St.prp. nr. 85 (1999-2000)

Om samtykke til tiltreding til Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar

Til innhaldsliste

3 Merknader til dei einskilde føresegnene i konvensjonen

Konvensjonen har ei fortale og 21 artiklar, og eit vedlegg.

I fortala blir det vist til dei skadane som den ulovlege handelen med kulturgjenstandar fører til, og til at konvensjonen har til føremål å lette restitusjon og retur av slike gjenstandar. Konvensjonen inneheld minimumsreglar om restitusjon og retur av kulturgjenstandar. Fortala inneheld ein tolkingsregel som seier at innføring av visse ordningar, til dømes skadebot, som i visse statar er naudsynte for å kunne sikre restitusjon og retur, ikkje treng innførast i andre statar.

Kapittel I fastset verkeområdet til konvensjonen og definisjon av kva som skal reknast for kulturgjenstand i denne samanhengen.

Artikkel 1 slår fast at konvensjonen gjeld internasjonal tilbakeføring av kulturgjenstandar, som enten er stolne eller fjerna frå territoriet til ein stat i strid med lovgjevinga i denne staten.

Artikkel 2 inneheld ein definisjon av kva som blir rekna som kulturgjenstandar i konvensjonen. Kulturgjenstandar er gjenstandar som av religiøse eller ikkje-religiøse årsaker har arkeologisk, førhistorisk, historisk, litterær, kunstnerisk eller vitskapeleg verdi, og som høyrer til ein av dei kategoriane som er førde opp i vedlegget til konvensjonen.

Kapittel II i konvensjonen gjeld restitusjon av stolne kulturminner.

Artikkel 3 inneheld hovudregelen i konvensjonen om at den som har ein stolen kulturgjenstand, skal levere han tilbake. Ein kulturgjenstand som er utgraven skal òg reknast som stolen i visse situasjonar, dersom dette er i samsvar med lovgjevinga i staten der utgravinga fann stad. Artikkel 3 nr. 3 inneheld fristar om forelding av krav om restitusjon av stolne kulturgjenstandar. Eit krav skal setjast fram innan tre år frå det tidspunktet den som fremmer kravet, fekk kjennskap til kor gjenstanden var, og til kven som hadde han. I alle tilfelle må krav setjast fram innan femti år frå tjuveriet fann stad.

Etter artikkel 3 nr. 4 skal fristen for forelding av tilbakeføring av kulturgjenstandar som utgjer ein integrert del av eit identifisert minnesmerke eller ein arkeologisk lokalitet, eller som tilhøyrer ei offentleg samling, ikkje vere underlagd ein annan frist for forelding enn tre år.

Etter artikkel 3 nr. 5 kan kvar konvensjonsstat utan omsyn til artikkel 3 nr. 4 erklære at eit krav blir forelda etter 75 år eller eventuelt etter eit lengre tidsrom fastsett i lovgjevinga til denne staten. Artikkel 3 nr. 7 definerer uttrykket «offentleg samling».

Etter artikkel 3 nr. 8 skal krav om restitusjon av ein heilag eller lokalt viktig kulturgjenstand som tilhøyrer og er i bruk i eit stammesamfunn eller urfolksamfunn i ein konvensjonsstat, som er ein del av tradisjonar eller ritual i dette samfunnet, ha same frist for forelding som offentlege samlingar.

Artikkel 4 fastset at den som har ein stolen kulturgjenstand, og som må levere han tilbake, skal ha rett til ei rimeleg og rettferdig skadebot, dersom han då han skaffa seg gjenstanden verken visste eller rimeleg burde ha visst at gjenstanden var stolen. Ein skal prøve å få den som overdrog gjenstanden, eller einkvar annan som tidlegare har overdrege han, til å betale skadebot.

Kapittel III i konvensjonen gjeld retur av ulovleg utførte kulturminne.

Artikkel 5 fastset at ein konvensjonsstat kan be styresmaktene i ein annan konvensjonsstat om å gje pålegg om tilbakelevering av ein ulovleg utført kulturgjenstand. Ei oppmoding om tilbakelevering skal fremmast innan tre år frå det tidspunktet då den oppmodande staten fekk kjennskap til kor kulturgjenstanden var og kven som sat med han. Absolutt frist for forelding er femti år frå datoen for utføring eller frå den datoen då gjenstanden skulle ha vore sendt tilbake i samsvar med særskilt løyve.

Av artikkel 6 går det fram at den som har ein ulovleg utført kulturgjenstand skal ha rett til ei rettferdig og rimeleg skadebot frå den oppmodande staten, under føresetnad av at vedkomande då han skaffa seg gjenstanden verken visste eller rimeleg burde ha visst at gjenstanden var ulovleg utførd. I vurderinga av aktsemda skal det takast omsyn til alle omstende rundt skaffinga, medrekna om løyve til utførsle mangla. Som alternativ til skadebot kan det fastsetjast at den som skal levere gjenstanden tilbake, kan halde fram med å vere eigar. Ein føresetnad for dette er at den oppmodande staten samtykkjer. Utgiftene i samband med tilbakelevering av kulturgjenstandar skal berast av den oppmodande staten.

Artikkel 7 fastset at tilbakeføring ikkje kan skje dersom utførselen ikkje lenger er ulovleg på tidspunktet for oppmoding om tilbakelevering. Dette gjeld også der gjenstanden blei utførd mens den som laga han var i live, eller innan femti år etter vedkomandes død. Unntaket er grunna i opphavsretten og retten for kunstnarar til å selje eigne kunstverk.

