Fem aktørar kan delta i auksjon om havvind i Sørlege Nordsjø II

Energidepartementet har i dag varsla fem søkjarar om at dei er kvalifiserte til å delta i auksjonen om havvind i området Sørlege Nordsjø II. Auksjonen opnar måndag 18. mars kl. 09.00.

– I dag kan me gi tilbakemelding til fleire sterke aktørar om at dei er kvalifiserte til å delta i auksjonen om havvind i Sørlege Nordsjø II. Me har bestemt at me gjennomfører auksjon, og den opnar 18. mars. Eg ser fram til ein god auksjon mellom desse selskapa, seier energiminister Terje Aasland.

29. mars 2023 blei dei første konkurransane om prosjektområde for havvind på norsk kontinentalsokkel kunngjort. 15. november kom det inn sju søknader til departementet. Søkjarane som no blir kvalifiserte har dokumentert at dei oppfyller minimumskriteria for berekraft og positive ringverknader. Desse søkjarane oppfyller også prekvalifiseringskriteriet om gjennomføringsevne.

Desse er kvalifiserte til å delta i auksjonen:

  • Aker Offshore Wind, BP og Statkraft
  • Equinor og RWE
  • Norseman Wind (Energie Baden-Württemberg AG)
  • Shell, Lyse og Eviny
  • Ventyr (Parkwind og Ingka)

Auksjonen vil bli gjennomført som ein engelsk auksjon med open bodgiving. I auksjonen vil dei kvalifiserte aktørane konkurrere om statsstøtte ved å legge inn stadig lågare bod fram til det står igjen éin bodgivar. Aktøren med det lågaste bodet i øre/kWh vinn auksjonen.

Av konkurranseomsyn vil bodgivinga i auksjonen vere lukka for publikum. I etterkant av auksjonen vil departementet publisere namnet på den som har vunne auksjonen og storleiken på det vinnande bodet (kontraktsprisen). Det vinnande bodet bestemmer kontraktsprisen som ligg til grunn for den tosidige differansekontrakten.

Bakgrunn om regjeringa si satsing på havvind:

Regjeringa har ambisjon om at det innan 2040 skal tildelast område for 30 000 MW havvindproduksjon. I 2020 blei dei første områda på norsk sokkel opna for fornybar energiproduksjon til havs, og styresmaktene har sidan då jobba med å vidareutvikle dei regulatoriske rammevilkåra i tett samarbeid med næringslivet og andre brukarar av havet.