Reglane om permitterte tilsette i private tenestepensjonsordningar held fram

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Finansdepartementet har i dag fastsett forskrifter som gir arbeidsgivarar høve til å bestemme at permitterte tilsette skal fortsette som medlemer i pensjonsordninga. Forskriftene fører vidare fleksibiliteten i handteringa av permitterte tilsette som til no har fulgt av dei mellombelse lovreglane som går ut 28. februar 2022.

– Regjeringa vil arbeide for eit trygt og godt arbeidsliv. Vi fører no vidare dei fleksible reglane for medlemskap i pensjonsordninga under permittering, slik at ordninga framleis er tilgjengeleg for dei bedriftene og arbeidstakarane som har behov for det. Sjølv om desse reglane opphavleg vart innført for å handtere permitteringar under pandemien, kan dei vere hensiktsmessige òg i meir normale permitteringssituasjonar. Vi vil derfor om kort tid sende på høyring eit forslag om å innføre slike lovreglar på varig basis, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Denne retten gjeld for arbeidsgivarar i privat sektor som har ordningar der tilsette i utgangspunktet skal bli meldt ut av pensjonsordninga dersom dei blir permitterte som følge av driftsinnskrenkingar mv. Arbeidsgivaren kan i tilfelle velje om dei permitterte tilsette framleis skal vere omfatta av forsikringsdekningane i pensjonsordningane.

Permitterte som ikkje får ført vidare forsikringsdekningane sine, får rett til å teikne ei eiga individuell forsikring (framhaldsforsikring). Dei tilsette som held fram som medlemer i pensjonsordninga, får fordelen av at det ikkje blir skrive ut pensjonskapitalbevis, og at arbeidsgivaren dimed betaler for administreringa og forvaltninga av dei tilsette sine pensjonsmidlar.

Les meir: