Atløysambandet får 17,7 millionar kroner årleg

Regjeringa har vedteke at ferjeavløysingsprosjektet Atløysambandet får 17,7 millionar kroner årleg i 45 år. – Dette har lenge vore ein viktig sak for innbyggarane på Atløy. Eg er derfor glad for at ferjeavløysingsmidlar kan vere med å finansiere fastlandssamband for dei som bur på Atløy, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa prioriterer folk langs kysten. Vi har redusert ferjeprisane, og det er no gratis ferje på mange ferjesamband. I tillegg har vi ferjeavløysingsordninga, som kan bidra til at fleire ferjesamband blir avløyst av bruer og undersjøiske tunnelar.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag sendt brev til Vestland fylkeskommune med endeleg vedtak om ferjeavløysingsmidlar for Atløysambandet. Sambandet utløyser om lag 17,7 millionar kroner i årlege ferjeavløysingsmidlar i 45 år.

Det betyr at dei får om lag heile beløpet som ferjeavløysingsordninga kan dekkje. Det vil seie dei nominelle byggekostnadane og halvparten av dei berekna rentekostnadane.

Det årlege beløpet på 17,7 millionar kroner er rekna ut frå korleis rammetilskotet til Vestland bli påverka i 2023 ved å erstatte ferjesambandet Askvoll-Gjervik med nytt vegnett. Midlar til gratis ferje på sambandet Askvoll-Gjervik er tatt med i det årlege beløpet.

– Dette er eit svært viktig finansieringsbidrag til Atløysambandet. No er det opp til Vestland fylkeskommune å vedta bygging av prosjektet, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

  • Når eit nytt, fylkeskommunalt vegsamband erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband, kan vegprosjektet delfinansierast ved at fylkeskommunen får behalde midlane ferjesambandet utløyser i rammetilskotet til fylkeskommunen.
  • Dei innsparte midlane utbetalast som ferjeavløysingsmidlar fram til ein når nominelle byggekostnadar og inntil halvparten av berekna rentekostnadar, men ikkje meir enn maksimalt 45 år.
  • Ferjeavløysingsordninga kan maksimalt dekkje dei nominelle byggekostnadane og halvparten av dei berekna rentekostnadane.