Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stortinget, 2. oktober 2007


Vi HARALD, Noregs Konge s t a d f e s t e r:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og sty­ring i tida etter siste melding.

Regjeringa fører framleis ein aktiv politikk for å styrkje FN, ikkje minst ved å delta i oppfølginga av tilrådingane frå reformpanelet i FN, som statsmi­nisteren leidde, om reformer av FN og bidrag til å styrkje arbeidet med konfliktførebygging og freds­bygging innanfor FN.

Ein viktig del av dette er å styrkje den norske deltakinga i FN-leidde operasjonar, og Regjeringa har derfor bidrege med ein betydeleg maritim kapasitet i den FN-leidde UNIFIL II-operasjonen i Libanon.

Krisa i Darfur representerer den største huma­nitære katastrofen i vår tid. Regjeringa ønskjer vel­kommen FN-vedtaket om å sende ein fredsstyrke med robust mandat til regionen for å beskytte sivil­befolkninga og den humanitære hjelpeinnsatsen. Ein har i samarbeid med Sverige tilbode eit ingeni­ørbidrag til den integrerte FN- og AU-operasjonen i Darfurprovinsen i Sudan.

Regjeringa legg vekt på at NATO framleis skal vere det viktigaste transatlantiske forumet for tryg­gingspolitikk og ein arbeider for å styrkje den poli­tiske dialogen i alliansen. Møtet for utanriksminis­trane i NATO i Oslo 26.–27. april i år markerte at Regjeringa legg stor vekt på å styrkje NATO.

I samband med NATOs utanriksministermøte i Oslo skreiv Noreg og Island under på ei avtale om utvida tryggingspolitisk samarbeid.

Noregs deltaking i stabiliseringsstyrken i Afg­hanistan – ISAF – er det viktigaste innsatsområdet når det gjeld våre bidrag til internasjonale opera­sjonar. Den militære innsatsen i Afghanistan er følgd opp med auka satsing på sivil gjenoppbyg­ging. Den norske bistandsinnsatsen er betydeleg. Noreg har også utplassert om lag 20 polititeneste­menn og juridiske rådgivarar som skal bidra til å byggje opp eit betre rettssystem i landet.

Regjeringa la fram sin nordområdestrategi i desember 2006. Strategien peikar ut vegen vidare for styrkt internasjonalt samarbeid og langsiktig nasjonal satsing i nord. Regjeringa er i gang med å gjennomføre fleire konkrete tiltak, blant anna inn­anfor kunnskap, ressursforvaltning, miljøvern, klima og næringsutvikling.

I det europapolitiske arbeidet har Regjeringa lagt vekt på meir openheit, styrkt dialog og større breidde. Nasjonalt europaforum er etablert for å fremje debatt også utanfor organa i Stortinget, og det er sett i gang halvårlege europautgreiingar som ei ordning som blant anna vil styrkje ordskiftet i Stortinget. Omfattande handlingsplanar blir lagde til grunn for det daglege arbeidet. Den nære kon­takten med EU og medlemslanda om norske inter­esser er vidareført. EØS-samarbeidet, klimaspørs­mål, nordområda og energipolitikk har stått høgast på dagsordenen.

Regjeringa har gitt utviklingssamarbeidet og kampen mot fattigdom høg prioritet. Målet om at bistanden skal aukast til 1 pst. av BNI, og at innsatsen deretter skal trappast ytterlegare opp, ligg fast.

Norsk økonomi er inne i ein kraftig høgkon­junktur. Sysselsetjinga har auka sterkt og arbeids­løysa har ikke vore lågare på nær 20 år. Høg pro­duktivitetsvekst, sterk oppgang i arbeidsstyrken og

 

tilstrøyming av arbeidskraft frå nye EØS-land har vore med på å dempe presset på kostnader og pri­sar.

Den økonomiske politikken til Regjeringa er basert på retningslinjene for ei gradvis og forsvar­leg innfasing av petroleumsinntektene i økono­mien. Den økonomiske politikken skal samtidig bidra til ei stabil utvikling i produksjon og syssel­setjing. I tråd med dette la Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett 2007 opp til å redusere det struk­turelle, oljekorrigerte underskottet med 3,2 mrd. kroner til 67,8 mrd. kroner. Bruken av oljeinntek­tene vil dermed vere om lag 3,5 mrd. kroner lågare enn den venta realavkastninga av Statens pensjons­fond – Utland.

Styringsrenta har i tråd med signala frå Noregs Bank gradvis blitt sett opp til eit meir normalt nivå og låg ved utgangen av september i år på 5 pst.

Krona har styrkt seg noko i inneverande år etter å ha svekt seg i andre halvår i fjor. I slutten av juli var kronekursen, målt ved konkurransein­deksen, 3,7 pst. sterkare enn ved årsskiftet, men 1,0 pst. svakare enn på same tid i fjor.

Regjeringa har medverka til ei ytterlegare styr­king av kommuneøkonomien i 2006 og 2007. Ein solid kommuneøkonomi er ein føresetnad for eit godt skoletilbod, gode barnehagar og ei verdig eldreomsorg.

Ved årsskiftet blei den differensierte arbeidsgi­varavgifta gjeninnført. Det gir distrikta ein avgifts­fordel på om lag 10 mrd. kroner årleg.

I 2006 fekk 11 500 fleire barn plass i barnehage. Regjeringa har lagt til rette for endå raskare utbyg­gingstakt i 2007. Løyvingane til barnehageformål er i 2007 auka med om lag 3,6 mrd. kroner.

Det har vore ei betydeleg økonomisk satsing på helsetenesta. Aktiviteten i sjukehusa har auka, først og fremst for pasientar som krev meir ressurskrev­jande behandling. Regjeringa har også sett i gang ei kraftig satsing for å få sjukmelde raskare tilbake i arbeid.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om tidleg innsats for livslang læring for å motverke sosiale skilnader til beste for den enkelte og for samfunnet.

Regjeringa la i november 2006 fram ei stor­tingsmelding om arbeid, velferd og inkludering med strategiar for betre inkludering av personar i utkanten av arbeidsmarknaden. Stortinget slutta seg til stategiane. Regjeringa har følgd opp stor­tingsmeldinga mellom anna med eit lovforslag om nytt kvalifiseringsprogram for personar med ned­sett arbeidsevne og lita tilknyting til arbeidslivet.

Regjeringa har sett i verk ein eigen handlings­plan for integrering og inkludering av innvandrar­befolkninga.

