Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett 2019:

Styrking av Veterinærinstituttet

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Veterinærinstituttet med 30 millionar kroner.

Ekstraløyvinga skal gå til å oppretthalde regionalt nærvær i alle delar av landet, nye lokale for obduksjonssal i Tromsø, og dekke ekstraordinære kostnader.

Noreg har ein unik posisjon med god dyrehelse og lågt forbruk av medisinar.  Veterinærinstituttet skal utvikle kunnskap for nasjonal beredskap innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik.  Bionæringane har eit aukande behov for veterinærfagleg og forskningsfagleg kompetanse.

– Derfor er det eit mål å styrke Veterinærinstituttet og oppretthalde instituttets regionale einingar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Klimaendringane råkar dei arktiske områda og vi ser ein auke i reiseliv og transport av gods. Noreg har grense til Russland, som har ein meir usikker status for dyrehelse. Dette strekar under trongen for at Veterinærinstituttet er tilstades i nord-områda, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Veterinærinstituttet har fått ekstraordinære kostnader i samband med flytting av hovudkontoret til Ås, og auka pensjonspremiar. Omfanget av eksternfinansierte prosjekt er også redusert. For å oppretthalde regionalt nærvær er det trong for å styrke budsjettet.

Kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 20 millionar kroner til kompensasjon etter planlagt ny lov om forbod mot hald av pelsdyr. Produsentar som hadde pelsdyr 15. januar 2018, men som har allereie har avvikla,  kan få utbetalt kompensasjon i 2019. 

Landbruks- og matdepartementet har lagt fram for Stortinget forslag til en ny lov om forbod mot hald av pelsdyr. Det er foreslått ein avviklingsperiode slik at produsentar som hadde pelsdyr 15. januar 2018 kan halde fram med dette fram til 1. februar 2025. Det er foreslått at det skal bli gitt kompensasjon for tap av retten til å halde pelsdyr og at det skal bli gitt tilskot til omstilling. Stortinget vil truleg behandle saka i vårsesjonen. 

Dersom Stortinget vedtar lovforslaget, vil reglar for kompensasjon kunne vere fastsett omkring 1. oktober 2019. Nokre produsentar som hadde pelsdyr 15. januar 2018, har allereie avvikla, før lovforbodet trer i kraft. Desse kan få utbetalt kompensasjon i 2019. 

Sal av Staur gard i Stange

Regjeringa gjer framlegg om å avvikle selskapet Staur gard AS, og selje eigedomen Staur gard i Stange kommune.

Staur gard AS driv gjestegard, kurs - og konferanseverksemd i ein konkurranseutsett marknad.  Regjeringa meiner at det ikkje er oppgåve for staten å eige, drive eller leggje til rette for drift av kurs- og konferansehotell.

Regjeringa meiner at andre enn staten bør eige landbrukseigedomar, og at andre aktørar har godt høve til å skape positiv aktivitet på eigedomen. Ein ny eigar vil ha betre føresetnader enn eit statleg eigarskap til å vidareutvikle eigedomen.

Hovudbygningen på Staur er freda etter Kulturminnelova. Eigedomen sin  karakter og historie er gjennom dette godt ivareteke. Ny eigar vil ikkje kunne gjere inngrep som er i strid med fredinga.

Avlingsskade

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til erstatning ved avlingsskade med 525 millionar kroner . Dette skuldast at av totalt 15 000 saker frå avlingsåret 2018, vil 3 700 saker først bli behandla og utbetalt i 2019.

Til toppen