St.prp. nr. 85 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av trinn 1 av miljøpakke for transport i Trondheim

Til innhaldsliste

4 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak i miljøpakka

Miljøpakka omfattar vidare utbygging av eit avlastande hovudvegsystem rundt Trondheim og vidare utbygging av E6 sør for Trondheim. I tillegg vil det bli gjennomført tiltak for å legge forholda til rette for kollektivtransport og syklande og gåande, samt tiltak for å fremje trafikktryggleik og miljø.

Det er eit mål å fullføre riksvegringen rundt Trondheim slik at byen får eit tilfredsstillande hovudvegnett som kan avlaste dei sentrale byområda for gjennomgangstrafikk. I dette vegnettet inngår prosjekta Sluppen bru og E6 Sluppen – Stavne. Det er lagt opp til at Sluppen bru byggast med fire felt. For E6 Sluppen – Stavne er det vurdert alternativ med to og fire felt.

E6 sør for Trondheim mellom Jaktøyen og Tonstad har låg standard i forhold til trafikkmengda. Kombinasjonen av mykje trafikk, tofeltsveg, sterk stigning og for liten kapasitet på kryssa, fører til dårleg framkomst og relativt mange ulykker på strekninga. Det er lagt opp til at vegen byggast med motorvegstandard, dvs. minimum fire felt, midtrekkverk og planskilte kryss.

Den økonomiske ramma for trinn 1 av miljøpakka er på om lag 4,8 mrd. kr. Kostnadsgrunnlaget for mange av tiltaka som er omtalt, er i hovudsak henta frå prosjektarbeidet med E6-sør og Sluppen bru/Oslovegen, samt transportplanen for Trondheim som blei vedtatt i februar 2007. Nærare planavklaring er naudsynt for mange av tiltaka. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med nærare tidspunkt for oppstart av dei einskilde riksvegprosjekta i pakka så snart det ligg føre godkjente planar og kvalitetssikra kostnadsoverslag.

I tillegg legg Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune opp til at tiltak som skal finansierast med midlar frå belønningsordninga for kollektivtransport, blir samordna med tiltak som skal finansierast med midlar frå miljøpakka.

Figur 4.1 

Figur 4.1

Dei største prosjekta i miljøpakka er utbygginga av E6 og lokale hovudvegar. Utbygginga av E6 sør er delt inn i fleire delparsellar. Desse er:

  • E6 Jaktøyen – Sandmoen

  • E6 Sandmoen - Sentervegen

  • E6 Sentervegen – Tonstad

  • E6 Sluppen bru

  • E6 Sluppen – Stavne.

I trinn 1 av miljøpakka er det lagt opp til at E6 skal byggast om til 6 felt mellom Sentervegen og Tonstadkrysset. Parsellen er ein del av reguleringsplanen for E6 mellom Sandmoen og Tonstad som er sendt ut på høyring i mai 2009. Det er lagt til grunn at bygging av parsellen Sentervegen – Tonstad kan ta til i 2010. Førebels kostnadsoverslag for parsellen er 320 mill. kr. Førebels kostnadsoverslag for heile strekninga E6 Jaktøyen – Tonstad er om lag 1500 mill. kr. Overslaget inkluderer nødvendige lokale vegtilknytingar og gang- og sykkelvegsystem.

I tillegg er det lagt opp til at E6 Sluppen – Stavne, inkludert ny Sluppen bru, blir bygd ut som ein del av trinn 1. Førebels kostnadsoverslag for prosjektet er på om lag 800 mill. kr med ei uvisse på +/- 40 pst. Av dette er kostnadene for ny Sluppen bru stipulert til om lag 400 mill. kr. Det vil bli utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing for prosjektet i 2009.

Det største prosjektet på det lokale vegnettet er Byåsentunnelen. Tunnelen, som skal gå frå ny Sluppen bru til Munkvoll, vil vere eit viktig element i det avlastande hovudvegnettet i Trondheim. Førebels kostnadsoverslag for Byåsentunnelen er om lag 800 mill. kr. Byåsentunnelen er, saman med øvre Forsøkslia og utviding av kollektivfelt på Bjørndalsbrua, prioritert i trinn 1 av miljøpakka.

I tillegg er det lagt opp til ei sterk satsing på kollektivtrafikktiltak, utbygging av gang- og sykkel­vegar, miljøtiltak og trafikktryggingstiltak. Den endelege prioriteringa av desse tiltaka vil inngå som ein del av arbeidet med KS1 for miljøpakka.

Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune har lagt til grunn at bompengar kan nyttast til drift av kollektivtransport i Trondheim. Det er opna for at bompengar kan nyttast til drift av kollektivtransport som ein del av ein plan for eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, jf. Ot.prp. nr. 15 (2007-2008) og Innst. O. nr. 26 (2007-2008). I forarbeida til lova er det sett som eit krav at ei rekke føresetnader skal vere oppfylt før ei slik bompengepakke for eit byområde blir lagt fram for Stortinget. Mellom anna er det krav om at det skal ligge føre ei framstilling av heilskapen i pakka som gjer det tydeleg korleis trafikk- og miljøutfordringane skal handterast på kort og lang sikt. I denne framstillinga må det vere definert klare mål for kva ein skal oppnå i det området som miljøpakka omfattar. Det må mellom anna vere dokumentert ein samanheng mellom verknader på dei miljø- og trafikkutfordringar som skal løysast, og dei tiltaka pakka foreslår. I tillegg må det vere utarbeidd ein strategi for handtering av driftsoppgåvene etter opphøyr av bompengefinansieringa, og det må gå fram kva som skal skje ved eventuell svikt i inntektene. Det må også vere laga eit opplegg for å rapportere om måla i miljøpakka blir nådd.

Departementet er positiv til at dei lokalt ønskjer å ta i bruk bompengar til drift av kollektivtransport som eit verkemiddel for å nå måla i miljøpakka. Dette skal vere eit supplement til den ordinære innsatsen over offentlege budsjett. Sør-Trøndelag fylkeskommune har i denne saka ikkje konkret vist kva slags type driftstiltak bompengane skal nyttast til og korleis desse tiltaka vil vere med på å oppnå måla for miljøpakka. Utan ei slik konkretisering av kva slags tiltak bompengane skal vere med på å finansiere, vil det ikkje vere mogleg å måle om bruken av midlane er med på å oppnå måla med pakka, eller om bompengane til drift av kollektivtransport erstattar fylkeskommunen sin eigen innsats.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei samla framstilling som viser heilskapen i pakka, og som i tillegg viser kva type driftstiltak inntektene frå bompengepakka skal nyttast til. Det er ein føresetnad at bruk av bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken skal gi ei reell styrking av kollektivtilbodet.