Ida Wolden Bache utnemnt som sentralbanksjef

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Ida Wolden Bache er i statsråd i dag beskikka som sentralbanksjef og leiar for Noreg Bank sitt hovudstyre for ein periode på seks år. Ho har sidan 1. mars i år vore mellombels beskikka som sentralbanksjef.

– Ida Wolden Bache er veldig godt eigna som øvste leiar i Noregs Bank, ein institusjon som forvaltar viktige samfunnsoppdrag på vegner av oss alle. Ho har allereie fungert som sentralbanksjef i nokre veker og har fleire år bak seg som visesentralbanksjef, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Bache har brei kompetanse på alle bankens kjerneområde og god samfunnsmessig innsikt. Hun er cand.oecon. frå Universitetet i Oslo, har mastergrad i økonomi frå LSE i London og doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo. Bache har òg vore førsteamanuensis II på BI og seniorøkonom i Handelsbanken. I Noregs Bank har ho hatt ulike fag- og leiarstillingar. Sidan 2015 har ho vore ein del av toppleiinga i sentralbankverksemda, først som leiar av avdelinga for finansiell stabilitet og deretter pengepolitisk avdeling. I 2020 vart ho utnemnt til visesentralbanksjef med ansvar for oppfølging av sentralbankverksemda.

Bache har fungert i stillinga sidan 1. mars og vil formelt tiltre åremålet innan kort tid.