Soningskøen for fengselsstraff utan vilkår er redusert med over 1000 dommar sidan Regjeringa la fram avviklingsplanen for soningskøen i april 2006. Reduksjonen kjem etter at det i perioden 2006 – 2007 er vedteke å opprette 316 nye sonings­plassar. Det er vedteke lovendringar som utvidar bruken av alternative straffegjennomføringsformer og tilbodet til innsette om opplæring, bibliotek, fengselsprestteneste og helsetenester er styrkt. I 2007 vil det bli oppretta utdanningstilbod i alle feng­sel der det er formålstenleg.

I juni 2007 la Regjeringa fram ei stortingsmel­ding om norsk klimapolitikk. I klimameldinga går Regjeringa mellom anna inn for at Noreg skal for­plikte seg til å kutte dei globale utsleppa av klima­gassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990 innan 2020. Eit viktig bidrag for å nå dette målet vil vere å finansiere utsleppsreduksjonar i andre land. Samtidig legg Regjeringa vekt på at Noreg skal gå føre og sørgje for omfattande kutt i våre eigne utslepp. Innan 2050 skal Noreg redusere globale utslepp tilsvarande 100 pst. av våre eigne utslepp. Det vil gjere Noreg klimanøytralt.

Regjeringa har styrkt den langsiktige satsinga på miljøvennleg energi ved å opprette eit grunn­fond på 10 mrd. kroner, der avkastninga skal gå til engergieffektivisering og fornybar elektrisitet.

I desember 2006 la Regjeringa fram ei stor­tingsmelding om eit aktivt og langsiktig eigarskap. Prinsippa for korleis staten skal utøve eigarskap er omtalt mellom anna gjennom klare mål og forvent­ningar til selskapa. I samband med framlegginga blei det lagt fram nye retningslinjer for leiarløn­ningar for å sikre moderasjon i selskap der staten er eigar.

Strukturpausen i fiskeflåten er no oppheva. Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om

 

strukturendringane i fiskeflåten som Stortinget har slutta seg til. Endringane inneber særleg at det blir innført ei førehandsfastsett tidsavgrensing for strukturkvotar, både framtidige og allereie tildelte, og at kvotetaka i strukturordningane for kystflåten blir senka.

Regjeringa har prioritert breibandsutbygginga. Per 30. juni 2007 hadde breibandsdekninga nådd 98,3 pst.

Regjeringa gjennomfører Kulturløftet. Ei ny lov om det ansvaret offentlege styresmakter skal ha for kulturverksemda – kulturlova – tok til å gjelde 1. august 2007.

*********

Som eit resultat etter initiativ blant anna frå norsk side vedtok NATO-toppmøtet i Riga i november 2006 å invitere Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina til å delta i partnarsamar­beidet i alliansen.

Noreg har gått i spissen internasjonalt i arbeidet for kjernefysisk nedrusting og ikkje- spreiing og Regjeringa har teke initiativ til å styr­kje innsatsen innanfor NATO på dette området. Regjeringa er redd at planane om eit rakettskjold kan føre til nytt våpenkappløp og har arbeidd aktivt for at NATO avklarer alle sider ved dette spørsmålet.

Regjeringa har etablert eit nytt rådgivande utval for tryggingspolitikk, nedrusting og interna­sjonale utfordringar mot norsk tryggleik.

Samarbeidet med Russland har utvikla seg positivt – men det er framleis rom for vidareutvik­ling. Næringslivssamarbeidet fungerer bra. Det er etablert tilfredsstillande samarbeidsordningar for dialogen omkring vilkåra for eksport av fisk. Regjeringa arbeider spesielt med å styrkje næringslivsdimensjonen og energidialogen med Russland. Utanriksdepartementet vidarefører eit omfattande prosjektsamarbeid med vekt på atom­opprydding, miljøvern, helsesamarbeid, demokra­tiutvikling, ressursforvaltning og kunnskapssam­arbeid. Utvida kontaktar og ei fast haldning er vik­tig for å medverke til ei open og demokratisk utvikling i Russland.

Arktisk råd er den viktigaste organisasjonen for miljøsamarbeid i nord. Noreg har innleidd for­mannskapsperioden sin med å leggje vekt på behov for meir forsking på klimaendringar i Arktis og heilskapleg ressursutnytting. Eit formann­skapssekretariat er etablert for å effektivisere arbeidet i organisasjonen.

Implementeringa av finansieringsordningane under EØS-avtala har halde fram med same styrke som før. Dei første enkeltprosjekta er no slutt­førte. Støtte til den sosiale og økonomiske utvik­linga vil også bli gitt til Bulgaria og Romania fram­over.

I kontaktane mellom Noreg og EU har utan­riks-, helse- og utviklingspolitikk i aukande grad blitt sett i samanheng med migrasjonsutfordring­ane. Gjennom Schengen-avtala har ein, slik formå­let var, kunna ta hand om visumkoordinering, behovet for politisamarbeid i straffesaker og gren­sekontroll mot internasjonal kriminalitet og men­neskesmugling.

Organisasjonane OSSE og Europarådet er sen­trale fora for eit tett samarbeid i Europa og i arbei­det for menneskerettar, frie val og demokratiske institusjonar på eit meir integrert og stabilt konti­nent, som i dag strekkjer seg frå Atlanterhavet til Sentral-Asia. Regjeringa støttar mellom anna inn­sats for å fremje demokrati og godt styresett i SUS-området.

Regjeringa vidarefører arbeiet med å fremje dei samla norske interessene i WTO-forhandling­ane, mellom anna for å sikre nødvendige ramme­vilkår for aktivt landbruk i heile landet og for å bidra til at avtala styrkjer omsynet til interessene til utviklingslanda.

Regjeringa meiner at det ikkje er grunnlag for antidumpingvedtaka som EU har innført mot import av norsk laks. Desse tiltaka er derfor lagde fram til tvistebehandling i WTO. Panelrapporten vil vere offentleg i november. Dersom saka blir anka inn for ankeorganet i WTO, vil den endelege avgjerda tidlegast komme i april 2008.

Det er viktig at det blir ført ein heilskapleg politikk overfor utviklingslanda. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal vurdere i kor stor grad norsk politikk er samstemt på dette området.

 

Asia har i dag nokre av dei største og raskast veksande økonomiar i verda, samtidig som regionen også har land der den tryggingspolitiske situasjonen er ustabil og med store fattige folke­grupper. Utviklinga i Asia er vikig for Noreg.

Regjeringa la fram ein eigen Kina-strategi i august i år. Strategien legg blant anna vekt på sam­arbeid om dei globale miljøutfordringane. Noreg samarbeider med India i kampen mot barnedød.

Regjeringa presenterte i august ei plattform for ein heilskapleg Afrika-politikk og har lagt grunnlaget for aktiv innsats også i Vest-Afrika. Regjeringa har samla sett auka stønaden til utvi­klingstiltak på dette kontinentet, særleg innanfor helse, miljø og energi.

