St.prp. nr. 97 (2008-2009)

Om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Qatar, underskriven i Oslo 29. juni 2009

Til innhaldsliste

2 Allmenne merknader

Etter oppmoding frå qatarske styresmakter tok Noreg og Qatar i 2002 opp forhandlingar om å inngå ei skatteavtale. Etter tredje forhandlingsrunde i Oslo blei eit utkast til avtale parafert den 23. mai 2007. Ekspedisjonssjef Odd Hengsle, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtala byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtaler som er utarbeidd av OECD. Avtala inneheld likevel nokre avvik frå denne mønster­avtala. Mellom anna har avtala reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, tilsvarande slike som fins i dei fleste skatteavtalene som Noreg har inngått dei seinare åra.

Avtala er inngått på engelsk, arabisk og norsk. Alle tekstane er gyldige, men ved tvil om tolkinga skal den engelske teksten vere avgjerande. Den engelske og norske teksten følgjer som vedlegg.