Statsbudsjettet 2023

Meir til sjukehusa og døgnbehandling i psykisk helsevern

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår å auke driftsløyva til sjukehusa med til saman 2,7 milliardar kroner. 2 milliardar kroner skal gå til auka aktivitetsvekst, mens 700 millionar kroner går til auka grunnfinansiering. 150 millionar kroner av dette er øyremerka til fleire døgnbehandlingsplassar i psykisk helsevern.

Korrigert for effektiviseringskrav på 263 millionar kroner, foreslår regjeringa å auke driftsbevillingane til sjukehus med 2 437 millionar kroner i 2023.

– I eit stramt budsjett er det viktig å framleis prioritere sjukehusa. Regjeringa sikrar meir pengar til sjukehusa og døgnbehandling i psykisk helsevern med ei auke i driftsløyva til sjukehusa som ligg over snittet i årleg vekst frå år til år under førre regjering, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Eg er også glad for at vi kan gi meir pengar til døgnbehandlingsplassar i psykisk helsevern. Psykisk helse, særleg blant barn og unge, er ein prioritet for denne regjeringa. Dei som strever skal få hjelp.

Større økonomisk fridom

Regjeringa foreslår å auke løyva til sjukehusa. Dette skal gi ein vekst i pasientbehandlinga på omlag 1,5 prosent. Den demografiske utviklinga tilseier isolert sett ein aktivitetsvekst på 1,3 prosent.

Den auka grunnfinansieringa skal gi rom for vedlikehald, investeringar, beredskapsarbeid og betre intensivkapasitet. Den skal også sørge for auka døgnkapasitet i psykisk helsevern for barn, unge og vaksne.

Regjeringa vil gi dei regionale helseføretaka større strategisk handlingsrom gjennom auka rammefinansiering, og foreslår derfor å redusere andelen innsatsstyrt finansiering (ISF) av somatiske helsetenester fra 50 til 40 prosent, dette svarar til 8,5 milliardar kroner.

– Skal vere enkelt å prioritere rett

– Det er viktig for oss at sjukehusa får rom til å prioritere oppgåver som ikkje gir inntekter gjennom innsatsstyrt finansiering. Vi ønsker at det skal vere enkelt for sjukehusa og fagfolka å prioritere rett. Denne endringa kan også gjere det enklare å prioritere opp psykisk helse i forhold til somatikken, seier Ingvild Kjerkol.

Pandemien har ført til utsette behandlingar i sjukehusa, som det no blir jobba hardt for å hente inn. Det er regjeringa sitt mål at ventetidene ikkje skal auke i 2023. På sikt er regjeringa sitt mål at gjennomsnittleg ventetid skal vere under 50 dagar.

Nødvendig med omstilling

Etter at statsbudsjettet for 2022 vart lagt fram har ein høgare pris- og lønnsvekst gitt lågare realvekst i driftsløyva til dei regionale helseføretaka for 2022.

Kostnadsauken vert ikkje kompensert i 2023. Det høge kostnadsnivået vil påverke sjukehusøkonomien også i 2023.

For å tilpasse seg den økonomiske situasjonen må helseføretaka difor sette i verk omstillingstiltak. Helseføretaka må også vurdere om investeringsprosjekt som ennå ikkje er vedteke må bli utsett.