Forsida

Statsbudsjettet 2023

Fullfører viktige prosjekt på jernbanen

– Krig og energikrise i Europa, og prisvekst her heime, gjer at vi må prioritere tryggleik og rettferdig fordeling. For å unngå at økonomien vert overoppheta, må vi halde att på pengebruken. På jernbanen prioriterer vi derfor å halde framdrifta i pågåande byggeprosjekt. Med eit budsjettforslag på over 30 milliardar kroner vil det høge aktivitetsnivået på jernbanen likevel halde fram. Målet er at fleire passasjerar og verksemder skal velje grøne togreiser, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår å løyve 31,5 milliardar kroner til jernbaneformål. Viktige prioriteringar innanfor denne ramma er 17,5 milliardar kroner til investeringar, 7,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald og 5,2 milliardar kroner til kjøp av persontransporttenester med tog.   

Full framdrift i pågåande investeringsprosjekt på InterCity-strekningane

Målet med InterCity-utbygginga på Austlandet er å gjere togtilbodet meir attraktivt, med raskare reiser og fleire avgangar.

– Vi har no seks store utbyggingsprosjekt på dei eksisterande InterCity-strekningane. Det viser eit høgt aktivitetsnivå samanlikna med aktiviteten for 10-15 år sidan. I den krevjande økonomiske situasjonen vi står i, kan vi ikkje starte opp nye store prosjekt. Vi må difor prioritere å vidareføre og gjere oss ferdige med dei pågåande utbyggingsprosjekta, seier samferdselsministeren.  

I 2023 prioriterer regjeringa full framdrift i pågåande InterCity-prosjekt til Moss, Tønsberg og Hamar. I tillegg skal Follobane-prosjektet etter planen bli ferdigstilt. I 2023 vil det vere aktivitet på desse prosjekta: Follobanen, Sandbukta–Moss–Såstad på Østfoldbanen, Drammen–Kobbervikdalen og Nykirke–Barkåker på Vestfoldbanen, og Venjar–Eidsvoll–Langset og Kleverud–Sørli–Åkersvika på Dovrebanen.

Regjeringa foreslår å flytte Ringeriksbanen-prosjektet tilbake til Bane NORs portefølje frå Nye Veier. Regjeringa går med dette inn for å splitte fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Skaret–Høgkastet–Hønefoss. Vegdelen skal inn i den ordinære porteføljen til Nye Veier.

Høg utbyggingsaktivitet på fleire stader

I og rundt andre større byområde er det lagt opp til å vidareføre et høgt aktivitetsnivå for å styrkje jernbanens konkurransekraft. I Trøndelag skal arbeidet med elektrifisering av Meråkerbanen og Trønderbanen fram til Stjørdal halde fram, i tillegg til planlegging av tiltak for å realisere halvtimesfrekvens på Trønderbanen mellom Melhus og Steinkjer. Alt dette skal bidra eit meir klimavennleg og attaktivt togtilbod i landsdelen.

I Bergen er det lagt opp til å vidareføre arbeidet med bygging av dobbeltspor på strekninga Bergen stasjon–Fløen og rehabilitering av gamle Ulriken tunnel. I tillegg skal moderniseringa av Nygårdstangen godsterminal halde fram. Tiltaka gjer det mogleg å doble avgangsfrekvensen på strekninga Bergen–Arna og auke kapasiteten på godsterminalen med meir enn 50 prosent.  

I Narvik skal arbeidet på Narvik stasjon og Fagernesterminalen halde fram. Tiltaka skal bidra til å auke kapasiteten for gods på bane mellom Oslo og Narvik via Sverige.

Nytt, digitalt signalsystem skal i drift på fleire delstrekningar

Feil på signalanlegga er ein viktig årsak til forseinkingar og innstillingar i togtrafikken. Fram til første halvdel av 2030-talet skal dei eksisterande signalanlegga på jernbanen bli skifta ut med det digitale signal- og sikringssystemet ERTMS. Dette er eit av dei største IKT-prosjekta i Noreg for tida, og skal mellom anna bidra til ein meir driftsstabil jernbane, seier samferdselsministeren.

For å sikre rasjonell framdrift i prosjektet i 2023, er det lagt til grunn 2,3 milliardar kroner.  

Etter utsetjing hausten 2022 er planen å setje ERTMS i drift på nordre delar av Nordlandsbanen og Gjøvikbanen i 2023. Det nye signalsystemet er eit av fleire tiltak som gjer det mogleg å realisere timesfrekvens i staden for totimarsfrekvens for regiontoga mellom Oslo og Gjøvik. Etter planen skal systemet òg kome i drift neste år mellom Hønefoss og Arna på Bergensbanen.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 101 millionar kroner. Løyvinga skal mellom anna dekkje nye oppgåver i samband med utrulling av ERTMS og nye digitale løysingar på jernbanen.

25 nye persontog til Austlandet

For å realisere nytten av pågåande infrastrukturprosjekt, foreslår regjeringa å tinge 25 nye lokal- og regionaltog til bruk på Austlandet. Toga vil ha ein sannsynleg kostnad på i alt 3,2 milliardar kroner. Dette materiellet skal etter planen inn i trafikken i perioden 2026–2027.

Dei 25 toga kjem i tillegg til dei 30 lokaltoga som allereie er tinga og kjøpt, og som skal bli tatt i bruk i hovudstadsområdet i perioden 2025–2026.

Eit attraktivt persontogtilbod

Regjeringa foreslår å løyve om lag 5,2 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.

Etter fleire år med auke i talet på togreiser, blei persontrafikken hardt råka av koronapandemien. Dei foreslåtte midlane skal bidra til å oppretthalde eit attraktivt togtilbod, slik at talet på reiser kan utvikle seg til å bli høgare enn før pandemien, seier Nygård.

Meir gods på bane med vidareføring av støtteordning

Regjeringa foreslår å løyve 94,9 millionar kroner til å vidareføre støtteordninga for godsoverføring frå veg til jernbane. Ordninga er retta mot transportformene kombitransport og vognlast, der konkurransen mot vegtransport er sterkast

Drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen: Prioriterer fornying

Innafor den foreslåtte løyvinga på 7,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald prioriterer regjeringa fornying av jernbanens infrastruktur. Fornying omfattar mellom anna større systematiske tiltak for å oppretthalde funksjonaliteten og standarden i jernbanenettet. Saman med andre vedlikehaldstiltak og velfungerande signalanlegg er fornying viktig for å halde person- og godstog i rute.

Vedlikehaldsetterslepet på jernbanen vil framleis auke med 1,2 milliardar kroner, til 26,3 milliardar kroner ved utgangen av 2023. Det er i Nasjonal transportplan 2022–2033 lagt opp til å auke fornyinga av jernbanen i åra framover, slik at det blir mogleg å redusere vedlikehaldsetterslepet etter kvart.