Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1052 dyr for vågekval­fangsten i 2007.

Pressemelding

Nr.: 108/2006
Dato: 01.12.06
Kontakt: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen tlf. 99 54 00 33

Kvote for fangst av vågekval i 2007

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1052 dyr for vågekval­fangsten i 2007.

- Kvoten er like stor som i 2006. Men det er ein viktig skilnad. I 2007 vil det bli tillate å ta inntil 900 dyr i områda langs kysten, det vil seie i Nordsjøen, langs kysten frå Stad til Finnmark, i Barentshavet og ved Svalbard. Det blir ein auke på kring 300 dyr i desse områda samanlikna med i år, seier konstituert fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen. Resten av kvoten kan takast i sonen ved Jan Mayen.

Modellen som er nytta ved fastsetjing av kvoten er konservativ. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane meiner gir fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.

Kvoten for 2007 er samansett av ein årleg basiskvote på 955 og eit tillegg på 97 ufanga dyr frå fangsten i åra 2004 - 2006.