Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa foreslår skattelette for pensjonistar

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å redusere skatten på pensjon med nær 1,4 milliardar kroner. Pensjonistar med låge pensjonar får ein skattelette på inntil om lag 4 500 kroner kvar samanlikna med det vedtekne budsjettet. I tillegg ligg det an til ei rekordhøg pensjonsregulering.

– Pensjonistane vil få vesentleg meir å rutte med i år. Dei er prioriterte i regjeringas forslag til Revidert nasjonalbudsjett ved at pensjonistar med låg pensjon får inntil 4 500 kroner lågare skatt. I tillegg ligg det an til ei rekordhøg oppjustering av pensjonane i vår, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Frå 2022 vert pensjonane regulerte med gjennomsnittet av løns- og prisveksten. Med atterhald om drøftingsmøta med organisasjonane, ligg det an til ei kraftig oppregulering av pensjonane i år. Reguleringa vert høgare enn lønsveksten, og ho vert høgare enn ho hadde vorte med dei gamle reglane. Dessutan har einslege minstepensjonistar fått auka pensjonen med 4 000 kroner ekstra frå 1. januar etter at Ap, Sp og SV vart einige om det i budsjettet før jul, påpeikar arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Det vedtekne budsjettet inneber at dei som har pensjon under om lag 240 500 kroner ikkje betaler inntektsskatt, om dei ikkje har andre inntekter. Forslaget frå regjeringa no inneber at denne grensa aukar til om lag 250 350 kroner. I tillegg får pensjonistar med pensjon opptil om lag 373 650 kroner lågare skatt, der letten for dei med lågast pensjon blir om lag 4 500 kroner. Ingen pensjonistar får høgare skatt av forslaget.

Forslaget er rekna å redusere skatteinntektene med om lag 1 375 millionar kroner.

Les meir i Prop. 117 LS (2022–2023) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott), kapittel 2.