Revidert nasjonalbudsjett

Foreslår fem millionar kroner ekstra til områdesatsing

Regjeringa vil auke løyvinga til områdesatsing med fem millionar kroner inneverande år. – Det betyr at vi fordelar totalt 20 millionar kroner til kommunar som no får moglegheit til å gjere ein ekstra innsats i sine levekårsutsette område, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fredrikstad, Sarpsborg og Kristiansand har nyleg fått fem millionar kroner kvar til områdesatsingar. Dei tre byane har område med sosiale utfordringar knytt til fattigdom, lav sysselsetting og mange som leiger bustad. Desse byane manglar óg møteplassar og slit med støy og forureining.

Områdesatsingane er ein viktig del av regjeringa politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar.

– Vi veit at óg andre kommunar har område med konsentrasjon av levekårsutfordringar og vi har motteke gode søknader frå ein rekke kommunar,seier Gjelsvik.

Kva område som vil få dei fem ekstra millionane, er ikkje bestemt. Kommunal- og distriktsdepartementet vil  no vurdere søknadene frå kommunane som kom inn i førre runde, men som då ikkje fekk.

Elleve kommunar søkte om å få avtale om områdesatsingar før fristen gjekk ut. Alle som søkte har same type utfordringar i meir eller mindre grad.

– Dei som ikkje får avtale med staten denne gongen vil få tilbod om rettleiing og tilgang til nettverk og erfaringsutveksling, seier Gjelsvik.

­Avtalene som skal inngåast med staten vil ha ein varigheit på fem år frå 2023.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00