Kommunal- og distriktsministeren løftar arkitekturpolitikken

– God arkitektur er heilt sentralt for å skape attraktive og berekraftige byar og tettstadar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Regjeringa vedtok denne veka at Kommunal- og distriktsdepartementet får ansvaret for å koordinere den statlege arkitekturpolitikken.

Departementet inviterer i desse dagar dei andre departementa til å delta i ei arbeidsgruppe for arkitektur. Gruppa skal gjennomgå gjeldande politikk og verkemiddel for dei bygde omgivnadene og vurdere om det er naudsynt med betre samordning av statleg politikk eller nye statlege tiltak.

– Det er 13 år sidan den førre raudgrøne regjeringa la fram ein nasjonal arkitekturpolitikk «Arkitektur.nå», og det er på høg tid å sette arkitekturpolitikken høgare på dagsorden igjen. Vi legg no til rette for ein meir målretta og heilskapleg nasjonal politikk for dei bygde omgivnadene, seier Gjelsvik.

I Noreg har vi høge standardar for å sikre helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit i alt vi bygger. Mykje av det som blir bygd har difor god kvalitet. Men stadig blir utbyggingsprosjekt likevel kritiserte for at det blir teke for lite omsyn til stadskvalitetar og lokal byggeskikk, at bygga og områda er for lite varierte og at uteområda blir bygde med for låg kvalitet. Dette kan gi uheldige miljømessige og sosiale konsekvensar, ved å påverke mellom anna folkehelse, livskvalitet, ressursbruk og klimagassutslepp.

– Det er i hovudsak eit lokalt ansvar å sikre kvalitet i dei bygde omgivnadene. Samstundes gir lovverket og nasjonal politikk viktige rammer. Staten kan og bør vere ein pådrivar og inspirator for ein attraktiv og berekraftig by- og stadutvikling, seier statsråden. 

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for mange av dei sentrale politikkområda og verkemiddel som legg rammene for dei bygde omgivnadene. Dei siste par åra har departementet  blant anna jobba systematisk med å støtte opp om å styrke omsynet til berekraftig arkitektur i lokale plan- og byggesaksprosessar gjennom styrka merksemd og rettleiing.