Regjeringa har introdusert programmet Olje for utvikling og bistår gjennom det med å etablere fornuftige forvaltningsregime for dei store petrole­umsressursane som finst i mange utviklingsland.

Regjeringa har framleis eit sterkt engasjement i ei rekkje konfliktområde. I konflikten på Sri Lanka har Regjeringa kontinuerleg kontakt med partane og er reie til å setje seg ned med dei straks dei måtte vere villige til å komme tilbake til forhandlingsbordet.

Noreg har teke på seg ei leiarrolle i arbeidet i den nyoppretta FN-kommisjonen for fred i det konfliktherja Burundi.

Religion spelar ei sentral rolle i mange av dei konfliktområda der Noreg er engasjert. Regje­ringa støttar dialog mellom religiøse leiarar i kon­fliktområda og tiltak internasjonalt for å bidra posi­tivt i forholdet mellom folk med ulike kulturelle og religiøse ståstader.

Regjeringa har halde fram med å styrkje den internasjonale innsatsen for å førebyggje humani­tære kriser. Regjeringa har lagt vekt på at utvik­lings- og miljøpolitikk, fredsskapande, fredsbyg­gjande og humanitære tiltak må sjåast i saman­heng for å førebyggje kriser og katastrofar som skaper liding og nød.

Krigen i Libanon i fjor og den humanitære krisa i Det palestinske området medførte ekstraor­dinær humanitær støtte til Midtausten. Samtidig er det gitt betydeleg humanitær bistand også til andre område der Noreg har spesielle føresetna­der for å bidra – som i Sudan, Afghanistan og Somalia. FNs nødhjelpsfond har motteke betyde­leg støtte og Regjeringa har halde fram med å styr­kje den særskilde oppgåva FN har i den internasjo­nale humanitære innsatsen.

Initiativet frå Regjeringa for eit forbod mot visse typar klaseammunisjon har no internasjonal støtte frå om lag 75 land og frå FN, Raude Krossen og frivillige humanitære organisasjonar, som resultat blant anna av internasjonale konferansar her i Noreg og i Peru.

Regjeringa har definert kvinner og likestilling som eitt av satsingsområda i bistandspolitikken. Kamp mot korrupsjon er avgjerande for kunne utvikle velfungerande statar. Regjeringa har derfor løfta fram dette som eit sentralt element i utvi­klingspolitikken.

Regjeringa har styrkt næringslivet si rolle i utviklingssamarbeidet, blant anna gjennom dialog om det  samfunnsansvaret bedriftene har og initia­tiv knytte til mikrofinansiering.

På klimaområdet bidreg Noreg gjennom utvik­lingssamarbeid til å oppfylle overordna målset­jingar som reduksjon i utslepp av klimagassar og tilpassing til dei klimaendringane som allereie er i gang.

Regjeringa har ført ein offensiv politikk når det gjeld det multilaterale finansieringssystemet. Sen­tralt her er arbeidet med innovative finansierings­mekanismar og sletting av gjeld. Regjeringa har vist veg i gjeldsslettespørsmål ved å slette gjelda frå skipseksportkampanjen.

Noreg har gjennom EFTA inngått ei handels­avtale med Egypt, og ei avtale mellom EFTA og Canada er ferdigforhandla. Det er også sett i gang arbeid med sikte på å inngå handelsavtaler med India, Kina og Russland.

Direktivet frå Europaparlamentet og Europa­rådet om tenester i den indre marknaden, teneste­direktivet, blei vedteke i desember 2006. Direkti­vet har vore på brei høyring, og høyringsfråseg­nene blir gjennomgått med sikte på eit best mogleg avgjerdsgrunnlag.

Eit nytt regime for hamnestatskontroll i fiske­ria blei vedteke i den nordaustatlantiske fiskeri­kommisjonen (NEAFC) i november 2006. Tiltaket

 

gjeld frå 1. mai 2007 og omfattar EU, Russland, Island, Færøyane, Grønland og Noreg.

Noreg har våren 2007 som eit av dei første landa i verda ratifisert den internasjonale ballast­vatnkonvensjonen. Noreg ligg i tet internasjonalt med å teste og utvikle nye metodar for reinsing av ballastvatn.

Ved utgangen av 2006 var verdien av Statens pensjonsfond – Utland på 1 783 mrd. kroner. Mar­knadsverdien av fondet har auka til 1 939 mrd. kroner fram til utgangen av 2. kvartal 2007. Fon­det blei i den same perioden tilført om lag 161 mrd. kroner. Regjeringa har eit langsiktig per­spektiv for forvaltning av petroleumsformuen og plassering av midlane i Statens pensjonsfond. Det er vedteke å auke aksjedelen i Statens pensjons­fond – Utland frå 40 pst. til 60 pst., noko som vil styrkje grunnlaget for å finansiere velferda i fram­tida samtidig som auken i risikoen framstår som moderat og handterleg. Det er vidare vedteke ei ny lov om Folketrygdfondet, som representerer ei opprydding i regelverket og synleggjer skiljet mellom formuesmassen Statens pensjonsfond – Noreg og Folketrygdfondet som forvaltar denne formuesmassen.

Oljeprisane har stige sidan i fjor haust, og spot­prisen på eit fat Brent Blend-olje var i juni 431 kr eller 13 pst. meir enn i siste kvartal i fjor.

Noregs BNI var i 2006 på 2 134 mrd. kroner. Det tilsvarer ein nominell auke på 9,8 pst. frå året før.

Verdiskapinga i Fastlands-Noreg, målt ved vek­sten i bruttoproduktet i faste prisar, auka med 4,6 pst. frå 2005 til 2006. Som ei følgje av nedgang i bruttoproduktet innanfor oljeverksemd og utan­riks sjøfart auka BNP i alt med 2,9 pst., dvs. noko mindre enn verdiskapinga i fastlandsøkonomien.

Frå 2005 til 2006 auka talet på sysselsette per­sonar med 65 000. Den sterke veksten i syssel­setjinga har halde fram i år. Både i 1. og 2. kvartal auka sysselsetjinga med om lag 19 000 personar.

Talet på arbeidsledige fall frå 4,6 pst. av arbeidsstyrken i 2005 til 3,4 pst. i 2006. Nedgangen har halde fram dette året, og talet på ledige utgjorde 2,5 pst. av arbeidsstyrken i 2. kvartal, det lågaste nivået på nær 20 år.

Sjukefråveret ligg no på om lag same nivå som i 2005. I første kvartal 2007 var fråveret 1,5 pst. lågare enn i tilsvarande kvartal året før.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit over­skott på 335 mrd. kroner i 2006. Det er om lag 53 mrd. kroner høgare enn i 2005. Noregs netto­fordringar overfor utlandet auka i 2006 med 374 mrd. kroner.

