St.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Med sikte på deltaking for EØS/EFTA-statane i EU sitt statistikkprogram for 2003-2007 inneheld avgjerda i EØS-komiteen ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 omfattar ein ny versjon av protokoll 30 i EØS-avtala. Dei endringane som er gjorde i høve til den protokollen som gjeld no, dreier seg i første rekkje om endringar som er naudsynte når det gjeld tilvisingar til det nye statistikkprogrammet, og dermed òg nye årstal.

Protokollen fører ikkje med seg endringar med omsyn til dei organisatoriske rammene for samarbeidet, som er baserte på eit nært samarbeid mellom statistikkontoret til EFTA og Eurostat og full deltaking i ulike arbeidsgrupper og komitéar. Grunnlaget for det økonomiske bidraget er òg det same som før, med eit bidrag til 75 prosent av det operasjonelle budsjettet (fordi ikkje all statistikk vert rekna som EØS-relevant), i tillegg til bidrag til Eurostat for innsamling, lagring og formidling av EFTA-data og til dei ekstra administrative kostnadene. Ut frå røynslene med gjennomføringa av forrige protokoll 30 er det gjort nokre praktiske justeringar med omsyn til prosessen for etablering av eit eige statistikkprogram for EØS og for rapporteringa frå programmet.

Artikkel 2 slår fast at protokollen med lista over komitear som EFTA-statane kan ta del i, som er oppførd i protokoll 30, og som det var semje om ved inngåinga av EØS-avtala, ikkje skal vere til hinder for deltaking i andre komitear og utval i samsvar med paragraf 3 i framlegget til protokoll 30.

Artikkel 3slår fast at avgjerda skal gjelde frå den første dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga om godkjenning. Programmet har vore verksamt frå 1. januar 2003.

Artikkel 4slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

I medhald av artikkel 93 nr. 2 i EØS-avtala skal avgjerder i EØS-komiteen takast ved semje mellom Fellesskapet på den eine sida og EØS/EFTA-statane, som uttalar seg samrøystes, på den andre. Det følgjer av artikkel 103 nr. 1 at avgjerda først vert bindande for Noreg etter at ein frå norsk side har gjeve melding til dei andre avtalepartane om at dei forfatningsrettslege krava er stetta, det vil seie at Stortinget har gjeve samtykket sitt.

Til forsida