Effektive kosthaldstiltak

Usunt kosthald er ei av ti store folkehelseutfordringar i Noreg. Eit usunt kosthald og for mykje energiinntak i forhold til energiforbruket over tid aukar risikoen for dei fleste ikkje-smittsame sjukdommar og det gir tap av helse og auka kostnader. Det er dokumenterte forskjellar i kosthaldet mellom sosiale grupper, kjønn og geografiske område.

Les dokumentet

For dei fleste av NCD-måla, som Noreg har slutta seg til, kjem Noreg relativt sett godt ut, men vi har ikkje greidd å stoppe ein auke i fedme og diabetes eller nedgangen i fysisk inaktivitet. Det er heller ingenting som tyder på at befolkninga vil nå målet i Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold i befolkninga om 20 prosent auke i bruken av grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk innan utgangen av 2023.

Tvert imot er det ein nedgang i forbruket, særleg for frukt og bær og fisk. Det trengst derfor meir kraftfulle tiltak for å stoppe den negative kosthaldsutviklinga i befolkninga.

Ekspertgruppa har valt ut fem prioriterte tiltak utan at dei er rangerte innbyrdes. Desse tiltaka er å innføre

  • gratis frukt og grønt til barn og unge
  • avgift på sukkerhaldig drikke
  • forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge
  • obligatorisk matmerking
  • reformulering og porsjonsstorleikar

Endring 7. februar 2024: Publisert rapport er oppdatert med rett versjon av søkedokumentasjon i vedlegg 3, samt korrekt bokstav.

Bilde av forsiden til rapporten "Effektive kosthaldstiltak"