I første halvår i år var eksport- og importver­dien av tradisjonelle varer 14,9 og 17,4 pst. høgare enn i same perioden i fjor.

Konsumprisindeksen auka med 2,3 pst. frå 2005 til 2006, medan prisveksten utanom energi og avgiftsendringar berre var på 0,8 pst. I perio­den januar–august i år steig konsumprisane med 0,6 pst. samanlikna med den same perio­den i fjor, medan auken justert for avgiftsendrin­gar og utanom energiprisane (KPI-JAE) var på 1,4 pst.

Den totale petroleumsproduksjonen var på 249 mill. Sm3 oljeekvivalentar (o.e.) i 2006. Det er ein nedgang på 8 mill. Sm3 o.e. i forhold til 2005. Ned­gangen var i hovudsak innanfor olje, medan gass­produksjonen auka i forhold til tidlegare år. Olje, NGL og kondensat utgjorde 65 pst. av den samla petroleumsproduksjonen. Gassproduksjonen var i 2006 på 88 mrd. Sm3.

Eitt nytt felt, Ringhorne Øst, blei sett i produk­sjon i 2006.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2006 på 509 mrd. kroner. Det er ein auke i eksportverdien på 16 pst. frå året før. Netto kontantstraum til sta­ten frå petroleumsverksemda var på 355 mrd. kro­ner i 2006.

Den samla elektrisitetsproduksjonen var om lag 121 TWh i 2006, medan forbruket var om lag 122 TWh.

Noregs vassdrags- og energidirektorat og Olje- og energidepartementet gav nye vassdragskonse­sjonar som til saman vil kunne gi ein årleg produk­sjon på om lag 600 GWh. Av dette utgjer konse­sjonar til småkraftverk i overkant av 500 GWh. I til­legg blei det gjort vedtak om konsesjonsfritak for små vasskraftverk tilsvarande ein produksjon på om lag 120 GWh.

Olje- og energidepartementet stadfesta konse­

 

sjon til eit vindkraftverk i Ytre Vikna som vil kunne produsere om lag 870 GWh per år.

Staten og Statoil har inngått ei gjennom­føringsavtale om fullskala CO2-handtering på det planlagde kraftvarmeverket på Mongstad innan 2014. Eit testanlegg skal setjast i drift samtidig med oppstarten av kraftverket i 2010. Eit nyopp­retta statsføretak, Gassnova SF, skal ta hand om statens interesser som er knytte til fangst, tran­sport og lagring av CO2.

Ved tildeling i førehandsdefinerte område blei det i 2006 tildelt til saman 58 utvinningsløyve (i Nordsjøen, Norskehavet og i Barentshavet) til 38 selskap. Regjeringa har vedteke å utsetje den 20. konsesjonsrunden med eitt år, for å sikre at kost­nadseffektiv utforsking av dei umodne  områda på norsk sokkel skal halde fram.

Styra i Statoil ASA og Norsk Hydro ASA melde i desember 2006 at dei tilrår å slå saman petrole­umsverksemda i Statoil og Hydro. Stortinget slutta seg til samanslåingsplanane i juni 2007. Det er venta at samanslåinga blir gjennomført hausten 2007.

Omstillinga av forsvarssektoren er følgd opp i tråd med gjeldande langtidsplan. Men ein står overfor enkelte utfordringar for den delen av plan­perioden 2005–2008 som står att, spesielt når det gjeld tilpassing innanfor enkelte delar av drifta og tilpassing av ambisjonsnivået til dei økonomiske rammene.

I juni 2007 slutta Stortinget seg til eit framlegg frå Regjeringa om å gå til innkjøp av nye taktiske transportfly til Luftforsvaret.

Regjeringa har halde fram med å styrkje For­svarets innsats og nærvær i nordområda, blant anna ved å auke løyvingane til den operative verk­semda i alle forsvarsgreinene og i Kystvakta.

Regjeringa arbeider framleis aktivt for at allierte og andre nærståande land blir betre kjende med dei særlege utfordringane som utviklinga i nordområda stiller oss overfor i åra som kjem. Auka alliert treningsverksemd i Noreg, særleg i nord, er eit viktig tiltak i denne samanhengen.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding med tiltak som skal auke talet på kvinner i For­svaret. Desse tiltaka skal bidra både til å rekruttere fleire kvinner og til å motivere kvinnene til å bli i Forsvaret og til å få fram fleire kvinnelege leiarar.

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å ta vare på personell som har gjort teneste i interna­sjonale operasjonar, på ein betre måte.

For å styrkje samarbeidet mellom Forsvaret og industrien i Noreg, har Regjeringa lagt fram ei stortingsmelding der det blir presentert ein stra­tegi for dei næringspolitiske aspekta som er knytte til innkjøpa i Forsvaret.

Regjeringa har forsterka innsatsen for innova­sjon, næringsretta forsking og næringsutvikling. Den auka satsinga blir blant anna retta mot rom­verksemd, maritim FoU og det nye forskingspro­grammet Gassmaks. Regjeringa fremja våren 2007 forslag for Stortinget om deltaking i EUs ramme­program for konkurranse og innovasjon.

Regjeringa arbeider aktivt med forenkling for næringslivet, og la i januar fram ein eigen hand­lingsplan for elektroniske tenester til næringslivet.

Regjeringa har sett i gang arbeid med å utforme ein nasjonal strategi for reiselivsnæring­ane. Strategien blir utarbeidd i tett samarbeid med næringane og legg vekt på eit berekraftig reiseliv.

Regjeringa har begynt arbeidet med å utforme ein nasjonal maritim strategi som skal støtte opp om miljøvennleg vekst og utvikling i dei maritime næringane. Våren 2007 blei garantiramma for GIEKs byggjelånsgarantiordning auka frå 2,5 til 5 mrd. kroner.

Overvakingsorganet i EFTA godkjende i 2006 både nye distriktsretta og landsdekkjande såkornfond. Det er løyvd midlar til å opprette ti såkornfond. Seks såkornfond er operative og er no i ein investeringsfase. Det er valt forvaltarar til ytterlegare tre fond, men dei er enno ikkje operative fordi all privat fondskapital ikkje er på plass.

Regjeringa la i juni 2007 for første gong fram dokumentet ”Regjeringens eierpolitikk”. Doku­mentet gjer greie for forventningar og kva mål Regjeringa har for eigarskapen i dei enkelte sel­skapa. Formålet med det nye dokumentet er å bidra til større openheit og at statens utøving av eigarskap skal vere føreseieleg.

