Statsbudsjettet 2023

Regjeringa utvidar ordninga for bygdevekstavtalar

Regjeringa føreslår å utvide ordninga med bygdevekstavtalar med 15 millionar kroner, til ei totalramme på 25 millionar kronar. Det betyr at fleire kommunar vil kunne delta i ordninga.

Regjeringa er oppteken av å prøve ut nye verkemiddel i distriktspolitikken. Rett før sommaren lyste departementet ut 10 millionar kroner til utvikling av bygdevekstavtalar. Avtalane er eit nytt distriktspolitisk verkemiddel, som skal bidra til busetjing, tilgang på arbeidskraft med rettkompetanse, og framtidsretta næringsutvikling i nokre av deimest spredtbygde områdane av Noreg. Avtalane skal mellom anna medverke til at ein nyttar eksisterande løyvingar og ressursar på tvers av sektorar og forvaltingsnivå på ein betre måte.

– Etter åtte år med Solbergregjeringa sin sentraliseringspolitikk, er det eit stort behov for nye grep i distriktspolitikken. Søknadsrunden syner stor interesse for bygdevekstavtalar og vi prioriterer derfor no at fleire kommunar skal kunne verte del av ordninga, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Bakgrunn

Det er allereie løyva 10 millionar kroner til bygdevekstavtaler i 2022. Søknadsfristen for desse midlane gjekk ut 30. september. Med løyvinga frå 2022 er det tidligare varsla at det skal veljast inntil fem prosjekt i to fylke, der Finnmark skal vere det eine. Dersom Stortinget sluttar seg til utvidinga gjer det mogleg for fleire prosjekt å starte sitt arbeid.
I fyrste omgang får kommunane midlar til å førebu ein bygdevekstavtale (fase 1). Dersom det vert inngått ein avtale med staten, vil kommunane kunne søke om midlar til å gjennomføre bygdevekstavtalane (fase 2).
I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å utvida ordninga med 15 millionar kroner, til ei totalramme på 25 millionar kroner.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no