Statsbudsjettet 2023

Regjeringa innfrir ferjelovnadene i Hurdalsplattforma

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– For denne regjeringa er det viktig å redusere kostnadene for vanlege folk. I ei tid der mykje blir dyrare, prioriterer regjeringa å redusere levekostnadene til ferjereisande i heile Noreg. Vi sørgjer no for at ferjetakstane blir halverte, og innfører gratis ferje til øyar og samfunn utan veg til fastlandet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Som ein del av budsjettframlegget for 2023 foreslår regjeringa å bruke 420 millionar kroner til gratis ferje og til å redusere takstane til 50 prosent samanlikna med takstane 1. januar 2021. Dette kjem i tillegg til dei midlane som allereie blir brukt i dag til reduserte ferjetakstar. Sjå oversikta over kva for samband som no blir gratis nedst i pressemeldinga.

Om lag 290 millionar av desse kronene går til fylkesvegferjene, som blir fordelte over rammetilskottet over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Enklare å bu i distrikta

– Vi ønskjer å gjere det enklare å bu i distrikta. Det er viktig for denne regjeringa. For mange er ferja livsnerven i samfunnet. No foreslår vi altså å halvere takstane og å utvide ordninga med gratis ferjer. Det er eit viktig tiltak for å lette kostnadene for innbyggjarane, seier samferdselsministeren.

Takstendringane skal etter planen bli innførte 16. august 2023.

I budsjettet for 2022 er det løyvd midlar til å redusere takstane på alle ferjer med 30 prosent samanlikna med takstnivået 1. januar 2021. No blir altså takstane for den reisande reduserte med 50 prosent samanlikna med takstnivået 1. januar 2021. Dette gjeld alle ferjer som får offentlege tilskot.

Ved revisjonen av budsjettet for 2022 blei det sett av midlar til å innføre gratis ferje på dei ferjesambanda som hadde færre enn 100 000 passasjerar i året, og på delstrekningar på ferjesamband med fleire stopp som går til øyar og samfunn utan veg til fastlandet. I budsjettframlegget ligg det midlar til å vidareføre tiltaket, og til å utvide ordninga med gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan veg til fastlandet, som ikkje alt er gratis. Det er i hovudsak ferjesamband med over 100 000 passasjerar i året.

– Regjeringa jobbar for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Noreg. No aukar vi rammetilskottet slik at fylkeskommunane kan redusere ferjetakstane og innføre gratis ferje utan at det går ut over andre tenester. Det vil gjere reisekvardagen billegare for mange folk rundt om i landet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.  

Ein pendlar som kvar arbeidsdag reiser tur/retur med ferje mellom Molde og Vestnes i Møre og Romsdal med ein bensin-/dieselbil med AutoPASS-avtale vil spare om lag 18 000 kroner i 2023 samanlikna med det nivået som gjaldt i 1. januar 2021.

Rammetilskottet til fylkeskommunane har blitt auka fleire gonger dei siste åra, for å kompensere for gratis ferje og reduserte ferjetakstar. I 2023 er det sett av til saman 174,3 millionar kroner til ordninga med gratis ferje, og i tillegg kjem løyvingar til reduserte ferjetakstar.

Oversikt over dei ferjene regjeringa legg til rette for å gjere gratis

Fylke

Samband

Agder

Launes - Kvellandstrand

Møre og Romsdal

Aukra - Hollingsholmen

Møre og Romsdal

Brattvåg - Dryna

Møre og Romsdal

Edøya - Sandvika

Møre og Romsdal

Solholmen - Mordalsvågen

Nordland

Festvåg - Misten

Nordland

Forøy - Ågskardet

Nordland

Horn - Andalsvåg

Nordland

Sandnessjøen - Dønna - Løkta

Nordland

Søvik - Herøy

Rogaland

Mekjarvik - Kvitsøy

Rogaland

Vassøy

Troms og Finnmark

Stornes - Bjørnerå

Trøndelag

Levanger - Hokstad

Trøndelag

Ølhammeren - Seierstad

Vestland

Krokeide - Hufthamar