 

Regjeringa har gjort framlegg for Stortinget om å overta 30 pst. av aksjane i Aker Holding AS. Selskapet skal ha som formål å eige 40,1 pst. av aksjane i Aker Kværner ASA. Gjennom eit langsik­tig eigarskap i Aker Kværner ASA sikrar ein at industriell kompetanse innanfor petroleumsrela­tert verksemd blir utvikla i og leidd frå Noreg.

Ved utgangen av 2006 var verdien av den direkte eigarskapen staten har på Oslo Børs, 533,7 mrd. kroner. Det er ein auke på 106 mrd. kroner frå året før. Den delen staten eig av den bokførte verdien av dei unoterte selskapa med forretnings­messige målsetjingar var på same tid 64,1 mrd. kroner, mot 60,8 mrd. kroner året før. Det gir eit samla verdioverslag på 597,8 mrd. kroner for det staten eig i dei 26 selskapa med forretningsmes­sige målsetjingar.

Til grunn for trafikktryggleikspolitikken ligg det ein visjon om at det ikkje skal skje transportu­lykker med drepne eller hardt skadde. Regjeringa har intensivert innsatsen for auka trafikktryggleik. I 2006 blei 242 personar drepne i ulykker i vegtra­fikken, mot 224 året før. Hovudtendensen dei siste åra er likevel ein klar nedgang i talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken. Seks personar omkom i luftfartsulykker i 2006, og ein person omkom i jernbaneulykke.

Regjeringa har auka løyvingane til vedlikehald av vegnettet. Samtidig er fleire store vegprosjekt opna for trafikk.

Eit mål for Regjeringa er å styrkje kollektivtra­fikken både i byane og i distrikta. Som eit første steg for å styrkje kollektivtransporten i distrikta er det utarbeidd ein rettleiar om betre kollektivtran­sport i distrikta.

Regjeringa har lagt til rette for auka bruk av miljøvennlege transportmiddel ved å vidareføre arbeidet med premieringsordninga for betre kol­lektivtransport og mindre bilbruk i byområda, auka løyvingar til kollektivtransport, innføre omsetningskrav for sal av biodrivstoff og å redu­sere eingongsavgifta for E85-bilar. Det er i 2007 sett inn gassferjer på riksvegsambanda Mortavika – Årsvågen og Halhjem – Sandvikvåg på E139, noko som vil gi betydelege reduksjonar i utsleppet av klimagassar.

Jernbanetrafikken i Noreg er i kraftig vekst, særleg godstrafikken. Samtidig er løyvingane til jernbane auka betydeleg. I januar opna togsam­bandet Oslo – Stockholm igjen.

For Moss lufthavn, Rygge er det fastsett eit takstregulativ som balanserer omsynet til Østfold- samfunnet og Avinors evne til å oppretthalde ulønnsame flyplassar i Distrikts-Noreg.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposi­sjon om endringar i lov om elektronisk kommuni­kasjon.

Flyttinga av Post- og teletilsynet frå Oslo til Lil­lesand er no gjennomført. All verksemd som var i Oslo, skjer no i Lillesand.

Det er forhandla fram jordbruksavtale og rein­driftsavtale mellom staten og næringsorganisa­sjonane, som Stortinget slutta seg til i juni. Jord­bruksavtala fører vidare ei kursendring i land­brukspolitikken mellom anna ved å leggje til rette for ei nivåheving av inntektene og styrkje struktur- og distriktsprofilen på verkemidla. Samtidig blir velferdsordningane og miljøtiltaka styrkte vesent­leg. Reindriftsavtala inneber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på i alt 97 mill. kroner, utanom tiltak mot radioaktivitet, der dei viktigaste måla er å leggje til rette for auka omsetning av reinkjøtt og å stimulere næringa til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gitte rammer.

Stortinget vedtok i juni ny reindriftslov.

Regjeringa har med verknad frå 1. juli 2007 endra rammevilkåra for konkurransen i meierisek­toren og dermed lagt til rette for å sikre konkur­ransen framover.

Regjeringa har gjennom jordbruksoppgjeret 2007 sett av 20 mill. kroner over 5 år til eit utvik­lingsprogram for klimatiltak i jordbruket.

Regjeringa har lagt til rette for ei aktiv utnyt­ting av skogressursane gjennom auka statlege til­skott og reglar for bruk av midlar som er avsette i skogfond.

Evalueringa etter fjorårets alvorlege sjukdoms­utbrott som skuldast E. coli:103 i spekepølse, viste klare behov for forbetringar også hos styresmak­tene. Ei rekkje tiltak er sette i verk. Blant anna har Mattilsynet endra organisasjonsmodellen for å betre krisehandteringa og få ei meir effektiv opp­

 

gåveløysing i alle ledd i organisasjonen. Regje­ringa har sett i gang eit prosjekt i samarbeid med bransjen for å lage eit betre system for sporing i matkjeda.

I 2006 eksporterte Noreg sjømat for rekord­høge 35,6 mrd. kroner. Eksporten i 2006 auka med 3,8 mrd. kroner, eller 10,9 pst., i forhold til 2005. Oppdrettsfisk utgjorde for første gong største­delen av verdien av eksportert sjømat. I 2006 var oppdrettsdelen på 52 pst.

Arbeidet med å sikre marknadstilgangen for norsk sjømat til Russland har hatt høg prioritet hos norske styresmakter.

Arbeidet med gjennomgangen av konkurran­seforholda i havbruksnæringa har halde fram. På grunnlag av arbeidet i ei interdepartemental arbeidsgruppe har Regjeringa fremja ein konkur­ransestrategi for havbruksnæringa.

Regjeringa har utarbeidd ein ferskfiskstrategi som vil leggje til rette for å kunne utnytte endå betre det fortrinnet vi har ved å ha tilgang på fersk fisk av høg kvalitet og at vi ligg nær ein marknad som i stadig større grad etterspør denne vara.

Regjeringa la i september 2007 fram ei stor­tingsmelding om forvaltning av kongekrabbe i norske farvatn.

Hausten 2006 blei det gjennomført ei prøve­ordning med distriktskvotar i Nordland, Troms og Finnmark. Prøveordninga er vidareført for 2007 med mindre justeringar.

Overslag frå Fiskeridirektoratet for omfanget av russisk fiske i Barentshavet utover fastsette kvotar viser ein klar nedgang frå 2005 til 2006. For torsk var denne reduksjonen på 23 pst., for hyse på 55 pst.

Regjeringa har vedteke å opprette eit nytt fors­kingskonsern, NOFIMA AS. Omstruktureringa bidreg til at norsk fiskeri- og havbruksnæring og næringsmiddelindustrien, vil vere betre rusta til å møte ein stadig sterkare konkurranse på den inter­nasjonale marknaden, og at desse viktige distrikts- og kystbaserte næringane kan utviklast vidare.

