Retningsliner for ferjeavløysningsordninga for fylkesvegferjer

Fastsett av Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 22. februar 2016. Sist revidert 7. oktober 2020.

1. Om ordninga

1.1 Eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband, vanlegvis ei bru eller ein undersjøisk tunnel med tilhøyrande vegnett, som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband. Ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer legg til rette for at fylkeskommunane kan delfinansiere slike prosjekt med midlane dei får for ferjesambandet gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet.

1.2 Storleiken på ferjeavløysingsmidlane blir rekna ut på bakgrunn av reduksjon i tilskot gjennom inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein tunnel. Reduksjonen blir berekna som nettoeffekten av å endre kriteriedata i båt- og ferjenøkkelen og fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet.

1.3 Ordninga blei innført i samband med Stortingets behandling av kommuneproposisjonen for 2016 (Prop. 121 S (2014–2015), jf. Innst. 375 S (2014–2015)).

2. Ansvarsdeling

2.1 Samferdseldepartementet avgjer kva prosjekt som skal omfattast av ordninga, på bakgrunn av tilråding frå Statens vegvesen, jf. sakshandsamingsreglane nedanfor.

2.2 Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastset storleiken og utbetalingslengda på ferjeavløysingsmidlane.

2.3 Fylkeskommunane har ansvaret for sjølv å fremje saker som er aktuelle.

3. Vilkår for ordninga

3.1 Ordninga gjeld for fylkeskommunale ferjesamband som blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein undersjøisk tunnel som tilhøyrande vegnett. Ordninga gjeld berre for fylkeskommunale vegprosjekt.

3.2 Ordninga gjeld vegprosjekt som avløyser eller kortar inn på ferjesamband som var i ordinær drift per 1. januar 2016, og som framleis er i drift.

3.3 Før søknaden kan behandlast endeleg, må det liggje føre ein godkjent reguleringsplan og ein realistisk finansieringsplan for prosjektet, med eit kostnadsoverslag med ei uvisse på maksimalt +/-10 prosent. Fylkeskommunen skal sørgje for at det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring ved større prosjekt. Beløpsgrensa for kravet om ekstern kvalitetssikring er den same som grensa som til ei kvar tid gjeld for KS2 (Kvalitetssikring og kostnadsoverslag) i statlege prosjekt. Per mars 2019 var beløpsgrensa 1 mrd. kroner.

3.4 Midlane som blir løyvde over denne ordninga skal nyttast til å finansiere ferjeavløysingsprosjekt, og ikkje andre føremål.

3.5 Ferjeavløysingsmidlane kan berre betalast ut til fylkeskommunen, og ikkje til eit eventuelt bompengeselskap. Bompengeinntekter kan ikkje nyttast til å dekkje rentekostnader på lån som bompengeselskapet ikkje sjølv har teke opp og står ansvarleg for. Bompengeinntekter kan derfor ikkje nyttast til å betale renter på lån teke opp av fylkeskommunen på grunnlag av ferjeavløysingsmidlar.

4. Søknadsprosessen

4.1 Fylkeskommunen skal avklare om vegprosjektet kjem inn under ordninga før den utformar den endelege søknaden om ferjeavløysingsmidlar. Førespurnad om ei slik førehandsavklaring skal rettast til Samferdselsdepartementet.

4.2 I samband med førehandsavklaringa vil Kommunal- og moderniseringsdepartementet gje eit overslag på kor mykje prosjektet kan utløyse i årlege ferjeavløysingsmidlar. Overslaget tek utgangspunkt i inntektssystemet slik det er på det tidspunktet førehandsavklaringa blir gjeve. Det faktiske, årlege beløpet blir, saman med overslag på utbetalingslengde, fastsett i samband med behandlinga av den endelege søknaden. Faktisk beløp kan avvike frå førebels beløp.

4.3 Søknad om ferjeavløysingsmidlar, basert på eit fylkespolitisk vedtak, skal rettast til Statens vegvesen.

4.4 Fylkestinget må behandle søknaden, inkludert førebels finansieringsplan, og gjere eit prinsippvedtak om prosjektet før søknaden blir sendt til Statens vegvesen.

4.5 Søknaden skal innehalde prinsippvedtaket frå fylkestinget, finansieringsplan med tilhøyrande dokumentasjon og informasjon om det nye vegnettet (inkl. framdriftsplan og opplysningar om lengda på den nye vegen fordelt etter vegtype/vegelement, vegstandard og trafikkprognose i ÅDT i opningsåret). Dokumentasjonen må stadfeste at prosjektet er i tråd med godkjent reguleringsplan. Viss prosjektet omfattar bompengefinansiering, skal bompengesøknad og søknad om ferjeavløysingsmidlar sendast Statens vegvesen i same sak.

4.6 Statens vegvesen behandlar søknaden og gjev tilråding til Samferdselsdepartementet. Samferdselsdepartementet avgjer endeleg om prosjektet skal inkluderast i ordninga, ut frå vilkåra i retningslinjene.

4.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastset endeleg storleik på ferjeavløysingsmidlane, og gjev eit overslag på lengda på utbetalingsperioden (jf. punkt 5.4). Fylkeskommunen blir underretta om dette.

