Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om tidlegbær-satsinga i Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om tidlegbær-satsinga i Rogaland.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Tidlegbær-satsing i Rogaland

Godt klima for tidlegproduksjon og dyktige gartnarar i Rogaland er utgangspunktet for FoU- prosjekta som no er i "loopen" til Innovasjon Norge og NCE Culinology/Måltidets Hus. Strukturrasjonalisering i veksthusnæringa dei siste åra gjer at fleire eldre og mindre veksthus har gått ut or tomatproduksjon til fordel for større og meir energi- og produksjonseffektive veksthus. Desse eldre, og nedskrivne veksthusa er likevel godt brukande til bærproduksjon.

Bringebær – ny veksthuskultur
Ei gruppe med veksthusgartnarar frå Jæren og Ryfylke starta i 2009 eit utviklingsprosjekt for dyrking av bringebær i eldre veksthus. Prosjektet vart finansiert av Innovasjon Norge, og næringsutviklar Åge Jørgensen ved Bioforsk Vest Særheim har hatt ansvaret for utvikling av eit nytt dyrkingskonsept for levering av tidlegbringebær i mai og juni, før dei norske tunnel- og frilandsbæra kjem. Bæra er svært godt mottatt i butikkane og gartnarane har auka produksjonen for kvart år. I følgje grossistane Coop og BAMA har forbruket av friske bær eksplodert dei siste åra, og bær er blir ei heilårsvare. Dei ønskjer difor den nye veksthus-produksjonen velkommen.

I Rogaland er det også eit aktivt miljø for tidlegproduksjon av jordbær i tunnel og veksthus. Ei gruppe med fem jordbærprodusentar gjennomfører eit kompetansehevings- og utviklingsprosjekt saman med Bioforsk Vest Særheim. Målet med dette prosjektet er å overføra kunnskap om klimastyring og optimalisering av produksjon av tidlegjordbær.

Smak som konkurransefortrinn
Tidlegbæra frå Rogaland konkurrerer med ein stadig aukande import av bær frå mange ulike land.  For å konkurrera med rimelegare importbær, vil smak og kvalitet vera heilt avgjerande. NCE-Culinology har finansiert eit forprosjekt ”Norske bær for norske ganer”, der heile verdikjeda deltar:  bær-produsentar, Bioforsk, Plantchem, Nofima,  BAMA, Coop og NCE-Culinology. Målet med forprosjektet er å leggja grunnlaget for eit større FoU-prosjekt innan smak og kvalitet på bær, med fokus på tidlegproduksjon  i veksthus.

Forskingsbasert næringsutvikling
Gjennom det tette samarbeidet med Bioforsk Vest Særheim, får produsentane på ein svært effektiv måte implementert dei siste forskingsresultata innan tidlegproduksjon av bær. Det er etablert samarbeid med tilsvarande tidlegproduksjonsmiljø i utlandet (Nederland og Tyskland), og Bioforsk følgjer opp med forsøk i sine veksthus på Særheim.  Forsøksresultata og registreringane som dyrkarane i utviklingsringen gjer i eigne veksthus/tunnelar, blir jamleg diskutert på nettverksmøte og markvandringar gjennom sesongen. På den måten går næring og forsking ”hand i hand” og utviklar ei meir konkurransekraftig bærnæring.

        
 
 
Produsentane Stig Jakob Hanasand og Jone Wiig saman med prosjektleiar Åge Jørgensen (t.h.).

Produsentane Stig Jakob Hanasand og Jone Wiig saman med prosjektleiar Åge Jørgensen (t.h.). (Foto: Bioforsk)

Bruk av virkemidlar
Bærsatsinga i Rogaland er støtta av VRI-Rogaland og Innovasjon Norge. VRI er regionale virkemidlar til forsking, innovasjon og utvikling. Midlane kan løyvast til næringsaktørar til å etablera samarbeid med FoU-miljø innan produkt- og næringsutvikling. Det kan her løyvast mindre forprosjekt for å avklare FoU-utfordingar og gjennomføra mindre utprøvingar.

Gjennom VSP-mat og Lokalmatprogrammet har Innovasjon Norge løyvd midlar til tre-årige utviklingsprosjekt for å hjelpa veksthus-og bærprodusentane i Rogaland til å auka konkurransekrafta si mot importbær. 

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad  tlf. 414 18 510.

