Statsbudsjettet 2023

Regjeringa prioriterer drift og vedlikehald av riksvegane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi står i ein ekstraordinær situasjon, med krig og energikrise i Europa, og stigande prisar. Derfor må regjeringa prioritere tryggleik og rettferdig fordeling. Det fører til ein avgrensa vekst i løyvingane til samferdsel. Vi har derfor valt å prioritere drift og vedlikehald av riksvegane. Slik sørgjer vi for å ta vare på det vi allereie har, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I budsjettframlegget for 2023 foreslår regjeringa å løyve 39,5 milliardar kroner til vegformål. Det er ein nedgang frå 2022-budsjettet på 376 millionar kroner. 33,4 milliardar kroner går til Statens vegvesen, 6,1 milliard kroner til Nye Vegar og 19,4 millionar kroner til Vegtilsynet.

Det vil framleis vere høg aktivitet og det vil bli bygd veg i heile Noreg. Vår viktigaste oppgåve er å fullføre dei prosjekta som er starta opp. Det er viktig at vi held rasjonell framdrift i både små og store prosjekt, seier samferdselsministeren.

Til dømes blir verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel, Rogfast, bygd i regi av Statens vegvesen. Sotrasambandet, Lysaker–Ramstadsletta og Sørbotn–Laukslett er andre døme på store vegprosjekt som treng mykje pengar kvart i år dei neste åra.

– Oppstart av nokre av dei største prosjekta som no er klare, blir derfor utsett. Eg veit at mange som har forventa oppstart av sine prosjekt blir skuffa, men vi må vere ansvarlege i den situasjonen vi er i no og ta dei vanskelege prioriteringane som trengst, seier Nygård.

Prioriterer drift og vedlikehald

Regjeringa foreslår å løyve om lag 9,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegar som Statens vegvesen har ansvaret for. Det er over ein milliard kroner meir enn for 2022. I tillegg kjem midlar til drift og vedlikehald i Nye Vegar sine prosjekt, som blir dekkja innanfor løyvinga til selskapet, og til OPS-strekningane (offentleg-privat samarbeid).

– I ei tid der vi må gjere vanskelege prioriteringar er det viktig at vi tek vare på det vi allereie har. God drift og godt vedlikehald av vegane våre er avgjerande for både folk og næringsliv i kvardagen. Den kraftige prisauken i samfunnet gjer at vi får stadig mindre for pengane. Med dette budsjettet sørgjer vi for at vi minst kan halde fram på dagens aktivitetsnivå, seier samferdselsministeren.

Oppstart av nye vegprosjekt

Regjeringa foreslår å løyve totalt 18,5 milliardar kroner til investeringar i riksvegar. Mykje av dette går til prosjekt som no er under bygging. Samstundes pågår det no arbeid med å gjere OPS-prosjektet E10/rv. 85 Hålogalandsvegen i Nordland og Troms og Finnmark klart for anleggsstart i tråd med tidlegare vedtak av Stortinget. Det legg til rette for at anleggsarbeida vil kunne starte opp i 2023.

Nye Vegar har førebels lagt opp til å starte opp følgjande prosjekt i 2023:

  • E6 Berkåk – Vindåsliane i Trøndelag (delprosjekt i E6 Ulsberg – Melhus)
  • E6 Storhove – Øyer i Innlandet (delprosjekt i E6 Moelv – Øyer)
  • E6 Sørelva – Borkamo i Nordland

– Sjølv om nokre av dei store prosjekta ikkje blir starta opp no, vil det vere midlar til nokre mindre prosjekt. Det er eg glad for. Vi må vere varsame med å starte opp for mange prosjekt, med tanke på faren for at økonomien kan bli overoppheta, seier samferdselsministeren.

Det kan bli starta opp arbeid på følgjande utbetringsstrekningar:

  • 70 i Møre og Romsdal
  • 80 i Nordland
  • 94 i Troms og Finnmark
  • 13 Skare – Sogndal i Rogaland og Vestland
  • E136 Dombås – Vestnes i Innlandet og Møre og Romsdal

Ferjer: Innfrir Hurdalsplattforma

Gjennom budsjettframlegget legg regjeringa opp til å innfri lovnadene om ferje i Hurdalsplattforma: Halverte takstar og gratis ferje i trafikksvake samband og til øyar og samfunn utan veg til fastlandet, frå midten av august.

– For regjeringa er det viktig å redusere kostnadene for vanlege folk. I ei tid då mykje blir dyrare, prioriterer regjeringa å redusere levekostnadene til ferjereisande i heile Noreg, seier Nygård.

Sjå eiga pressmelding om ferjer.

Tiltak mot sosial dumping i transportsektoren

Regjeringa har prioritert  40 millionar kroner til oppfølging av tiltaka i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren, som skal leggjast fram hausten 2022.

 Sjå eiga pressemelding om handlingsplanen.

 Oppgradering av vegtrafikksentralane

Regjeringa har prioritert 70 millionar kroner til å oppgradere vegtrafikksentralane for å sikre dei mot uønskte hendingar.

– Digital infrastruktur kan vere sårbar for feil og uønskte digitale hendingar. Å oppgradere vegtrafikksentralane er viktig for samfunnstryggleiken, seier samferdselsministeren.

Sjå eiga pressemelding om oppgraderinga.

Midlar til reduserte bompengetakstar

Regjeringa foreslår 600 millionar kroner til den opphavelege tilskotsordninga som går til å redusere bompengetakstar utanfor byområda. Dette gjeld prosjekt der bompengeopplegget blei lagt fram for Stortinget før 2016.

I tillegg sett regjeringa av 50 millionar kroner for å vidareføre fritaket i innkrevjinga av bompengar i sidebommane langs E6 mellom Kolomoen og Moelv i Innlandet. Prosjektet har i 2021 og 2022 fått tilskot for å dekke inn dei tapte bompengane ved at det ikkje blir kravd inn bompengar på sidebommane.

I prosjektet rv. 3/25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Innlandet er det ei prøveordning med halv takst på hovudveg og fritak i bommane på sideveg. Også i 2023 skal det vere fritak for bompengar på sideveg og halvert takst på hovudveg, noko som blir finansiert med bruk av utbetalte midlar frå 2021.