Foreslår plikt til å melde inn grunnundersøkingar og naturskadeutgreiingar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

- Vi sender no ut eit forslag om etablering av ei pliktig innmeldingsordning for rapportar frå grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar for å førebygge ulykker frå flaum og skred. Vi følgjer med dette opp ei viktig anbefaling frå Gjerdrumutvalet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Gjerdrumutvalet var oppretta i februar 2021 i etterkant av kvikkleireskredet i Gjerdrum 30. desember 2020. I tillegg til å undersøke årsakene til kvikkleireskredet i Gjerdrum, vurderte utvalet også tiltak for betre å kunne førebyggje slike skredulykker. Utvalet støtta Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt forslag om å opprette ei pliktig innmeldingsordning for rapportar frå grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar.

Gjerdrumutvalet si utgreiing har vore på høyring. Fleire uttalte seg då positivt til ei lovfesta innmeldingsplikt. Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår ein ny paragraf i plan- og bygningslova om ei slik innmeldingsordning. NVE og Noregs geologiske undersøking (NGU) har utarbeidd det faglege grunnlaget.

Ein brukar i dag store ressursar for å dokumentere at byggje- og anleggstiltak tilfredsstillar krava til sikkerheit mot naturfare, men informasjonen er ikkje alltid lett tilgjengeleg.

– Informasjon om grunnforhold og naturfare har stor samfunnsmessig verdi og må bli teken vare på. Endå viktigare er at denne kunnskapen også blir tilgjengeleg for andre. Meir kunnskap gir betre val, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Alle rapportar skal gjerast opent tilgjengeleg i databasar hos NVE og NGU gjennom innmeldingsordninga. Informasjon om allereie utførte undersøkingar av grunnforhold og naturfareutgreiingar, vil kunne vere eit supplement ved nye undersøkingar. På den måten kan ein mellom anna redusere kostnadane til samfunnet ved etablering av tiltak, gjere det offentlege kartgrunnlaget betre og betre beredskap og krisehandtering.

– Det er smart å samle denne typen informasjon slik at han kjem alle til gode, og ikkje må reproduserast. Ei innmeldingsplikt for grunnundersøkingar vil auke kunnskapsgrunnlaget og gi auka kunnskapsspreiing hos styresmakter og tiltakshavarar, og på den måten redusere faren for uønskte hendingar som skred. Breiare kunnskapsgrunnlag kan også gi betre føresetnader for å auka tryggleiken, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Frist for innspel er 20. juni 2023.

Les høyringssaken her