Revidert nasjonalbudsjett

Styrkjer kunnskapen om kraftmarknaden

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår 10 millionar kroner i auka løyvingar for å styrkje kunnskapen og kapasiteten til å analysere kraftmarknaden og energisystema. I tillegg skal det utviklast framtidige kraftmarknadsmodellar.

— Kraftsituasjonen gjennom vinteren viser at me treng meir kunnskap om samanhengane i kraftmarknaden og korleis Noreg blir påvirka av energimarknader i rask endring. Gode utgreiingar og analyseverktøy er avgjerande i arbeidet med å vidareutvikle den norske kraftforsyninga på kort og lang sikt, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Den aka løyvinga skal bidra til å styrkje analysekapasiteten og arbeidet med å utvikle kraftmarknadsmodellar i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), og bidra til gjennomføringa av nødvendige utgreiingar om kraftsituasjonen.

— Endringane i energimarknadene, blant anna med omlegging frå fossil til fornybar energi, påvirkar også kraftforsyninga i Noreg. Dette krev oppdatert kunnskap, og det foreslår vi no å løyve ekstra pengar til, seier Aasland.

Regjeringa har tidlegare varsla ein brei gjennomgang av årsaker til kraftsituasjonen i 2021 og 2022, risiko for liknande situasjonar dei komande åra og vurdering av tiltak for å redusere forbrukarane si sårbarheit for ekstraordinært høge straumprisar. Dette arbeidet blir delvis utført ved hjelp av eksterne utgreiingar. I tillegg blir det gjort utgreiingsarbeid i Energikommisjonen og Straumnettutvalet som vil gi viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget i kraftpolitikken framover.

Den auka løyvinga på 10 millionar kroner blir foreslått i samband med at regjeringa legg fram revidert nasjonalbudsjett for 2022.