St.prp. nr. 9 (1999-2000)

Om løyvingsendringar mv. for 1999 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.5 Jernbaneformål

4.1 Jernbaneverkets fiberkabelnett

Departementet gjorde i St.prp. nr. 27 (1998-99) greie for oppgjeret mellom Jernbaneverket og Telenor AS etter at samarbeidsavtalen mellom dei om bruk av Jernbaneverkets fiberkabelnett blei avslutta, jf. også Innst. S. nr. 58 (1998-99).

I den same proposisjonen blei det orientert om at Jernbaneverket har inngått ein avtale med Telia som byggjer ut ein del nye fiberkabelanlegg og får knytte desse til Jernbaneverkets fiberkabelanlegg og at denne avtalen ikkje inneber økonomisk risiko for Jernbaneverket. Etter avtalen vil Telia som ei motyting ta ut kapasitet i Jernbaneverkets anlegg tilsvarande ein verdi på i alt 150 mill. kr over ein periode på 10 år. Dei nye anlegga vil etter det bli overførte til Jernbaneverket utan vederlag.

Det blei rekna med at Jernbaneverket skulle kunne oppnå ein nettoinntektsvinst frå sal av overskotskapasitet til andre aktørar i telemarknaden på 240 mill. kr i perioden 1998-2001. På denne bakgrunn blei det ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 13 (1998-99) vedteke inntektsført 50 mill. kr i 1999 på kap. 4350, post 04 Leigeinntekter.

Nyare framlegg frå Jernbaneverket viser at dette overslaget var for optimistisk. Det har fram til no ikkje vore mogleg å oppnå tilstrekkeleg salsvolum, samstundes som priskonkurransen i telemarknaden har vore sterkare enn venta. For 1999 er det no venta ein nettovinst frå salet av overskotskapasiteten i fiberkabelnettet på berre 2 mill. kr. Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om at budsjettert inntekt for 1999 på kap. 4350, post 04 Leigeinntekter, blir redusert frå 50 mill. kr til 2 mill. kr. I 2000 er det budsjettert med 20 mill. kr.

4.2 Meirinntektsfullmakt for Jernbaneverket

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 13 (1998-99) fekk Jernbaneverket fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 1350, postane 23 og 30, mot tilsvarande inntekter på kap. 4350, postane 02 Sal av eigedomar mv. og 03 Arbeid for framande, men slik at overskridinga ikkje må utgjere meir enn 6 pst. av løyvingane på kap. 1350, dvs. 213 mill. kr.

I avtalen mellom Telia og Jernbaneverket, jf. pkt. 4.1 ovanfor, er det lagt opp til at Telia byggjer ut ein del nye fiberkabelanlegg. I praksis betaler Jernbaneverket leverandørane og utgiftsfører betalinga på ein utgiftspost på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald. Utgiftene blir vidarefakturerte til Telia. Betalinga frå Telia for utbygging av fiberkabelnettet blir så inntektsført på kap. 4350, post 03 Arbeid for framande. Til saman utgjer dette i 1999 om lag 80 mill. kr av inntektene som Jernbaneverket har på denne posten.

Ved fastsetjinga av fullmaktsgrensa på 6 pst. blei det ikkje teke omsyn til denne inntekta. Gjeldande meirinntektsfullmakt inneber at berre 20 mill. kr av totalbeløpet på 80 mill. kr som blir fakturert vidare til Telia, kan førast tilbake til Jernbaneverket. I praksis vil dette innebere eit utilsikta kutt i vedtekne løyvingar på kap. 1350 med om lag 60 mill. kr.

For at Jernbaneverket ikkje skal tape på ordninga med vidarefakturering av arbeid utført for Telia gjer Samferdselsdepartementet framlegg om at fullmaktgrensa for å overskride løyvingane på kap. 1350, postane 23 Drift og vedlikehald og 30 Investeringar i lina, mot tilsvarande inntekter på kap. 4350, postane 02 Sal av eigedomar mv. og 03 Arbeid for framande, blir utvida frå 6 pst. til 8 pst. av samla løyvingar på kap. 1350.

4.3 NSB Gardermobanen AS - orientering

NSB Gardermobanen AS legg opp til at utbyggingsorganisasjonen i selskapet blir avvikla 31. desember 1999. Saker i samband med utbygginga som ikkje er avklara før denne datoen, vil bli ivareteke av driftsorganisasjonen i selskapet. Midlar til desse sakene vil bli tekne frå dei løyvingar som selskapet alt har fått. Departementet vil komme tilbake med ei oversikt over fordelinga av den endelege låneramma for utbygging, førebuing til bane-/trafikkdrift og tetting av Romeriksporten når endeleg balanse for NSB Gardermobanen blir lagt fram våren 2000.

4.4 Renter av lån til NSB BA

Renteperioden for betaling av lån til NSB BA er for tida 6 månader. Siste betaling for 1999 var i august. Rekneskapen for 1999 viser at betaling av renter av lån til NSB BA er om lag 13 mill. kr høgare enn budsjettert. Departementet gjer derfor framlegg om å auke kap. 5611, post 80 Renter, med 13 mill. kr.