Regjeringa har fokus på tryggleik til sjøs og på oljevernberedskapen. Som ei oppfølging av dette blei det opna ein trafikksentral for Nord-Noreg i januar 2007 som er lagt til Vardø. Denne trafikk­sentralen følgjer skipstrafikken i området, her medrekna oljetransporten frå Nordvest-Russland.

Etter tilslutning i sjøfartsorganisasjonen i FN blei det 1. juli 2007 sett i verk forskrift om trafikk­separasjonssystem og seilingsruter utanfor territo­rialfarvatnet på strekninga Vardø–Røst. Dette er eit viktig førebyggjande sjøsikringstiltak som vil vere med på å tryggje kysten og ressursane i havet.

Lønnsoppgjera i 2007 var mellomoppgjer, og partane kom i dei fleste oppgjera til semje i for­handlingane, og i enkelte område gjennom mek­ling.

Staten har i drøftingane med Norsk Pensjo­nistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisa­sjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne blitt einige om ei regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2007. I til­legg avtalte partane at staten i samarbeid med organisasjonane vil kartleggje utviklinga i levekår og inntekt for minstepensjonistane og unge uføre og vurdere moglege tiltak for desse gruppene som grunnlag for det ordinære budsjettarbeidet i Regjeringa.

Regjeringa har lagt fram nye tiltak for å mot­verke sosial dumping. På område med allmenn­gjorde tariffavtaler får oppdragsgivar eit utvida ansvar for å følgje opp lønns- og arbeidsvilkåra hos oppdragstakarane sine. Samtidig får tillitsvalde hos oppdragsgivar innsynsrett. I tilegg blir det foreslått innstrammingar i reglane for innleige av arbeidskraft.

Det er fastsett nye og betre reglar om id-kort for byggje- og anleggsbransjen, og korta vil kunne takast i bruk hausten 2007.

Nye reglar som lovfester at arbeidstakar har rett til å varsle, som styrkjer vernet mot gjen­gjelding og som pålegg arbeidsgivar å leggje for­holda til rette for varsling i verksemda, tok til å gjelde 1. januar 2007.

Nye reglar som presiserer og skjerper at verk­semdene har plikt til å følgje opp og leggje til rette for sjukmelde arbeidstakarar, blei sette i verk 1. mars 2007.

 

Regjeringa foreslår å erstatte dei to ordning­ane for yrkesskade vi har i dag, med éi felles ord­ning. Mange opplever dagens system som tung­vint. Eit opplegg for organiseringa av ei ny ord­ning er sendt på høyring.

Regjeringa arbeider kontinuerleg med å refor­mere pensjonssystemet i Noreg. Stortinget vedtok i april 2007 viktige prinsipp for ny alderspensjon i folketrygda. Ordninga med avtalefesta pensjon må tilpassast det nye pensjonssystemet i samarbeid og forståing med partane i arbeidslivet. Dette arbeidet har allereie begynt.

Eit offentleg utval har greidd ut og foreslått ein ny modell for uførestønad og ein ny modell for opptening og uttak av alderspensjonen for per­sonar som har motteke uførestønad.

Regjeringa la i juni fram forslag til ny utlen­dingslov.

Regjeringa har fremja ein tilleggsproposisjon for å styrkje saksbehandlingskapasiteten i Utlend­ingsdirektoratet, slik at restansane og saksbe­handlingstidene kan reduserast.

I juni 2007 oppnemnde Regjeringa eit utval som mellom anna skal førebu ei samla diskrimine­ringslov.

Frå 1. september blei norskopplæring for asyl­søkjarar gjeninnført. Dei kan no få inntil 250 timar norskopplæring.

Regjeringa oppnemnde i mai 2007 ein person­vernkommisjon som blant anna skal skape debatt om og foreslå tiltak for betre personvern.

Regjeringa arbeider aktivt med betre og foren­kla tenester for innbyggjarane. Den elektroniske sjølvbeteningsløysinga MiSide blei lansert 1. januar 2007, og talet på tenester aukar.

Regjeringa la i desember 2006 fram stortings­meldinga Eit informasjonssamfunn for alle, som fekk brei tilslutning i Stortinget.

Regjeringa har vedteke at det skal opprettast eit nytt direktorat for forvaltning og IKT.

Regjeringa har i samarbeid med tariffpartane sett i gang eit toårig forsøk med redusert arbeidstid (blant anna 6 timars dag) i fire statlege verksemder for å sjå om dette fører til høgare pensjoneringsalder.

Regjeringa legg vekt på å styrkje stillinga til forbrukarane i finansmarknaden og på bustad­marknaden. I samsvar med framlegg frå Regje­ringa vedtok Stortingen i 2007 ei ny eigedoms­meklingslov som skal styrkje forbrukarane sine rettar ved omsetning av fast eigedom.

Nye lover om verdipapirhandel og børsar som vil auke investorvernet og konkurransen er ved­tekne. Finansdepartementet følgjer opp tiltak for auka tryggleik ved bruk av nettbank, både når det gjeld risiko for feil og misbruk og når det gjeld ansvaret som kunden har for feil. Det er fastsett krav om betre informasjon til kundane om såkalla samansette spareprodukt.

Regjeringa har hatt på høyring nye føresegner mot terror og krigsbrottsverk.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gjen­nomgå regelverket for granskingskommisjonar.

Det er vedteke ei ny lov om samvirkeføretak. Den nye lova vil innebere at ein får eit klarare, enklare og meir tilgjengelig regelverk for samvir­keføretaka.

Regjeringa har fremja ein proposisjon der det blir gjort framlegg om ein ny regel i skadeserstat­ningslova om ansvar for skade valda ved korrup­sjon. Endringa gjennomfører Europarådets sivil­rettslege konvensjon om korrupsjon.

Det er vedteke endringar i finansavtalelova og kredittkjøpslova med forskrifter med sikte på at det skal opplysast om effektiv rente ved all mark­nadsføring av kreditt.

Etter framlegg frå Regjeringa vedtok Stor­tinget i desember 2006 utbygging av første trinnet i eit nytt felles digitalt nødnett for nød- og bered­skapsetatane.

Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) blei etablert 1. april 2007. DNK har ansvaret for å byggje opp det omfattande telekommunikasjons­systemet og skal eige og forvalte det nye nødnet­tet på vegner av staten.

Regjeringa har vedteke at det skal opprettast politiråd i kommunane. For å styrkje og vidareutvi­kle nærværet til etaten lokalt har Regjeringa ved­teke at det skal etablerast ei prøveordning i to poli­tidistrikt der ein skal få prøvd ut både grenseregu­leringar, offentlege servicekontor og politiråd.

Regjeringa har fremja forslag om å utvide til­gangen til registering i DNA-registeret.