4.8 Fylkestinget kan gjere nytt vedtak eller stadfeste tidlegare vedtak om prosjektet etter at søknaden om ferjeavløysingsmidlar er behandla av departementa.

4.9 Godkjenninga av søknaden, inkl. fastsettinga av storleiken på ferjeavløysingsmidlar, er gyldig i fire år frå den datoen vedtaket er gjort. Godkjenninga fell bort viss byggjearbeidet ikkje har starta opp i denne perioden. Fylkeskommunen kan sende ny søknad på eit seinare tidspunkt, og ferjeavløysingsmidlane vil då bli rekna ut på nytt.

4.10 I ferjeavløysingsprosjekt der fylkeskommunen stiller kausjon eller annan økonomisk garanti for verksemder som blir drivne av andre enn fylkeskommunen, må garantien godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (jf. kommuneloven 2018 § 14-19). Søknad om godkjenning av fylkeskommunal garanti kan sendast etter at søknaden om ferjeavløysingsmidlar er behandla, men vedtaket om ferjeavløysingsmidlar fell bort viss garantisøknaden blir avvist av departementet.

 

Skjematisk framstilling av søknadsprosessen

Figur 1 Skjematisk framstilling av søknadsprosessen

Større versjon av figuren

5. Utrekning av ferjeavløysingsmidlar

5.1 Årleg beløp i ferjeavløysingsmidlar blir berekna på bakgrunn av reduksjon i tilskot gjennom inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein tunnel. Reduksjonen blir berekna ved å sjå på effekten av å endre kriteriedata i utgiftsutjamninga i inntektssystemet. For vegprosjekt som kortar inn på eit ferjesamband utan å avløyse det heilt, vil departementet gjere eit overslag på endringa i kriteriedata for ferjesambandet.

I ferjesamband med fleire strekningar, der somme strekningar blir avløyst av ei bru eller ein undersjøisk tunnel og resten av sambandet blir lagt ned, blir ferjeavløysingsmidlane berekna som om heile sambandet blir avløyst.

5.2 Eit ferjeavløysingsprosjekt fører til endringar i kriteriedata for ferje og for fylkesveg. Avløysing eller innkorting av eit ferjesamband vil gje ein lågare verdi på kriteriet «normerte ferjekostnader» i båt- og ferjenøkkelen, mens det nye vegnettet vil gje auka verdi på kriteriet «vedlikehaldsbehov fylkesveg». Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar blir rekna ut som nettoeffekten i utgiftsutjamninga av desse endringane. Det blir berre teke omsyn til endringar i kriteriedata direkte knytt til den nye vegen.

5.3 Berekninga tek utgangspunkt i inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir behandla. Beløpet blir ikkje berekna på nytt viss det seinare blir gjort endringar i inntektssystemet, i kriteriedata eller i ferjeavløysingsordninga.

5.4 Årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar blir betalt ut til ein når dei nominelle byggjekostnadane og inntil 50 prosent av berekna rentekostnader, men ikkje lenger enn i maksimalt 45 år. Meirverdiavgiftskompensasjon og eventuelle finansieringsbidrag frå bompengar blir trekt frå byggjekostnadene i berekninga av rentekostnader og lengda på utbetalingsperioden.

5.5 Rentekostnadene blir berekna ut frå ei referanserente som blir oppdatert årleg, tilsvarande retningslinene for berekning av sjølvkost av kommunale tenester. Her nyttar ein ei 5-årleg swap-rente med eit tillegg på ½ prosentpoeng. Renteberekninga blir vidare basert på eit serielån på 40 år.

5.6 Årleg oppdatering av referanserente gjer at utbetalingslengde og samla utbetaling av ferjeavløysingsmidlar ikkje vil vere kjent når endeleg søknad blir behandla, i prosjekt som òg får dekt delar av rentekostnadene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil gje eit anslag på lengda på utbetalingsperiode ut frå gjeldande rentenivå, og vil justere utbetalingsperioden i tråd med endringar i referanserenta.

5.7 For nye, godkjende prosjekt blir det opplyst om årleg beløp og anslag på lengda på utbetalingsperioden i kommuneproposisjonen. Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar blir prisjustert med 2,5 prosent frå det året vedtaket blir gjort, og i heile perioden det blir utbetalt.

6. Utbetaling av ferjeavløysingsmidlar

6.1 Ferjeavløysingsmidlane blir utbetalt over rammetilskotet frå og med budsjettåret etter at ferjesambandet er avløyst. Midlane blir vist i tabell C-fk Saker med særskild fordeling, i Grønt hefte.

6.2 Fylkeskommunen har plikt til å orientere departementa viss det skjer vesentlege endringar i framdriftsplanen for prosjektet.

6.3 Fylkeskommunen har plikt til å stadfeste forventa dato for ferdigstilling av ferjeavløysingsprosjektet innan 1. mars året før ferjeavløysingsmidlane skal utbetalast. Stadfestinga skal sendast per brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Viss fylkeskommunen ikkje melder frå innan denne fristen, vil det ikkje bli utbetalt ferjeavløysingsmidlar for det første året.