Bringebær

Bringebær. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)
 

Tomatfylket Rogaland

”Full fart i norsk tomatproduksjon” skriv norsk gartnerforbund på nettsida. Produksjonen er godt i gang etter ein forsiktig start på grunn av solfattige mars og april månader. Over 85 prosent av produserte tomatar i Noreg kjem frå Rogaland, og over 40 prosent av dei kjem frå øysamfunnet Finnøy.  

Tomatkommunen Finnøy, som omfattar 16 øyar, har i mange år arrangert tomatfestival kor det kjem besøkande frå nær og fjern til kulinariske og sportslege aktivitetar.

Tomater i drivhus

Det bugnar av tomater i drivhuset. (Foto: Annabell Pfluger)

Kvar nordmann et nærmare 7 kg tomatar kvart år, og det har nordmenn godt av. Tomatar er rik på A- og C-vitamin samt antioksidant lykopen som kan ha ein førebyggjande verknad mot hjartelidingar og kreft.  I dei siste 10 åra har etterspurnad etter spesialtomatar som cherry- eller perletomatar auka mykje og utgjer no den største delen av tomatsalet. Hovudsesongen for tomat er frå medio april til slutten av oktober. Nokre produsentar trassar kulda og produserer sjølv midt på vinteren.

Likevel er det mykje import, spesielt i det mørke halvåret, men også året rundt. I 2011 blei det importert nærmare 24 000 tonn tomatar til Noreg. Det er meir enn dobbelt så mye som det blir produsert i landet. Heile den norske produksjonen var i 2011 på rundt 10 400 tonn.

Økologisk
I Rogaland blir det kvart år produsert om lag 13 tonn økologiske cherrytomatar. Dei økologiske tomatane blir pakka på garden på Rennesøy og transportert til Coop sitt sentrallager i Stavanger for sør- og vestlandet. Økologiske tomatplanter veks i torvmatter og blir gjødsla med organisk gjødsel. Største utfordringa er varierande kvalitet i oppaljord og i torvmatter. Tilføring av gjødsel og vatn krev  anna kunnskap og erfaring enn i konvensjonell produksjon. Ved bruk av torvmatter krev omlegging til økologisk ingen karens. 

Sårbar produksjon
Kor sårbart veksthusproduksjonen kan vere, måtte ein produsent i Rogaland nyleg erfare. Det blei påvist eit uvanleg virus (Pepinomosaikk virus) for første gang i Noreg. Fleire dekar med tomatplantar måtte rivast ut, og veksthuset må vere fritt for plantemateriale og dyrkingsmedium i minst 3 veker. Det vil bli gitt erstatning, men det blir likevel eit stort økonomisk tap for produsenten.

Kontaktperson: Annabell Pfluger tlf. 51 56 89 71.
 

Rogaland tek klimameldinga på alvor

Ny Klimamelding peikar på klimaskog som eit billeg og effektivt klimatiltak. Skogselskapet i Rogaland har tatt ballen på førehand og er alt i gong med klimaskogprosjektet sitt.

Klimaskog.

Klimaskog. (Foto: Lars Slåttå)

Mange offentlege dokument har siste åra peika på dei store gjengroingsareala langs kysten som aktuelle for skogplanting i klimasamanheng. Klimaskogprosjektet er ei oppfølging av fleire offentlege dokument. I botn ligg Kystskogmeldinga, der klimaskogprogrammet er eit av dei aller viktigaste tiltaka. Vidare har Rogaland fylkesting vedtatt heile tre planar der klimaskog er ein viktig del av klimatiltaka. Først Handlingsplan for skogbruket (2009), deretter Regionalplan for energi og klima (2010) og til sist Regionalplan for landbruk (2011). 

Prosjektet skal utarbeida konkrete forslag til opplegg for etablering av klimaskogar. Det skal vidare lagast forslag til retningslinjer for effektiv forvaltning av investeringane. Det er valt ut to kommunar for praktisk uttesting av aktuelle forslag og metodar. Men i desse kommunane vil prosjektet også analysera heile arealet for å finna fram til kva type areal som kan eigna seg for etablering av klimaskogar. Resultata frå prosjektet blir ein del av arbeidet med eit klimaskogprogram for kysten. 

