Foreslår lovendring for å høyre innbyggjarane

Regjeringa foreslår at Kommunal- og distriktsdepartementet vert gitt ein særskilt heimel til å gjennomføre innbyggjarhøyringar i saker der departementet har teke initiativ til å greie ut ei grenseendring. Heimelen gjeld òg høve til å gjennomføre folkerøystingar.

Ein lovproposisjon om å endre inndelingslova er handsama i statsråd i dag. Føremålet med forslaget er å få ein særskilt heimel for departementet til å høyre innbyggjarar i saker departementet tek initiativ til å greie ut.

– I slike saker vil det være viktig å få utgreia og opplyst saka best mogeleg. Regjeringa meiner synet til innbyggjarane er heilt sentral informasjon i vurderinga av om endringa skal gjennomførast, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Spørsmålet om kor vidt departementet allereie har heimel til å kunne høyre innbyggarane har vore omdiskutert. Mellom anna har kommunesektoren sin organisasjon KS, der alle kommunar og fylkeskommunar er medlemmar, i høyringsrunda gitt uttrykk for at departementet gjennom gjeldande rett allereie har ein slik heimel.

– Forslaget inneber ei generell lovendring, som gjev departementet eit særskilt heimelsgrunnlag til å gjennomføre innbyggjarhøyringar, og ryddar dermed unna tvilen som har vore rundt dette, seier Gjelsvik.