St.prp. nr. 85 (1999-2000)

Om samtykke til tiltreding til Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar

Til innhaldsliste

4 Gjennomføringa av konvensjonen i norsk rett

Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner har føresegner som regulerer tilbakelevering av ulovleg utførte kulturgjenstandar innanfor Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). Føresegnene er tekne inn i kulturminnelova som følgje av gjennomføringa av rådsdirektiv 93/7/EØF av 15. mars 1993 om tilbakelevering av kulturgjenstandar.

Når det gjeld stolne kulturminne, har lov om hevd og lov om godtroerverv føresegner som til ein viss grad regulerer dette. Konvensjonen vik på nokre punkt frå ordningane i desse lovene. Unntak kan gjerast i avtale med framand stat, jf. lov om godtroerverv § 5 og lov om hevd § 1 fjerde ledd, og konvensjonen kan dermed gjennomførast i norsk rett utan lovendring. Føresegnene i konvensjonen vil likevel bli innarbeidde i desse lovene.

Ei tiltreding til konvensjonen gjer det derfor naudsynt med endring i lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, lov av 9. desember 1966 nr. 1 om hevd og lov av 2. juni 1978 nr. 37 om godtroerverv av løsøre. Dette vil føre til at ein får føresegner som regulerer dette tilhøvet både innanfor og utanfor EØS-området.

Odelstingsproposisjon om lovendringar vil bli fremma av Miljøverndepartementet i juni 2000.

Kulturminnelova har ikkje direkte verknad på Svalbard og Jan Mayen og bilanda, jf. lov av 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard § 2, lov av 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen § 2 og lov av 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud land m.m. § 2. Gjennomføring av konvensjonen for Svalbard og Jan Mayen vil gjere det naudsynt med endring i føresegn om kulturminnevern av 24. januar 1992 nr. 34 for Svalbard og av 21. juni 1974 nr. 8 792 for Jan Mayen. Når det gjeld bilanda blir det lagt opp til å gjennomføre konvensjonen i ei eiga føresegn.