 

Justisdepartementet har sett ned eit utval som skal greie ut om situasjonen for personar som har vore utsette for valdtekt.

Regjeringa presenterte desember 2006 ein ny handlingsplan: Stopp menneskehandelen 2006– 2009. Menneskehandel som har prostitusjon som formål, er det viktigaste innsatsområdet. Eit fram­legg om å kriminalisere kjøp av seksuelle tenester er sendt på høyring.

Regjeringa ønskjer å gi eit meir heilskapleg og samordna tilbod til barn som har vore utsette for overgrep. Regjeringa har derfor vedteke at det i 2007 skal etablerast eit ”Barnehus” i Bergen og på Hamar.

Regjeringa vil intensivere innsatsen mot over­grep mot barn mellom anna gjennom å førebyggje internettrelaterte overgrep. Regjeringa har følgt opp forslaget i Faremo-rapporten om at politiet skal setje i gang systematisk patruljering på nettet og at internettbrukarar får ein direkte rapporte­ringsknapp til politiet på nettsida.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke ei ny straffeføresegn som rammar vaksne som avtaler å møte barn med det siktemål å for­gripe seg på barnet (”grooming”).

I perioden 2004–2007 har det skjedd ei gradvis overføring av tinglysingsoppgåvene frå dom­stolane til Statens kartverk på Ringerike. Dei siste overføringane frå domstolane vil skje hausten 2007.

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneom­rådet har valt ut 11 pilotprosjekt, fordelt over heile landet frå Hamningberg i nord til Kristiansand i sør. I tillegg er det peikt ut tre plussprosjekt som får støtte i 2007.

Regjeringa har verna fleire område som lauv­skogreservat i Finnmark. Det blei også oppretta nye skogreservat, både som område med frivillig vern og i område på statsgrunn.

Det er oppretta ny skjergardspark i Vest- Agder. Det er i tillegg sikra 18 nye friluftsområde som i hovudsak er knytte til strandsona.

For å hindre tap av det biologiske mangfaldet er det utarbeidd nye handlingsplanar for utvalde truga arter. Ein nasjonal stategi med tiltak mot framande skadelege arter blei lagd fram i år.

For å sikre god miljøtilstand i norske vassføre­komstar har Regjeringa fastsett rammer for vass­forvaltning og ferdigstilt ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar for å styrkje vernet av laksen.

Handlingsplan for kystkultur for 2007–2010 set opp overordna og strategiske tiltak for å sikre ei god og målretta satsing på kystkultur. Dette er ei styrking av det samla arbeidet med kystkultur i Regjeringa.

Regjeringa har inngått avtale med Oslo kom­mune om eit langsiktig samarbeid for å betre miljø- og leveforholda i Groruddalen.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om miljøpolitikken og miljøtilstanden i riket.

Regjeringa har vedteke eit nytt regelverk for vassforvaltning i Noreg som vil sikre ei koordinert handtering av komplekse miljøproblem i vassdrag og i kystsona.

Regjeringa la i desember 2006 fram ei stor­tingsmelding om miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Regjeringa har lagt fram ein treårig handlings­plan for miljø- og samfunnsansvar ved offentlege innkjøp.

Regjeringa har lagt fram ei ny klimakvotelov for perioden 2008–2012. Kvotesystemet vil tildele langt færre vederlagsfrie kvotar til kvotepliktige bedrifter enn det EU-landa legg opp til, og det er såleis meir effektivt og meir i tråd med prinsippet om at den som forureinar, betaler.

Som ledd i klimapolitikken har Regjeringa foreslått eit forbod mot deponering av nedbrytbart avfall frå 2009.

Forum for etikk i kommunesektoren er opp­retta for å få fram forslag til tiltak som kan mot­verke uetisk åtferd. Regjeringa greier no ut lovend­ringar og vurderer andre tiltak som skal bidra til at kommunesektoren held ein høg etisk standard.

I oktober 2006 blei det inngått ei samarbeids­avtale mellom staten, KS og arbeidstakarorganisa­sjonane om kvalitetsutvikling i kommunesektoren. Målet med samarbeidet er å betre kvaliteten inn­anfor pleie og omsorg og oppvekst. Det blir også arbeidd med å redusere sjukefråveret i kommune­sektoren.

 

Regjeringa la i desember 2006 fram ei stor­tingsmelding som presenterte framlegg til oppgå­ver for dei nye folkevalde regionane.

Regjeringa la i juni 2007 for første gong fram ei hovudstadsmelding.

Det er frå juli 2007 innført ein varslingsregel i husleigelova for å redusere talet på utkastingar frå utleigebustader.

Regjeringa har vedteke nye energikrav for bygg. Dei tok til å gjelde i februar 2007 og inneber ei skjerping på 25 pst., noko som vil bidra til å redusere straumforbruk og klimagassutslepp.

For å sikre samordning av tenestetilbodet og betre ressursutnytting har Regjeringa slått saman Helse Sør RHF og Helse Øst RHF til eit nytt regio­nalt helseforetak, Helse Sør-Øst RHF.

Det er foreslått ein eigen ventetidsgaranti for barn og unge under 23 år som har psykiske lidingar og rusmiddelproblem.

Gjennom endring i bioteknologilova er det opna for å forske på embryonale stamceller, noko som på sikt kan gjere det mogleg å behandle fleire alvorlege sjukdommar.

Regjeringa har oppretta eit nytt Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helsetenesta. Rådet skal mellom anna gi tilrådingar om korleis pasi­entar skal få likeverdige tilbod.

Regjeringa har lagt fram stortingsmelding om utjamning av sosiale helseforskjellar, stortingsmel­ding om tannhelsetenesta, nasjonal helseplan, handlingsplan for betre kosthald blant folk, og nasjonale strategiar for miljø og helse for barn og unge, på kreftområdet, for diabetes, for kols og tobakksførebygging.

Regjeringa har sett ned eit lovutval som skal greie ut korleis ein kan sikre auka bruk av til­standsrapportar ved bustadsal.

Regjeringa har styrkt innsatsen mot fattigdom blant barn og unge gjennom ei løyving til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Regjeringa har lagt fram ein ny fireårig hand­lingsplan mot tvangsekteskap. Planen, som inne­held 40 tiltak, gir ein samla presentasjon av korleis Regjeringa vil styrkje og vidareutvikle innsatsen mot tvangsekteskap.

Regjeringa har gjennomført ei evaluering av barnebidragsreforma frå 2001, som viser at reforma i stor grad har verka etter intensjonen. Evalueringa er presentert for Stortinget i form av ei stortingsmelding, som blei behandla våren 2007.

