Statsbudsjettet 2023

Lågare skatt på vanlege inntekter

Regjeringa foreslår å redusere skatten på inntekter under 750 000 kroner med om lag 4,5 milliardar kroner. Det er ein del av regjeringas ønske om å dempe levekostnadene for vanlege folk og å gjere skattesystemet meir omfordelande. Dei med dei høgaste inntektene og høg formue må bidra meir, særleg gjennom auka skatt på aksjeinntekter og aksjeformue.

– Det er mange som har det krevjande med å få endane til å møtast. Derfor tek regjeringa fleire grep for å dempe levekostnadene for folk. Dette blir dekt inn gjennom at dei med sterkast rygg bidrar litt meir. Denne regjeringa vil prioritere folk med låge og vanlege inntekter i heile Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Personskatteopplegget er både sosialt og geografisk utjamnande. I tråd med Hurdalsplattforma foreslår regjeringa å redusere inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner og auke skatten for andre.

Ein familie med to lønsinntekter på 550 000 kroner vil med regjeringas forslag betale om lag 7 800 kroner mindre skatt i 2023 enn med 2021-reglane. Det er da lagt til grunn at løn er einaste inntekt, og at dei berre har standard frådrag, det vil seie personfrådrag og minstefrådrag.

Einslege forsørgjarar med låg inntekt er ei sårbar gruppe og kjem spesielt godt ut av regjeringas skatteforslag. Dei kan få inntil 11 500 kroner meir å rutte med på årsbasis ved at frådrag i skattesystemet blir lagt om til høgare barnetrygd. Omlegginga gjeld frå 1. mars neste år, slik at auken blir inntil 9 600 kroner i 2023.

Eit hovudgrep elles er å auke botnfrådraget i inntektsskatten (personfrådraget) med 14 850 kroner, ein auke på over 25 prosent på eitt år. Til samanlikning auka personfrådraget med 11 prosent i dei åtte åra 2013–2021 sett under eitt. Mens ein vanleg lønstakar betaler skatt på alminneleg inntekt av løn over 108 000 kroner i 2022, vil ein berre betale slik skatt av løn over 135 000 kroner i 2023.

– Auka botnfrådrag betyr mest for dei som har minst. Det bidreg til å utjamne forskjellar og treffer særleg godt i ei tid med brei og kraftig prisvekst, påpeikar finansministeren.

Regjeringa held fram med å redusere trygdeavgifta på løn, trygd og næringsinntekter. Med forslaget for 2023 vil avgifta vere redusert med 0,3 prosenteiningar sidan 2021. Det gjev mindre skatt og gjer det meir lønsamt å arbeide for personar med låge og vanlege inntekter.

Løftet i Hurdalsplattforma om å doble fagforeiningsfrådraget frå 3 850 til 7 700 kroner blir fullført, mens finnmarksfrådraget og reisefrådraget for pendlarar blir prisjusterte.

Personar med høge inntekter får auka trinnskatt på løn, trygd, pensjon og næringsinntekt. Samstundes foreslår regjeringa å auke skatten på aksjeutbyte og -gevinst med 2 prosenteiningar (inkludert selskapsskatt). Den auka skatten på aksjeinntekter betyr mest for dei med aller høgast inntekt.

Formuesskattesatsen blir auka frå 0,95 til 1,0 prosent (trinn 1). Eigarane av aksjar og næringseigedom vil framover få mindre rabatt i formuesskatten samanlikna med den faktiske marknadsverdien av desse eigedelane. Vanleg banksparing har ingen slik rabatt.

– I tråd med Stortingets skatteforlik frå 2016 og Hurdalsplattforma aukar verdsetjinga av aksjar og næringseigedom i formuesskatten til 80 prosent av marknadsverdi. Direkte eigde driftsmiddel blir skjerma ved at verdsetjinga av desse blir redusert frå 75 til 70 prosent. Det kan sjølvstendig næringsdrivande ha glede av, seier Vedum.

Den samla reduksjonen i inntektsskatten for personar er rekna til om lag 1,2 mrd. kroner i 2023 (påløpt). For dei endringane det er teknisk mogleg å fordele på inntektsgrupper, utgjer letten for personar med inntekt under 750 000 kroner til saman om lag 4,5 mrd. kroner, mens dei med høgare inntekt får 3 mrd. kroner auka inntektsskatt.

Formuesskatten aukar med om lag 2,4 mrd. kroner i 2023 (påløpt). Dette gjeld for dei 14 prosentane med høgast skattbar formue. Om lag 86 prosent av skattytarane betaler ikkje formuesskatt.

Les meir i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023, kapittel 1, 3 og 4.