Statsbudsjettet 2023

Regjeringa prioriterer satsinga på attraktive og klimavennlege byar med god framkomme

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

- Vi kjenner alle til dei utfordringane vi no står overfor. Det er krig og energikrise i Europa, og vi har ein høg prisvekst. Som følgje av dette vil vi få mindre pengar dei næraste åra. Regjeringa ynskjer likevel å prioritere satsinga på attraktive og klimavennlege byar med god framkomme, og vi har funne rom for å auke løyvingane til byområda samanlikna med 2022, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår seks milliardar kroner til å følgje opp og vidareføre dei inngåtte byvekstavtalane i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og på Nord-Jæren. Her ligg det mellom anna ein auke i tilskot til kollektiv-, gang- og sykkeltiltak. For Trondheims-området er partane einige om å reforhandle byvekstavtalen, men det er ikkje aktuelt med eit auka statleg bidrag ut over det som ligg i gjeldande avtale.

I dette budsjettet vil regjeringa prioriterer midlar til ein ny byvekstavtale i Tromsø, dersom dei pågåande forhandlingane fører fram. Ein byvekstavtale for Tromsø vil legge til rette for grøne samferdselsval i Nord-Noregs største by.

For Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland og Nedre Glomma foreslår regjeringa 400 millionar kroner for å følgje opp belønningsavtalene.

Regjeringa har også satt av midlar til å vidareføre ei tilskotsordning til mindre byområde utanfor ordninga med byvekstavtalar. Det er sett av 30 millionar kroner som vil bli tildelt to-tre byområde som ei eingongsutbetaling. Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyene (Tønsberg, Sandefjord og Larvik) er omfatta av ordninga.