Barne- og familieministeren mottek rapport om barn i fattige familiar

Ekspertgruppa om barn i fattige familiar legg i dag fram si utgreiing for barne- og familieministeren. I rapporten gir dei tilrådingar for å styrkje oppvekstvilkåra til barn i fattige familiar og førebyggje at fattigdom går i arv.

– Barn skal ikkje måtte oppleve å vekse opp i fattigdom i Norge.  Å redusere skilnadene og førebyggje fattigdom er eit prioritert område for regjeringa. Det er viktig både for barna og familiane, og for samfunnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (SP).

Det blir i dag gjort mykje for å motverke fattigdom blant barnefamiliar og dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i ein fattig familie. Delen barn i familiar med vedvarande låg inntekt i Noreg er liten i internasjonal samanheng, men utviklinga har lenge gått i feil retning.

– Sjølv om vi har styrkt tenestetilbodet for barn og unge, så må vi ta på alvor at delen barn i familiar med vedvarande låg inntekt har auka. Derfor blei ekspertgruppa om barn i fattige familiar oppnemnd av regjeringa Støre i august 2022, seier Toppe.

Ekspertgruppas leiar, professor i samfunnsøkonomi ved Universitet i Stavanger, Mari Rege, presenterte i dag rapporten og tilrådingane frå ekspertgruppa.

Sjå ekspertgruppa sitt mandat her.

– Vi må prioritere den innsatsen som verkar best. Eg ser frem til å setje meg grundig inn i vurderingane og anbefalingane til ekspertgruppa, og vil takke for deira bidrag til eit veldig viktig tema, seier Toppe.

Les rapporten til ekspertgruppa om barn i fattige familiar: En barndom for livet – Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familiar.

Les oppsummeringa frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar på nettsida deira.

Sjå overrekkinga 17. oktober 2023: Ekspertgruppa om barn i fattige familiar legg fram si utgreiing

Kjersti Toppe mottar rapporten fra utvalgsleder Mari Rege.
Statsråd Kjersti Toppe mottar rapporten fra utvalgsleder Mari Rege (t.h.). Foto: Rune M. Akselsen / Barne- og familiedepartementet