Regjeringa foreslår meir pengar til ferje i 2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Grunna prisauke den seinaste tida, blir òg drifta av ferjer råka av høgare utgifter. Vi vel derfor å foreslå 285 millionar kroner meir til riksvegferjene slik at vi kan oppretthalde eit godt og viktig tilbod i heile landet. I tillegg vil fleire ferjer bli omfatta av ordninga med gratis ferje, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Forslaget om meir pengar kjem i ein tilleggsproposisjon til budsjettframlegget for 2023 og blei lagt fram i dag.

Ferjekontraktane blir indeksregulerte for å ta høgde for mellom anna endringar i drivstoffprisar over tid. Auken i utgiftene til å oppfylla ferjekontraktane har vore stor. Derfor foreslår regjeringa å auka løyvinga til riksvegferjedrift med 285 millionar kroner.

– Utan dette tillegget ville det blitt vanskeleg å oppretthalda ferjetilbodet på riksvegane i 2023. Ferja er livsnerven for mange, og er avgjerande for kvardagen til både folk og næringsliv i store delar av Noreg. Derfor gjer vi denne prioriteringa no, seier Nygård.

Fleire ferjer blir gratis

I budsjettframlegget for 2023 er det gjort framlegg om å utvida ordninga med gratis ferjer frå 16. august 2023, til også å gjelda ikkje trafikksvake ferjesamband til øyar og andre samfunn utan veg til fastlandet. Målsetjinga om gratis ferjer i Hurdalsplattforma vil med dette bli oppfylt.

– Denne regjeringa ynskjer at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Noreg. Vi tek ansvar og foreslår meir pengar til ferje neste år. Det vil gjere reisekvardagen både enklare og billegare for mange folk rundt om i landet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Nokre tidlegare båtruter er no omklassifiserte til ferjesamband. Dette blei ikkje fanga opp i budsjettframlegget, men no blir det gjort framlegg om å retta det opp. Sidan dette gjeld fylkesvegferjer, foreslår regjeringa å auke rammetilskottet til fylkeskommunane med 6,5 millionar kroner. Dermed legg regjeringa til rettes for at desse rutene og kan bli gratis:

  • Solfjellsjøen–Vandve i Nordland
  • Brønnøysund–Sauren–Stortorgnes i Nordland
  • Eidhaug–Gjerdinga i Trøndelag
  • Hvalerferja i Viken

– Vi følgjer sjølvsagt opp løfta våre og sørger for at ferjer som skal vere ein del av ordninga med gratis ferjer, blir det, seier samferdselsministeren.

For å dekkje inn utgiftene til begge desse ferjetiltaka, blir midlane til mindre investeringar på riksveg redusert med 241,5 millionar kroner. Det betyr at midlane til investeringar no i hovudsak vil gå til å dekkje utgifter i igangsette prosjekt. Vidare blir løyvinga til investeringar på jernbanen redusert med 50 millionar kroner.

For meir informasjon, sjå: