleg militær verksemd eller til dømes fredsbevarande operasjonar. Tilhøvet mellom konvensjonen og militær verksemd var gjenstand for omfattande drøftingar under forhandlingane. Eit fåtal statar, særleg USA, ønskte at konvensjonen skulle gjere eit vidt unnatak for militær verksemd. Dette vart likevel ikkje resultatet, ettersom dei fleste statane meinte at unnataket for dei væpna styrkane måtte gjerast avgrensa for å hindre at det vart misbrukt. Det vart oppnådd semje om at konvensjonen ikkje skal regulere dei militære styrkane sine handlingar i væpna konflikt, og heller ikkje aktivitetar som dei militære styrkane til ein stat utøver i fredstid i samband med at dei utfører sine offisielle oppgåver i den mon desse oppgåvene vert styrt av andre folkerettslege reglar. Denne avgrensinga av konvensjonen sitt virkeområde inneber ikkje ei legalisering av elles ulovlege handlingar og utelukkar ikkje straffeforfølging på anna grunnlag.

Artikkel 20inneheld reglar om tvisteløysing. Alle tvistar om tolkinga eller bruken av konvensjonen skal, dersom partane ikkje vert samde gjennom forhandlingar, kunne sendast til løysing ved valdgift dersom ein av partane ber om det. Vert ikkje partane samde om organiseringa av valdgifta innan seks månader, kan kvar av dei bringe tvisten inn for den internasjonale domstolen i Haag. Partane kan take atterhald mot denne artikkelen. Noreg arbeider tradisjonelt for å styrke den internasjonale domstolen i Haag, og etter Utanriksdepartementet si meining bør Noreg difor ikkje take atterhald.

Artikkel 21seier at partane må ratifisere, godtake eller godkjenne konvensjonen.

Etter artikkel 22trer konvensjonen i kraft den trettiande dagen etter at den 22. staten har deponert ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingdokumentet sitt hos generalsekretæren i FN.

Artikkel 23inneheld reglar om oppseiing av konvensjonen. Konvensjonen kan kva tid som helst seiast opp ved skriftleg underretning til generalsekretæren i FN. Oppseiinga får verknad eitt år etter at ho er motteke av generalsekretæren.

Artikkel 24opplyser at konvensjonen sitt originalspråk er arabisk, engelsk, fransk, russisk og spansk. Alle tekstane er like gyldige, og dei er deponert hos generalsekretæren.

Til forsida