Eikesdalen i Møre og Romsdal – nytt utvald kulturlandskap i 2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Eikesdalen heilt aust i Molde kommune i Møre og Romsdal vert rekna for å vere ein av dei mest storslåtte dalane i Romsdal. No er dalen utvald til kulturlandskap i jordbruket.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Noreg, som vert støtta gjennom ei felles tilskotsordning mellom landbruks- og miljøforvaltninga. I 2022 er satsinga utvida med tre nye område – eit av dei er Eikesdalen i Molde kommune, Møre og Romsdal fylke.

– I Eikesdalen ser vi korleis dei har tatt vare på dei store verdiane som jordbrukslandskapet representerer. Å forvalte eit slikt område krev eit aktivt jordbruk og lokalt engasjementet. Dette er òg heilt nødvendig for å halde oppe landbruket i heile landet, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Eikesdalen frå Finnsetlia.
Eikesdalen frå Finnsetlia. Foto: Bjørn Magne Øverås

Dalen og Eikesdalsvatnet er omkransa av bratte fjellsider med høgder opp mot 1800 moh., og er kjent for godt og tørt klima. Det gir eit grøderikt jordbrukslandskap og varmekjære lauvskogar med eit stort mangfald av artar. Gjennom dalføret renn elva Aura ned frå Aursjøen til Eikesdalsvatnet.  

– Eikesdalen blir rekna for å vere ein av dei mest storslåtte dalane i Romsdal. Dette er truleg eit av dei første områda i landet med busetnad. Her kom det menneske for over 11.000 år sidan. Dette kulturlandskapet, der gjenstandsfunn tyder på kontinuitet i busetjing og jordbruk heilt tilbake til yngre steinalder, er eit godt døme på korleis vi har tilpassa oss endringar i klima, teknologi og kultur, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Hausting av skogen

Liene i Eikesdalen er samansett av eit mangfald av skogsnaturtypar, kulturmarker, rike rasmarker og vassdragsnatur, med store skogar av alm og Nord-Europas største samanhengande hasselskog. Storstilt bruk av hasselskogen til tønneband og sanking av nøtter var i mange år av stor økonomisk verdi for bygda. Lang tradisjon med å pile (styve) alm og andre lauvtreslag til husdyrfôr pregar også kulturlandskapet. Dei gamle almpilane og dei store alm- og hasselskogane er viktige leveområde for eit stort mangfald av lavartar, flaggermus, holerugande fugl og soppartar som er unike for dette området.  

– I 2020 fekk Hoem Gård ved Eikesdalsvatnet Kulturlandskapsprisen. Området Eikesdalen til Hoem gard fekk status som Utvalt Kulturlandskap frå 2022. Heile området har unike landskapsmessige verdiar som gardsdrift har foredla og utvikla gjennom århundrer. Det er  tydelege restar etter ein gammal haustingskultur med hasselskog som ga gode inntekter gjennom hausting av hasselnøtter og produksjon av tynneband. I tillegg var det aktiv bruk av småskog til husdyrfôr. Desse tradisjonelle næringane er framleis tydelege i området, men treng vidare systematisk skjøtsel. Etter mi oppfatning har heile området nasjonale kulturlandskapsverdiar, seier Torgeir Dahl, ordførar i Molde.

Kulturmark med hasselskog.
Kulturmark med hasselskog. Foto: Bjørn Magne Øverås

Klimaet og naturressursane her gjorde at menneske kom hit allereie for over 11 000 år sidan – truleg som eit av dei første områda i landet. Gjenstandsfunn og arkeologiske undersøkingar kan vitne om kontinuitet i busetting og jordbruk heilt tilbake til yngre steinalder. Lang tids utnytting av ressursane i fjellet, særleg villreinjakta, står saman med jordbruksdrifta sterkt i området.

Mot garden Hoem. Her ligg ei slåttemark og ei naturbeitemark med svært høg verdi.
Mot garden Hoem. Her ligg ei slåttemark og ei naturbeitemark med svært høg verdi.

Moderne jordbruksbygd

Eikesdalen er no ei aktiv jordbruksbygd basert på moderne mjølke- og kjøttproduksjon. I 2021 er det åtte føretak i området som får produksjonstilskot. Gardstuna ligg langs vegen som eit særmerkt bygningsmiljø, med fjøsa på rekke bakom våningshusa og gardsrommet imellom. Tunskipnaden er svært gammal.

4.	Eikesdal. Gardane vi ser i bakgrunnen er Utigard og Austigard
Eikesdal. Gardane vi ser i bakgrunnen er Utigard og Austigard. Foto: Bjørn Magne Øverås

Planar for tiltak i området

Foreløpige planar for tiltak i området er å oppdatere kunnskapen om naturmangfald og kulturmiljø og kartlegge tiltaksbehov, samt å gjere kartlegging, tilstandsvurdering og lage bevaringsplan for kulturminne og kulturmiljø. Vidare er det aktuelt å gjere tiltak for å ta vare på kulturbetinga biologisk mangfald og edellauvskogar, ta vare på immateriell kulturarv som piling av alm og skjøtsel og bruk av hasselskog, og oppretthalde bygningsstrukturar og landskapselement (m.a. steingardar).

Det er også ønske om å investere i driftsapparat og stimulere til meir beiting gjennom ekstra beitetilskot og investering i gjerde. I tillegg vil ein sjå på moglegheitene for å kople kulturlandskap og ny næring, særleg hasselnøttproduksjon.

Nøtter frå Eikesdalen.
Nøtter frå Eikesdalen. Foto: Marit-Solveig Finset

Dei Utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande landskap over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. Dei utvalde kulturlandskapsområda syner mangfaldet av og særprega til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 49 områder som er valde ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særegne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.