Ekspertutval overrekker rapport om kosthald til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Omtrent 90 prosent av sjukdomsbyrda og om lag to tredjedelar av dødsfall i Noreg har bakgrunn i ikkje-smittsame sjukdommar som kreft, diabetes type 2, hjarte- og karsjukdom, demens og psykiske lidingar. Eit godt kosthald er ein av faktorane som førebygger dette.

Nett-tv Ekspertutval overrekker rapport om kosthald til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Ekspertgruppa blei nedsett av regjeringa for å lage ei utgreiing med konkrete forslag til kostnadseffektive tiltak som vil bidra til eit betre kosthald og som jamnar ut sosiale forskjellar i kosthaldet i Noreg. Fredag 5. januar 2024 la dei fram sine viktigaste funn til kva som skal til for at nordmenn skal velje sunne alternativ på matbordet.

Arrangementet blei filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og du kan sjå opptak av sendinga på denne sida. Her kan du også laste ned videofila. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no for eventuelle spørsmål. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.