St.prp. nr. 90 (2006-2007)

Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2)

Til innhaldsliste

2 Status i prosjektet

Grunnarbeida starta i januar 2006. Dei første kontraheringane av byggentreprisane i prosjektet viste høgare prisar enn budsjettert. Etter forhandlingar med entreprenøren og forenklingar i prosjektet vart ein stor entreprise som gjeld tett bygg kontrahert i januar 2007. I samband med kostnadsauken vart 55 mill. kroner av uvisseavsetjinga i prosjektet utløyst. Byggjearbeida starta i mars 2007. Etter at tilbod på hovuddelen av dei gjenståande entreprisane var komne inn, vart uvisseanalysen for prosjektet oppdatert. Analysen viste at det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre prosjektet innanfor den gjeldande kostnadsramma, trass i at det er gjennomført omfattande innsparingstiltak i prosjektet.

Frå januar 2007 er det fleire forhold som har gitt auka kostnader. Situasjonen i byggjemarknaden er prega av sterk etterspurnad, og ein har ikkje oppnådd dei prisane ein forventa under forhandlingane. Den store aktiviteten har ført til auka leveringstid for materiell, noko som igjen gir lengre byggjetid og auka kostnader. Vidare har grunnforholda vist seg å vere meir problematisk enn føresett.

Den opphavlege styringsramma er basert på forprosjektet, som vart utarbeidd med basis i prisnivået i januar 2004. Prisomrekning i prosjektet følgjer SBED-indeksen. Dette er ein indeks basert på SSB sine byggjekostnadsindeksar for ulike faggrupper. Bygge- og anleggsmarknaden har ein sterkare prisvekst enn desse indeksane fangar opp. Rapport frå Prognosesenteret AS viser at dei reelle marknadsindeksane for byggjekostnader har stige med 28 pst. i perioden frå januar 2004 til desember 2006. Fram til mars 2007 har indeksen stige med 33 pst. Tilsvarande har «SBED-indeksen» stige med 14 pst. og 16 pst. Dette gjev ein skilnad mellom kompensert prisstigning og reell prisstigning på noko over 100 mill. kroner. Prognosesenteret AS forventar ei årleg prisstigning i perioden 2008-2011 på 7-9 pst.

Til forsida