Statsbudsjettet:

1,5 millionar til scenekunstinstitusjonar i Møre og Romsdal

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til scenekunst i Møre og Romsdal med 1,5 millionar kroner, mellom anna til barneteater i Ålesund.

Regjeringa foreslår ei samla løyving til scenekunstformål på 2,1 milliardar kroner i budsjettframlegget for 2016.

- Løyvinga til scenekunstinstitusjonane sikrar rammevilkåra for kunstproduksjon og publikumsopplevingar av høg kvalitet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

I budsjettframlegget for 2016 er det foreslått å auke tilskotet til fleire regionteater for å styrkje produksjon, formidling og etterspurnad av scenekunst. Mellom anna gjeld dette eit tilskot på 1,5 millionar kroner til Teateret Vårt – Regionteateret i Møre og Romsdal. 1 million kroner går til barneteateret i Ålesund.

Regjeringa foreslår ei ytterlegare styrking og vidareutvikling av gåveforsterkingsordninga til også å omfatte scenekunstfeltet.

Sjå eiga pressemelding om gåveforsterkingsordninga