St.prp. nr. 90 (2006-2007)

Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2)

Til innhaldsliste

3 Framlegg om ny kostnads- og styringsramme

Kostnadsavvik i høve til vedtatt styrings- og kostnadsramme skriv seg i all hovudsak frå auken i marknadsprisane frå 2004 og fram til no. Med grunnlag i dei tilboda som ligg føre på hovuddelen av dei resterande entreprisane og oppdatert uvisseanalyse frå juni 2007 gjer Regjeringa framlegg om ei kostnadsramme for prosjektet på 1 080 mill. kroner per 15.9.2006. Kostnadsramma vert med dette auka med 100,7 mill. kroner. Framlegget til ny kostnadsramme er basert på at ein nyttar dei tilboda som no er innkomne og kontraherar innan utgangen av september 2007. Styringsramma vert sett til 1 040 mill. kroner per 15.9.2006. Marknadssituasjonen har allereie ført til lengre byggjetid enn planlagt. Ved å gjere bruk av dei tilboda som no ligg føre på fleire entreprisar, kan ein unngå at byggjetida og kostnadene aukar ytterlegare. Regjeringa har difor gjeve Statsbygg høve til å teikne kontraktar for prosjektet som går ut over den ramma Stortinget har vedteke. I kontraktane er det teke atterhald om at Stortinget vedtek ei auke i kostnadsramma. Kontraktane inneber at utstyr vert tinga, men arbeidet på byggjeplassen i høve til dei aktuelle kontraktane vil starte først rundt årsskiftet 2007/2008. Prosjektet vil etter planen kunne stå ferdig i løpet av 1. halvår 2010.

Til forsida