Svar på spørsmål om å avrå næringsverksemd på ulovleg okkupert palestinske område

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Guri Melby (V) om regjeringa vil avrå handel, ressursutnytting og andre former for næringsverksemd på ulovleg okkupert palestinske område, som ikkje er i samsvar med interessene til palestinarane og som følgjeleg kan bidra til brot på folkeretten.

Skriftleg spørsmål nr 829 (2023-2024)
Datert 05.01.2023

Frå representanten Guri Melby (V) til utanriksministeren:

Vil regjeringen fraråde handel, ressursutnyttelse og andre former for næringsvirksomhet på ulovlig okkupert palestinske områder, som ikke er i samsvar med palestinernes interesser og som følgelig kan bidra til brudd på folkeretten?

Svaret frå utanriksministeren:

Eg deler den djupe bekymringa til representanten for situasjonen i Gaza, som ikkje kan omtalast som anna enn katastrofal for sivilbefolkninga. Altfor mange sivile er drepne og FN melder om overhengande fare for hungersnød i Gaza. Kombinasjonen av matmangel og elendige hygieneforhold gir grobotn for spreiing av smittsame sjukdommar. Med eit helsesystem i kollaps kan dette få katastrofale konsekvensar. Regjeringa har derfor vore klar på at kamphandlingane må stanse.

Eg er òg svært bekymra for tryggingssituasjonen på Vestbreidda. Situasjonen er svært anstrengd med skjerpa rørslerestriksjonar, auka busetjarvald, fordrivingar av mange palestinarar og valdelege samanstøytar mellom palestinarar og israelske tryggingsstyrkar.   

Regjeringa har i lang tid vore tydeleg på at den israelske busetjingspolitikken på okkupert land er i strid med folkeretten og må avsluttast. Dette er slått fast i ei rekkje resolusjonar frå FNs tryggingsråd, inkludert i resolusjon 2334 (2016). Regjeringa har derfor gitt klart uttrykk for at Israel på det grunnlaget må trekkje seg ut av eksisterande busetjingar og stanse utbygginga av nye. Noreg har òg vore klare på våre posisjonar knytt til utkastingar, husrivningar og busetjarvald. Regjeringa vedtok i 2022 å skjerpe skiljet mellom produkt produsert i ulovlege israelske busetjingar på okkuperte område og produkt produserte i Israel, ved å presisere at førstnemnde varer skal merkast.   

Noreg deltek aktivt i diskusjonar med andre likesinna land om korleis vi best kan utøve påtrykk overfor Israel knytt til busetjingane. Vi meiner at vi er best tente med å samarbeide med andre land, sidan eventuelle tiltak vil ha størst effekt dersom dei oppnår brei tilslutning. Det er ingenting som per i dag tyder på at andre land vurderer økonomiske verkemiddel. Vi vurderer situasjonen fortløpande og vil halde fram med å engasjere oss i diskusjonar med andre likesinna land om moglege tiltak knytt til dei ulovlege busetjingane. Vi vil òg halde fram med å kommunisere tydelege bodskapar til israelske styresmakter knytt til busetjingspolitikken.