Strammar kraftig til i straummarknaden

Regjeringa tar viktige grep for å sikre ein enkel og oversiktleg straummarknad for forbrukarane. Hovudmålet med endringane er å gjere straummarknaden meir forbrukarvennleg. Dessutan vil regjeringa at dei som ikkje følgjer forbrukarreglane skal miste moglegheita til å selje straum.

Bilde av Barne- og familieministeren og Energiministeren som sitter ved et bord og spiser vaffel
Foto: Eivind Windingstad Stensrud/Energidepartementet

– Ingen straumkundar skal føle seg lurt av selskapet dei kjøper straum frå. Derfor gjer me fleire innstrammingar for å trygge forbrukarane. Det skal blant anna bli lettare å trekke tilbake konsesjonen. Sluttbrukarmarknaden for straum har ikkje fungert godt nok, seier energiminister Terje Aasland.

Det har vore fleire saker der straumbransjen ikkje har tatt forbrukarane på alvor. Då Forbrukartilsynet gjennomførte ein tilsynsaksjon i fjor sommar, fann dei lovbrot i alle dei 20 største straumselskapa. Blant brota var manglande opplysningar i marknadsføringa, vesentlege brot på krava til prisliste og brot på krava til opplysningar om angrerett.

– Å selje straum er ikkje vanskeleg. Det bør heller ikkje vere vanskeleg å kjøpe. Når bransjen ikkje klarer å rydde i sal og marknadsføring, foreslår regjeringa derfor no strengare regulering og sanksjonar. Tiltaka skal blant anna gjere det lettare for straumkundane å finne gode straumavtalar og hjelpe til med å komme seg vekk frå dårlege straumavtalar, seier forbrukarminister Kjersti Toppe.

Straummarknaden skal bli meir oversiktleg for forbrukarane og det skal vere enkelt for forbrukarane å finne den beste straumavtalen for seg. Regjeringa foreslår derfor enda fleire innstrammingar, som ei fortsetting av den store oppryddingsjobben som starta for halvanna år sidan.

Det blir foreslått fleire endringar i energiloven for å sikre betre informasjon til forbrukarane. Blant anna blir forbrukarane sin rett til informasjon om varsel om endringar i avtalen lovfesta, og det blir strengare krav til informasjon om gebyr for å bryte avtalen. Det blir også innført ein nedkjølingsperiode på 24 timar ved sal av straumavtalar via telefonsal, dørsal, sal på stand og butikksal. Dette vil gi forbrukarane betre tid til å tenke seg om og samanlikne avtalar, og det vil redusere utfordringane ved koblingssal.

Dette blir stramma inn:

  • Auka moglegheit til å trekkje tilbake omsetningskonsesjon for kraftleverandøren ved brot på relevant regelverk. Reguleringsmyndigheita for energi (RME) får myndigheit til å ta omsyn til brot på avtalelova, marknadsføringslova og angrerettlova når dei vurderer om selskapa som sel straum skal miste omsetningskonsesjonen.
  • Forsterka krav til kva informasjon straumkunden skal få dersom avtalen som blir signert har krav om brotgebyr.
  • Nedkjølingsperiode på 24 timar før ein kunde kan seie ja til eit tilbod om straumavtale frå telefonsal, dørsal, sal på stand og butiksal.
  • Moglegheit til å seie opp avtalen dersom selskapet som sel straum gir seg sjølv anledning til å gjere einsidige endringar i avtalen som straumkunden taper på.
  • Forbrukartilsynet får heimel til å føre tilsyn med dei nye reglane i energiloven.