Vedtak om ferjeavløysingsmidlar for Atløysambandet

Vi viser til brevet dykkar til Statens vegvesen av 28. juni 2022, med søknad om ferjeavløysingsmidlar for Atløysambandet. Samferdselsdepartementet godkjente at vegprosjektet kjem inn under ordninga i brev av 30. juni 2023, og Kommunal- og distriktsdepartementet har no fastsett det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar.

Atløysambandet vil utløyse 17,720 mill. kroner i årleg beløp i ferjeavløysingsmidlar. Om prosjektet held framdriftsplanen i søknaden, vil anlegget vere klar for opning i 2028, og det første året med utbetaling vil vere 2029. Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar vil bli prisjustert med 2,5 prosent frå det året vedtaket er gjort og i utbetalingsperioden.

Ferjeavløysingsmidlane kan betalast ut til ein når dei nominelle byggjekostnadane og inntil 50 prosent av berekna rentekostnader, men ikkje lenger enn maksimalt 45 år. Rentekostnadene som blir dekte gjennom ordninga er ein berekna storleik, basert på eit flytande rentenivå. Departementet kan derfor ikkje fastsette endeleg lengde på utbetalingsperioden for prosjektet no. Med utgangspunkt i dagens rentenivå, kan ein anslå utbetalingsperioden til 45 år. Det samla nominelle beløpet med ferjeavløysingsmidlar vil då vere på om lag 1,4 mrd. kroner.

Stortinget fatta i juni eit oppmodingsvedtak om ein eigen rentekompensasjon for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdigstilte innan 2027. Regjeringa vil komme attende med konkret oppfølging av dette, medrekna Atløysambandet. Effekten av ei slik ordning er såleis ikkje inkludert i berekningane i dette brevet.

Grunnlaget for fastsetting av ferjeavløysingsmidlane

Ferjeavløysingsmidlane er rekna ut i tråd med retningslinene for ordninga, publisert på regjeringen.no. Ifølgje retningslinene punkt 5.3 skal utrekninga av ferjeavløysingsmidlar ta utgangspunkt i inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir behandla. Utrekninga for Atløysambandet er derfor basert på inntektssystemet for 2023. Vidare blir det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar rekna ut som nettoeffekten av endringar i kriteriedata for ferje og fylkesveg i utgiftsutjamninga, jf. punkt 5.2 i retningslinene. Midlar til gratis ferje er ikkje inkludert i utgiftsutjamninga i dag, men frå 2024 vil midlane bli innlemma i ferjekriteriet, jf. Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024. Departementet har inkludert midlar til gratis ferje i 2023 knytt til ferjesambandet som skal leggast ned, i det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar.

Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar blir betalt ut til summen av den nominelle byggekostnaden og 50 prosent av berekna rentekostnader er nådd, men ikkje lenger enn 45 år. Meirverdiavgiftskompensasjon og eventuelle finansieringsbidrag frå bompengar blir trekte frå når berekningsgrunnlaget for rentekostnadene og utbetalingsperioden skal fastsettast (jf. punkt 5.4 i retningslinene).

Utrekningane og talgrunnlaget som er nytta, er dokumentert nærare i vedlegg til dette brevet.

Utbetaling av ferjeavløysingsmidlar

Ferjeavløysingsmidlane vil bli utbetalt frå og med budsjettåret etter at ferjesambandet er avløyst (jf. punkt 6.2 i retningslinene). Ut frå dei opplysningane vi har i dag, ligg det an til at den nye vegen kan opne i 2028. Første utbetalingsår blir med det 2029.

Fylkeskommunen har plikt til å stadfeste forventa dato for ferdigstilling av vegprosjektet innan 1. mars året før utbetalinga av ferjeavløysingsmidlar skal starte. Stadfestinga skal sendast per brev til Kommunal- og distriktsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Viss fylkeskommunen ikkje melder frå innan denne fristen, kan det innebere at det ikkje vil bli betalt ut ferjeavløysingsmidlar for det første året (jf. punkt 6.3 i retningslinene).

Departementet gjer merksam på at godkjenning av søknaden, inkl. fastsettinga av storleiken på ferjeavløysingsmidlane, er gyldig i fire år frå den datoen vedtaket er gjort. Godkjenninga fell bort viss byggjearbeidet ikkje har starta opp i denne perioden, jf. retningslinene punkt 4.9.

 

Med helsing

 

Otto Leirbukt (e.f.)

avdelingsdirektør

 

 

Sissel Ferstad

seniorrådgjevar

 

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

Kopi

 

Samferdselsdepartementet

Vedlegg: Dokumentasjon av utrekning av ferjeavløysingsmidlar(PDF)