Frå kratt til klimaskogar
Det er mange grunnar til at stadig nye areal gror igjen med krattskog. Både redusert beitebruk og temperaturauke er medverkande årsaker. Krattskogen kan teoretisk brukast til bioenergi, men er i dag økonomisk utilgjengeleg for dette føremålet. Delar av desse areala er veleigna for planting av kvalitetsskog/klimskog. CO2-fangsten på slike areal vil auka vesentleg. Slike tiltak er difor både arealeffektive og kostnadseffektive. 

Krattskog.

Krattskog. (Foto: Lars Slåttå)

Konkret må prosjektet skaffa oversikt over aktuelt lov- og regelverk. Vi må testa ut metodar for val av eigna areal, bl.a. ved utstrakt bruk av GIS. Det må gjerast faglege analysar av CO2-fangst i skog på sørvestlandet for å kunna setja opp trygge fangstprognosar. Det ligg også i prosjektet å sjå på bruk av lokale klimakvotar som betalingsmiddel. 

Prosjektet, som er to-årig, er i hovudsak finansiert gjennom Regionalt utviklingsprogram. Hovudpartnarar i prosjektet er:

  • Fylkeskommunen
  • Fylkesmannen
  • Skognæringa
  • Pilotkommunane

Kontaktperson: Lars Slåttå  tlf. 415 67 572.

Sitkagranskog.

Sitkagranskog. (Foto: Lars Slåttå)
  

Utvikling i grovfôrbasert husdyrhald - Jæren er ikkje alltid størst

Grovfôrbasert husdyrhald i Rogaland har endra seg dei siste 10 åra ved at kvar enkelt produsent har stadig fleire dyr, noko som er i tråd med utviklinga på landsbasis. Jærbonden er kjend for store bruk, men har ikkje det høgaste talet dyr pr. bruk for alle dyreslag.

Sau med lam

Sau med lam (Foto: Arne J. Lyshol) 

For dei store grovfôrbaserte husdyrproduksjonane i Rogaland går talet på bruk ned, medan talet på dyr pr. bruk går opp.  Rogaland er stadig større på husdyrhald, spesielt på Jæren. Men for nokre dyreslag er det andre regionar som har flest dyr pr. bruk. Det finn vi ut ved å sjå nærare på enkelte av dei grovfôrbaserte husdyrslaga.

Rogaland stadig størst på mjølk
For mjølkekyr har det vore ein nedgang både i tal dyr og tal bruk  i perioden 2002 – 2011. Talet på bruk har gått ned med 43 prosent, og talet på dyr har gått ned med 16,5 prosent.  Samstundes har talet på dyr pr. bruk gått opp med heile 47 prosent, frå 18 til 27 mjølkekyr pr. bruk.

Jæren er klart størst på kumjølkproduksjon, både når det gjeld tal bruk, tal mjølkekyr  og tal dyr pr. bruk. Ser vi for eksempel på tal dyr pr. bruk hadde regionane Dalane, Ryfylke og Haugalandet alle rundt 20 mjølkekyr pr. bruk i 2011, medan  Jæren hadde 32 (figur 1). Haugalandet hadde nest flest bruk 2011. Med knapp margin var det Ryfylke som hadde nest flest dyr i 2011 etter Jæren. 

Figur 1. Utvikling i tal mjølkekyr pr. bruk i Rogaland i perioden juli 2002 – juli 2011.

Figur 1. Utvikling i tal mjølkekyr pr. bruk i Rogaland i perioden juli 2002 – juli 2011.

Rogaland er det største sauefylket
Talet på sau i fylket har vore relativt stabilt frå 2002 til 2011, men ein liten reduksjon på 0,7 prosent. Ser vi på tal dyr pr. bruk har det vore ein auke på nærare 25 prosent i perioden, medan talet på bruk med sau har gått ned med 16 prosent i perioden. 

Medan Jæren skil seg klart ut som størst i statistikken for mjølkekyr, ligg Jæren og Ryfylke tilnærma likt når vi ser på tal sau i fylket (figur 2). I heile perioden frå 2002 er det desse to regionane som har hatt størst tal dyr og bruk i fylket. Ser vi på tal dyr pr. bruk er det derimot Dalane som ligg på topp i heile perioden (figur 3).

Figur 2. Utvikling i tal sau i Rogaland i perioden desember 2002 – 2011.

Figur 2. Utvikling i tal sau i Rogaland i perioden desember 2002 – 2011.

Figur 3. Utvikling i tal sau pr. bruk i Rogaland i perioden desember 2002 – desember 2011.

Figur 3. Utvikling i tal sau pr. bruk i Rogaland i perioden desember 2002 – desember 2011. 

