Huitfeldt:

– Tragisk for begge partar at det ikkje er etablert ein palestinsk stat

– Det har vore veldig spesielt å besøkje Israel og Palestina no, nøyaktig 30 år etter at Oslo-avtalen vart signert i Washington. Dette er ikkje eit nullsum-spel. Det er tragisk for både israelarar og palestinarar at det ikkje er etablert ein palestinsk stat, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Bilde av utenriksminister Huitfedlt stående i samtale med Ilaria Speri utendørs
Utanriksminister Huitfedlt i samtale med Ilaria Speri på kultursenteret Wonder Cabinet i Betlehem. Foto: Guri Solberg/UD

Utanriksministeren møtte 12.-14. september israelske og palestinske styresmakter i Tel Aviv, Jerusalem, Betlehem og Ramallah. I Israel møtte Huitfeldt mellom anna president Herzog og utanriksminister Cohen. I Palestina møtte ho mellom anna statsminister Shtayyeh og finansminister Bishara. Ho møtte også kulturarbeidarar og aktivistar.

– Dei israelske busetjingane et stadig meir palestinsk land. Volden aukar, særleg frå militante busetjarar. Det er også mangel på tillit mellom palestinarar og israelarar, men også internt i både Israel og Palestina, seier Huitfeldt.

Sjølv om det er vanskeleg å sjå for seg ein palestinsk stat i dag, gir tilnærminga som går føre seg mellom fleire land i Midtausten nye moglegheiter.

– Palestinarane må ikkje bli gløymde i normaliserings-prosessane som går føre seg i Midtausten. Vi har allereie sett kva moglegheiter dette har gitt for Israel. Det som vil bidra aller mest til at Israel for eit betre forhold til nabolanda sine, er ei rettferdig fredsløysing med palestinarane, seier utanriksministeren.

Under FN-veka i New York neste veke, vil utanriksministeren vere vert for eit møte i givarlandsgruppa for Palestina (AHLC). På dette møtet vil det delta ministrar frå fleire land, i tillegg til representantar frå Palestina og Israel.

– Arbeidet i AHLC er viktig for å betre situasjonen for palestinarane. Det er også viktig for å styrkje palestinske institusjonar som er nødvendige i ein framtidig palestinsk stat. Eg ønskjer at møtet i New York neste veke blir eit positivt bidrag, seier utanriksministeren.

Bilde av utenriksministeren stående i samtale innendørs med Israels utenriksminister
Utanriksminister Huidfeldt med Israels utanriksminister Eli Cohen, spesialrepresentant Hilde Haraldstad og ambassadør Per Egil Selvaag. Foto: Guri Solberg/UD
Bilde av utenriksminister Huidfeldt i samtale med Palestinas statsminister Mphammed Shtayyeh
Utanriksminister Huitfeldt i samtale med Palestinas statsminister Mphammed Shtayyeh. Foto: Guri Solberg/UD