Som eit ledd i kampen mot fattigdom har Regjeringa utvida barnetrygda frå 1. juli 2007 for gifte og sambuande foreldre som blir åleine om omsorga for barn fordi ektefellen eller sambuaren kjem i fengsel.

Regjeringa sende i mai 2007 utkast til ny ekteskapslov ut på høyring. Formålet med forsla­get er å sikre rettane til homofile og lesbiske, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering.

Kunnskapsløftet er ført vidare og omfattar frå hausten 2007 grunnskolen og første og andre trin­net i vidaregåande opplæring. Det er fastsett nye læreplanar i språk for minoritetsspråklege elevar.

Stortinget vedtok våren 2007 endringar i fri­skolelova og opplæringslova, blant anna med skjerpa krav for å starte og drive privatskole, om fag- og yrkesopplæringa og om gratis læremiddel i vidaregåande opplæring.

Det er oppnemnt eit utval som skal vurdere korleis fag- og yrkesopplæringa kan stå best mogleg rusta til å møte utfordringar i framtida. Det er også oppnemnt eit utval som skal sjå nær­are på spesialundervisninga og det statlege peda­gogiske støttesystemet.

Det er innført ei ordning med nye nasjonale prøver i grunnopplæringa.

Skolar med ungdomstrinn får hausten 2007 gratis frukt og grønt. Regjeringa vil samtidig prøve ut ulike ordningar med skolemat.

Det er sett i gang forsøk med utvida skoledag i elleve kommunar.

Regjeringa har utarbeidd ein strategi for kunst og kultur i opplæringa, ”Skapende læring”.

Frå 1. september 2007 har Noreg fått eit nytt universitet, Universitetet i Agder.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som med eit tidsperspektiv på 10–20 år skal vurdere tiltak for å sikre at strukturen ved universitet og høgskolar gjer dei skikka til å møte dei behova samfunnet har, og sikre ei god ressursutnytting.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposi­sjon om endringar i lov om fagskoleutdanning som mellom anna klargjer kva plasssering fagskoleut­danninga skal ha i utdanningssystemet. Stortinget vedtok revidert fagskolelov våren 2007.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposi­sjon om lov om studentsamskipnader som mellom anna skal gi klarare rammer for dei aktivitetane studentsamskipnadene kan drive med.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposi­sjon med forslag til lov om endringar i lov om uni­versitet og høgskolar. Forslaget følgjer opp kon­klusjonane frå det offentlege utvalet som har vur­dert lovfesting av akademisk fridom.

Regjeringa oppnemnde i 2006 ei medisinsk ekspertgruppe og eit uavhengig granskingsutval som skal følgje opp kreftsaka ved Rosenborg/ NTNU. Granskingsutvalet la fram innstillinga si i august 2007.

Forskingsinnsatsen er styrkt betydeleg. I 2007 er dei offentlege løyvingane til forsking og utvik­ling auka med 923 mill. kroner, og kapitalen i Fon­det for forsking og nyskaping er auka med 10 mrd. kroner.

Det internasjonale forskingssamarbeidet er høgt prioritert. Det er vedteke at Noreg skal delta i EUs 7. rammeprogram for forsking og teknolo­gisk utvikling. Noreg har inngått ei bilateral for­skings- og teknologiavtale med India.

Norske forskarar og institusjonar har ei sentral rolle i Det internasjonale polaråret. Noregs for­skingsråd har fordelt 288 mill. kroner til polarfor­sking i perioden 2007–2010.

Lov om behandling av etikk og ærleg framferd i forsking tok til å gjelde 1. juli 2007. Kunnskapsde­partementet har oppnemnt eit nasjonalt utval som skal granske uærleg forsking.

Regjeringa legg vekt på likestilling i høgare utdanning og forsking og har vedteke å vidareføre ”Komité for integreringstiltak – Kvinner i for­sking” i tre nye år.

Det er inngått kontrakt om eit byggjetrinn II for Kunsthøgskolen på området for den gamle Seilduksfabrikken på Grünerløkka i Oslo. Byggje­trinnet skal etter planen stå ferdig i januar 2010.

Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen av 1970 om tiltak for å forby og forhindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar. Kulturminnelova og utfyllande forskrifter er endra i tråd med forpliktingane i konvensjonen.

Det er etablert ei ny ordning for kulturtiltak for eldre, ”Den kulturelle spaserstokken”.

Det er i samarbeid mellom fleire departement lagt fram ein handlingsplan for kultur og næring.

Kvensk institutt er opna i Børselv i Porsanger kommune.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding der ein foreslår ei svært offensiv satsing på norsk filmpolitikk. Stortinget har slutta seg til framleg­get i meldinga.

Det er lagt fram ei stortingsmelding som foku­serer på kva rolle allmennkringkastinga spelar i eit demokratisk samfunn. Meldinga inneheld også ei omfattande drøfting av kva rolle kringkastingsme­diet spelar i ein digital tidsalder.

Forbodet mot privatdrivne gevinstautomatar blei sett i verk 1. juli 2007.

Ved avgjerder i EFTA-domstolen i mars og i Høgsterett i juni 2007 fekk staten medhald i at eineretten Norsk Tipping har til å drive speleter­minalar, ikkje er i strid med EØS-avtala.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om forbod mot prispåslag ved vidaresal av billettar til idretts- og kuturarrangement.

Det er vedteke ei lov om registrering av inn­samlingar.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om eit register for frivillig verksemd.

Det er i 2007 gitt tilskott til å opprette 26 nye frivilligsentralar.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om forholdet mellom staten og frivillig sektor.

Det er i 2007 fordelt 1 250 mill. kroner frå over­skottet i Norsk Tipping til idrettsformål og 416,7 mill. kroner til kulturformål. Av fordelinga til idrettsformål er det sett av 708 mill. kroner til idrettsanlegg, 352 mill. kroner til Norges Idretts­forbund og Olympiske komité, 125 mill. kroner til lag og foreiningar som driv idrett og fysisk aktivi­tet for barn og ungdom, og 65 mill. kroner til andre idrettsformål. Av midlane til kulturformål er det sett av 167 mill. kroner til Den kulturelle skole­sekken, 125 mill. kroner til frifond og 124,7 mill. kroner til kulturbygg.

Den norske kyrkja er prega av kontinuitet og vidareutvikling. Oppslutning og deltaking i kyrkje­lege handlingar held seg stabil. Ved sida av forny­ing og trusopplæring og det gudstenestlege livet og organisatorisk utvikling blir det lagt vekt på arbeid for religionsdialog.

Det er oppretta ei ny statleg tilskottsordning til istandsetjing av automatisk freda kyrkjer (middel­alderkyrkjene).

 

Gitt på Oslo Slott 28. september 2007

Under Vår hånd og riksseglet