Utegangarsau viktig for landskapet
Talet på utegangarsau i Rogaland har auka betydeleg frå 2002 og fram til i dag. I 2002 var det berre litt over 300 registrerte utegangarsauer i fylket, medan talet i 2011 var auka til over 7 000. Her er det Haugalandet som har klart flest dyr, mens Jæren ligg på botn (figur 4). Dette har si logiske forklaring sett ut frå tilgang til beiteareal i utmark.

Figur 4. Utvikling i tal utegangarsau i Rogaland i perioden desember 2002 – desember 2011. Tala er henta frå søknad om produksjonstilskott. Merk at tala for desember 2011 er førebelse.

Figur 4. Utvikling i tal utegangarsau i Rogaland i perioden desember 2002 – desember 2011. Tala er henta frå søknad om produksjonstilskott. Merk at tala for desember 2011 er førebelse.

Kontaktperson: Linn Borsheim  tlf. 51 56 89 24.
 

Jæren framleis dominerande på svin og fjørfe

Rogaland har ein stor svine- og fjørfeproduksjon, og særleg på Jæren er produksjonen høg. Ser ein på utviklinga frå 2004 har dyretalet i fylket auka og Jæren dominerer framleis desse produksjonane.

Smågris

Smågris. (Foto: Arne J. Lyshol) 

Sidan dei konsesjonsfrie grensene auka med 50 prosent i 2004 har dyretalet for alle dei konsesjonsregulerte dyreslaga gått opp. Talet på bruk har gått ned for både eggproduksjon og slaktegrisproduksjon, medan talet på bruk med slaktekylling har gått opp. Jæren er framleis dominerande med klart flest dyr og bruk i alle produksjonane. 

Talet på produsentar med slaktekylling aukar
Det har vore ein monaleg auke i talet på slakta kyllingar i Rogaland dei siste åra. Frå 2004 til 2011 har talet på slakta kyllingar pr. år auka med 80 prosent (figur 1). Auken i tal bruk har og vore merkbar. Førebelse tal for 2011 viser ein auke i tal bruk på  over 40 prosent frå 2004. Talet på dyr pr. bruk har og auka med 26 prosent.

Jæren er dominerande både i tal bruk og dyr samanlikna med dei andre regionane. Førebelse tal for 2011 viser 79 bruk med slaktekylling på Jæren, medan regionen med nest flest bruk, Ryfylke, hadde 20 bruk. Ser vi på tal dyr pr. bruk, ligg derimot  Jæren og Ryfylke tilnærma likt, med rett over 100 000 slakta kyllingar pr. bruk. Haugalandet er regionen som er klart minst på kylling, med berre eitt bruk.

Figur 1. Utvikling i tal slakta kyllingar i Rogaland i perioden 2004 – 2011.

Figur 1. Utvikling i tal slakta kyllingar i Rogaland i perioden 2004 – 2011.

Merkbar auke i store bruk med  eggproduksjon siste året
Talet på verpehøner i Rogaland har gått opp med 10 prosent frå 2004 til 2011. I same periode har talet på bruk gått ned med 35 prosent. Resultatet er ein auke i bruksstorleik på over 70 prosent.

Nye burreglar frå og med 01.01.2012 har, særleg det siste året,  verka inn på utviklinga i denne produksjonen. Frå desember 2010 til desember 2011 er det ei klar vriding der ein stadig større del av produsentane har eit tal høner heilt opp til den konsesjonsfrie grensa (figur 2).

Figur 2. Utvikling i produksjonsstorleiken til eggprodusentar i Rogaland i perioden desember 2007 til desember 2011. Bruk med mindre enn 100 dyr er ikkje teke med.

Figur 2. Utvikling i produksjonsstorleiken til eggprodusentar i Rogaland i perioden desember 2007 til desember 2011. Bruk med mindre enn 100 dyr er ikkje teke med. (Fylkesmannen i Rogaland)

Jæren har i heile perioden 2004 – 2011 hatt flest høner (figur 3) og bruk med eggproduksjon.  Ser vi derimot på tal høner pr. bruk, ligg Ryfylke og Jæren relativt likt.

 

Figur 3. Utvikling i tal verpehøns i Rogaland i perioden desember 2004 – desember 2011.

Figur 3. Utvikling i tal verpehøns i Rogaland i perioden desember 2004 – desember 2011.