Kapittel IV inneheld alminnelege føresegner.

Etter artikkel 8 skal krav og oppmodingar etter konvensjonen fremmast for domstolane eller andre kompetente styresmakter i konvensjonsstaten der kulturgjenstanden er, og for dei domstolane eller andre kompetente styresmakter som elles har domsmakt etter gjeldande reglar i konvensjonsstatane. Partane kan bli samde om å vise tvisten til annan domstol med domsmakt eller annan kompetent styresmakt, eller til skilsdom. Utan omsyn til kor kravet eller oppmodinga blir fremma, kan det treffast mellombels tiltak, medrekna mellombels avgjerd av domstolen.

Artikkel 9 fastset at konvensjonen ikkje hindrar konvensjonsstatene frå å bruke reglar som er gunstigare for tilbakeføring enn dei som er fastsette i konvensjonen. Ein konvensjonsstat pliktar ikkje å godta eller fullbyrde ei avgjerd av ein domstol eller anna kompetent styresmakt i ein annan konvensjonsstat når ho vik frå føresegnene i denne konvensjonen. Når det gjeld tilbakeverkande kraft, heiter det at føresegnene bare kjem i bruk på kulturgjenstandar som er stolne etter at konvensjonen har teke til å gjelde for staten der kravet blir fremma. Dette er under føresetnad av at gjenstanden blei stolen frå territoriet til ein konvensjonsstat etter at konvensjonen tok til å gjelde for denne staten, eller at gjenstanden var i konvensjonsstaten etter same tidspunktet.

Etter artikkel 10 får føresegnene bare verknad for kulturgjenstandar som er ulovleg utførde etter at konvensjonen tok til å gjelde for den oppmodande staten og for staten der oppmodinga blir framsett. Føresegnene i konvensjonen legitimerer ikkje ulovlege transaksjonar, uansett slag, som har funne stad før konvensjonen tok til å gjelde. Han er heller ikkje til hinder for å fremme krav med andre rettsmiddel enn dei som følgjer av konvensjonen.

Kapittel V inneheld sluttføresegner.

Artikkel 11 har føresegner om mellom anna underteikning, ratifikasjon og tiltreding til konvensjonen.

Artikkel 12 fastset at konvensjonen tek til å gjelde den første dagen i den sjette månaden etter datoen for deponering av det femte dokumentet for ratifikasjon-, godtaking-, godkjenning- eller tiltreding.

Artikkel 13 inneheld ei føresegn om at konvensjonen ikkje har verknad for rettsleg bindande internasjonale dokument som inneheld føresegner om dei same spørsmåla som blir regulerte i konvensjonen, med mindre ein stat gjev erklæring om det motsette. Konvensjonsstatane kan også inngå multilaterale eller bilaterale avtaler for betre bruk av konvensjonen. Konvensjonstatar som er medlemmer av organisasjonar for økonomisk integrasjon eller regionale einingar, kan erklære at dei vil bruke dei interne reglane til desse organisasjonane eller einingane, der verkeområdet til dei interne reglane og konvensjonen fell saman.

Som følgje av medlemskap i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) har Noreg gjennomført rådsdirektiv 93/7/EØF om tilbakelevering av kulturgjenstander som er fjernet ulovlig fra en medlemsstats territorium, i kulturminneloven §§ 23 a-23 f. Verkeområdet til desse reglane fell saman med konvensjonen, og Noreg vil for EØS-området bruke reglane i rådsdirektivet.

Noreg vil derfor gje følgjande erklæring i medhald av artikkel 13: «Innanfor Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) skal dei interne EØS-reglane gjelde».

Artikkel 14 inneheld føresegner om at ein stat som utgjer fleire territoriale einingar, kan gje ei erklæring om kva territorium konvensjonen skal gjelde for. I artikkel 14 nr. 4 heiter det at dersom ein konvensjonsstat ikkje gjev ei slik erklæring, skal konvensjonen gjelde for alle territoriale einingar som høyrer til denne staten.

Konvensjonen skal for Noreg omfatte alle territoriale einingar. I tillegg til Fastlands-Noreg skal konvensjonen gjelde for Svalbard, Jan Mayen og bilanda.

I artikkel 15 heiter det at erklæringar som ein stat gjev under konvensjonen, skal stadfestast av depositaren. Erklæringar kan når som helst trekkjast tilbake.

I artikkel 16 står det at ein konvensjonsstat skal meddele depositaren korleis krav om restitusjon eller tilbakesending skal fremmast i denne staten.

Artikkel 17 fastset at konvensjonsstatane seinast seks månader etter tilslutning skal gje depositaren skriftleg informasjon om den nasjonale lovgjevinga som regulerer utførsel av kulturgjenstandar.

Artikkel 18 fastset at det ikkje kan takast andre atterhald enn dei som uttrykkeleg følgjer av konvensjonen.

I artikkel 19 står det at konvensjonen fritt kan seiast opp. Oppseiinga tek til å gjelde den første dagen i den sjette månaden etter at han blei levert hos depositaren.

Etter artikkel 20 skal Unidroit med jamne mellomrom vurdere korleis konvensjonen verkar i praksis.

Av artikkel 21 går det fram at Italia er depositar for konvensjonen.

I vedlegget til konvensjonen er dei ulike kulturgjenstandane som er omfatta av konvensjonen førde opp.