St.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS/EFTA-statane til framleis å ta del i finansieringa av programmet.

Avgjerda om ei finansiell ramme på 192,5 millionar euro for statistikkprogrammet i femårsperioden kan føre til ei auking av bidraget frå Noreg (frå ca. 3,7 millionar kroner i dag til den operasjonelle delen av statistikkprogrammet, til ca. 4,5 millionar kroner årleg). På grunnlag av protokoll 30 medverkar Noreg òg til dei ekstra kostnadene Eurostat har i samband med innsamling og spreiing av data for EØS/EFTA-statane og til dei ekstra administrative kostnadene. Ein reknar med at bidraget til dette ligg om lag på det same nivået. Det årlege bidraget frå Noreg til programmet er sett til 10 millionar kroner i 2003. For å følgje opp programmet frå norsk side vert det i tillegg nytta opptil 2 millionar kroner til reiser og mellom 8 og 9 millionar kroner til spesielle utviklingsprosjekt - om lag det same talet som i dei seinare åra. På grunn av den komande utvidinga av EU reknar ein med at bidraget til den operasjonelle delen av programmet vil verte auka med ca. 3 prosent i 2004 og ca. 5 prosent i dei følgjande åra. Utgiftene til deltaking i verksemda vil i 2004 verte dekte over budsjettet til Statistisk sentralbyrå (kap. 1620).

Ein reknar med at framlegget ikkje vil ha andre administrative konsekvensar enn dei tilpassingane som må gjerast i protokoll 30.

Statistisk sentralbyrå, som har fått delegert makt til å ta hand om det internasjonale statistikksamarbeidet (statistikklova § 3-1 (e)) vil framleis ha det overordna ansvaret for å samordne den norske deltakinga i programmet og i komitéane til programmet. Dette vil skje i samråd med dei organa som Statistisk sentralbyrå samarbeider med når det gjeld produksjon av statistikk som vert send til statistikkontoret til EU.

Til forsida