Rogaland størst på slaktegris
Talet på bruk med slaktegris har gått ned med nærare 30 prosent frå 2004 til 2011. I same periode har talet på dyr auka med 25 prosent (figur 4).Med andre ord har bruka blitt klart større.  Auken i tal dyr pr. bruk er på heile 75 prosent frå 2004 til 2011. 

Jæren er klart størst også i denne produksjonen. I 2011 var det over 400 bruk med slaktegris på Jæren, medan regionen med nest flest bruk, Haugalandet, hadde rett over 100 bruk. Samstundes viser førebelse tal for 2011 ei slaktemengd på opp i mot 300 000 dyr på Jæren, medan Haugalandet som nest største region i slaktemengd slakta opp i mot 70 000 dyr i 2011. Fordelinga på bruksstorleik er jamnare, der Dalane er regionen med flest dyr pr. bruk i 2011. Her kan fordelinga av kombinertprodusentar verka inn, då dei som driv kombinert ikkje kan slakte like mange dyr som reine slaktegrisprodusentar kan grunna dei konsesjonsfrie grensene.

Figur 4. Utvikling i tal slakta gris i Rogaland i perioden 2004 – 2011.

Figur 4. Utvikling i tal slakta gris i Rogaland i perioden 2004 – 2011.

Færre avlspurker i fylket
Talet på bruk med smågrisproduksjon har gått ned med over 30 prosent sidan 2004 (figur 5). I denne produksjonen har talet på dyr også gått ned med 3 prosent på fylkesbasis. Samtidig har talet på dyr pr. bruk gått opp med 44 prosent. 

Som for dei andre dyreslaga er det Jæren som har klar flest bruk med smågrisproduksjon og klart flest avlspurker. Når det gjeld bruksstorleik er det Ryfylke som ligg høgast med 51 avlspurker pr. bruk i 2011. Jæren ligg ikkje langt bak med 47 purker pr. bruk.  Som einaste region har Haugalandet hatt ein auke på over 50 prosent i tal dyr i perioden 2004 – 2011. Alle dei andre regionane har hatt ein nedgang i tal dyr. Haugalandet har og hatt ei dobling i talet på dyr pr. bruk i same periode. 

Figur 5. Utvikling i tal avlspurker i Rogaland i perioden 2004 – 2011. Tala er henta frå søknad om produksjonstilskott. Merk at tala for desember 2011 er førebelse.

Figur 5. Utvikling i tal avlspurker i Rogaland i perioden 2004 – 2011. Tala er henta frå søknad om produksjonstilskott. Merk at tala for desember 2011 er førebelse.

Kontaktperson: Linn Borsheim  tlf. 51 56 89 24.
 

Over 1000 bønder med i bekkelag på Jæren

Kven er betre til å følgje med på vasskvaliteten enn dei som bur langs bekken?

På Jæren er over 1000 bønder med i bekkelag. 

Bekkelag er ein viktig del av satsinga på betre vasskvalitet på Jæren, og er nyttige for å danne ei felles haldning mot forureining. Det er 44 bekkelag på Jæren og over 1000 bønder er med. Dei følgjer med og tek ansvar for vasskvaliteten i sitt vassdrag. Dei skal også hjelpe kvarande om det skjer uhell med gjødselkummar eller liknande. 

Bekkelaga blei i si tid etablert av landbruksforvaltninga i kommunane i samarbeid med Aksjon Jærvassdrag og prosjektet ’Frivillige tiltak i landbruket’.  Kommunane peika ut vassdraga og sende invitasjon til alle bøndene i nedbørsfeltet. Oppfølginga står prosjektleiarane i Frivillige tiltak i landbruket for, Olav R. Husveg og Olaf Gjedrem. Dei held årleg samlingar for bekkelaga. Her snakkast det om blant anna vassforskrifta, resultat frå vassprøvemålingar og kva som kan gjerast for å minske avrenninga frå jordbruket. På einskilde samlingar har også praktiske botndyrundersøkingar blitt gjennomført. Bekkelaga gir forvaltninga ein unik sjanse til å komme i direkte kontakt med næringa, og er viktige både faglig og sosialt. 

 
Lonavatnet og Figgjoelva

Lonavatnet og Figgjoelva (Foto: Roy Mangersnes)

Kontaktpersonar: Olav R. Husveg, mob: 416 90 317 og Olaf Gjedrem, mob: 930 63 697.

Til toppen