Fleire barn skal få vere med i korps og orkester

– Korps og orkester gir barn og unge unik moglegheit for å kjenne på samhald. Dei er lim i lokalsamfunna og viktige møteplassar over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. No fordeler regjeringa 6,5 millionar kroner til ei heilt ny tilskotsordning for å auke deltakinga i korps og orkester.

Regjeringa arbeidar på fleire område for at fleire barn og unge skal få moglegheit å ta del i kultur, idrett og friluftsliv. Ein tredel av barna som kjem frå familiar med låg inntekt, låg utdanning og lite nettverk, deltek ikkje i faste fritidsaktivitetar.

– Korps og orkester er særs viktige aktørar. Eg har sjølv erfart kor viktig eit korps kan vere for å motverke utanforskap og skape samhald. Vi må gjere ein skikkelig innsats for å auke deltakinga her, seier Jaffery.

I arbeidet med kulturfrivillighetsstrategien spelte aktørane på feltet sjølv inn at dei såg behov for å trappe opp inkluderingsinnsatsen. Denne tilskotsordninga er eit av tiltaka i strategien. Den er også ein del av arbeidet med ein handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar.

No skal tilskotet tildelast lokale musikklag og foreiningar i heile landet på bakgrunn av ulike behov og moglegheiter.

– Eg trur lokale korps og orkester best veit kva som skal til for å nå ut til fleire. Difor gir vi organisasjonane moglegheit til å sjølv bestemme kor midlane skal brukast, seier kultur- og likestillingsministeren.

Det er opp til regionale musikkråd i samråd med nasjonale musikkorganisasjonar å velja ut dei tiltaka som skal prioriterast.