Skal utarbeide plan for bevaring av kyrkjer

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

No skal våre kulturhistoriske viktige kyrkjer setjast istand og sikrast. Regjeringa gjev Riksantikvaren, i samarbeid med Den norske kyrkja, i oppdrag å utarbeide ei fagleg tilråding om korleis ein nasjonal plan for bevaringsarbeidet bør innrettast.

– Kyrkjebygga er av dei fremste kulturminna vi har her i landet. Dei fortel om både materialbruk, handverkstradisjonar, ritual, førestillingar og arkitektonisk utvikling frå mellomalderen og fram til i dag. Å sikre desse bygga for framtidige generasjonar er derfor ei viktig nasjonal oppgåve, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

– Vi har fleire hundre kyrkjebygg i Noreg som det er viktig at vi tar vare på. Riksantikvaren sit på stor kunnskap om korleis vi best kan sikre denne kulturarven for framtida. Saman med Den norske kyrkja vil dei bidra til at regjeringa kan leggje fram ein god plan for bevaring av dei freda og verneverdige kyrkjene, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Kyrkjebygg er viktige i mange lokalsamfunn, og kyrkja har ein sentral plass i liva til folk. At kyrkja blir tatt vare på er noko mange er opptatt av. Derfor er det heilt avgjerande å ha ein god plan for arbeidet med istandsetjing og sikring.

– Eg er glad for at vi no skal få på plass ein plan for dette, som vil sikre både dei antikvariske og kyrkjelege behova. No får Riksantikvaren og Den norske kyrkja eitt år på å komme med faglege tilrådingar til departementet. Så skal vi gjere vårt i regjeringsapparatet for at vi tidleg i 2023 kan presentere ein samla plan for det vidare arbeidet med dei kulturhistoriske kyrkjene og for finansiering, seier Toppe.

Planen skal omfatta det som kallast kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Det betyr alle freda og listeførte kyrkjer i landet, uavhengig av eigarskap. Av dei om lag 1620 kyrkjebygga som tilhøyrar Den norske kyrkja, er cirka 220 kyrkjer freda og 750 er vurdert som verneverdige kyrkjer av nasjonal verdi – såkalla listeførte kyrkjer. I tillegg er det nokre få kyrkjer som er museumskyrkjer eller eigd av private eller stiftingar som Fortidsminneforeininga. Totalt dreier det seg om i underkant av 1000 kyrkjer.

I tråd med Stortingsmeldinga om Opplysningsvesenets fond og Stortingets vedtak i saka, skal staten auke innsatsen sin for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarar til dei verdiane som staten blir eigar av på eit gitt tidspunkt. Dette tidspunktet er satt til
1. januar 2023 og verdiane er tidlegare estimert til å utgjere fleire milliardar kroner.

Bevaringsarbeidet det no skal lagast ein plan for vil truleg måtte gå over ein lang tidshorisont. Kor lang denne tidshorisonten vil og bør vere, avheng av mellom anna marknaden og dei antikvariske fagmiljøa sin kapasitet og evne til å gjennomføre istandsettinga, og den årlege finansieringa frå både stat og kommune.

Les oppdragsbrevet.